Om nynorskbok.no

Nynorskbok.no er eit tilbod frå Nynorsksenteret (Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa). Mange lærarar spør oss om tips til gode, nye nynorskbøker dei kan bruke i skulen og tilrå for elevane sine, difor laga me denne vevsida. Sida inneheld ikkje bokmeldingar, men boktips, det vil seie tips til bøker som kan fungere godt for ulike lesargrupper. Dei nyaste tipsa ligg kronologisk på framsida, medan du i sidemenyen kan finne bøkene sorterte etter sjanger, emne og aldersgruppe.