Skribentarkiv: Nynorsksenteret

Jens Hansegård og Anders Nyberg: Verdas tøffaste dyr

verdas_toffaste_dyrUnderhaldande fakta om dyr som lever på verdas mest ekstreme plassar

Jorda er ein fantastisk planet. Her er alt frå glovarme ørkenar til iskalde polar. Her er det fjelltoppar som stikk opp over skyene, og hav som er mange kilometer djupe. Overalt tilpassar dyr seg – og overlever. Det finst insekt som frys til is om vinteren og tinar opp når det blir sommar. Det finst ormar som lever heile livet i nesten kokande vatn. Det finst til og med dyr som kan overleve ute i verdsrommet.

Møt verdas tøffaste dyr!

Les meir

Jens Hansegård og Anders Nyberg: Verdas mystiske stader

verdas_mystiske_staderBli med på ei reise til gåtefulle stader over heile verda!

På ei øy i Stillehavet står det store steinstatuar frå ein tapt sivilisasjon. Djupt nede i ein innsjø lever eit enormt udyr. Midt ute i ein ørken finst ein hemmeleg militærbase der romvesen har landa. Over heile verda er det mysterium. Med lettlesen tekst og detaljerte, spennande og morosame illustrasjonar er dette ei perfekt bok for nybyrjarlesaren og for alle som liker spenning og eventyr!

Les meir

Jens Hansegård og Anders Nyberg: Verdas rekordbok

verdas_rekordbokStørst! Farlegast! Raskast!

I denne boka er det mengder av spennande og morosame verdsrekordar. Her står jordas eigne rekordar i sentrum – frå stader og naturkrefter til dyr og vekstar: Det høgaste fjellet, det djupaste havet, den største vulkanen og det minste dyret – her er det samla!

Rekordane er imponerande, fortalde med spennande tekstar og illustrasjonar.

Les meir

Jens Hansegård og Anders Nyberg: Verdas forsvunne skattar

verdas_forsvunne_skattarVerda vår er full av gøymde og forsvunne rikdommar som ventar på å bli oppdaga.

Men vegane til dei forvunne skattane er mange og vanskelege. Ein må våge å utforske underjordiske gangar, hoppe over djupe fjellkløfter og unngå livsfarlege feller. Ein må kunne knekkje mystiske kodar og søkje i historiske dokument etter leietrådar. Men ein ting er heilt sikkert: Skattane finst der ute. Og dei ventar på å bli oppdaga.

Les meir

Bente Bratlund og Odd Henning Skyllingstad: Prompebroren

prompebrorenHar du nokon gong sagt noko som ikkje var heeeeilt sant? Det har Bea.

Bea er ny på skulen. Ein dag fortel ho dei nye klassekameratane om broren sin. Prompebroren. Alle vil høyre meir. Så Bea fortel ei forteljing til, og så ei til, og så endå ei forteljing om broren som prompar heilt utan kontroll.

Alle elskar forteljingane til Bea. Men det er eit problem: Bea har ikkje ein prompebror, ho har ikkje ein vanleg bror eingong. Og no vil klassekameratane møte prompebroren.

Les meir

Jens K. Styve: JensK Sesong 1

jensk_sesong1Etter femten år borte frå teikneseriar så er han meir produktiv enn nokon gong. Når Jens K Styve gjer noko, så er det oftast ikkje berre litt.

I JensK Sesong 1 er det magekjensle, intuisjon og inspirasjon som styrer skuta. Det vekslar frå einsidige vitsar, slapstick og poesi til mytiske karakterar, historiske rammer, biljakt og drap. Alt samla mellom desse permane med betraktingar frå kunstnaren sjølv inkludert. Laga ut frå teorien om at det som er gøy å laga kan bli gøy å lesa. Som han sjølv seier:

”Dersom det er berre halvparten så gjevande å lesa desse sidene som det har vore å laga dei, så skal eg prisa meg lukkeleg”.

Anja Dahle Øverbye: Hundedagar

HundedagarIfølge gamal folketru er hundedagane ei tid der det er spesielt varmt, alt grums frå vatnet flyt opp, mat rotnar, og hundar blir lettare galne. Det er på denne tida vi møter Anne, ei jente midt mellom barndom og ungdom.

Besteveninna Mariell blir dratt mot den litt eldre Karianne. Dei to nye veninnene er mest opptatt av kvarandre, og held Anne utanfor. Ho er for ung til å gå på ungdomsklubb, og for rastlaus til å finne andre ting å gjere. Kan ho bli vener med Mariell igjen? Og kva er ho villig til å gjere for å få det til å skje?

Barbro Lindgren og Olof Landström: Boka om Benny

Boka_om_BennyTo herlege bøker om veslegrisen Benny samla i éi! Barbro Lindgrens veslegris Benny er ein av dei tøffaste og mest elska grisene i barnebokverda.

I Neimen, Benny må Benny rømme heimanfrå når mor hans vil putte Veslenøff i vaskemaskina. Men kvar skal han bu då? Når det røyner på, kan det vere godt å finne ei grop å rulle seg i.

Les boka på sida til Nasjonalbiblioteket:
Neimen, Benny

I Jamen, Benny får Benny ein veslebror. Han ønskte seg det, men så går han fort lei. Heile dagen syg veslebroren på smokken sin, og Benny får ikkje smake. Men storebrør kan vel òg bruke smokk?
Les meir

Lars Mæhle: Bouvetøya 2052

Bouvetøya 2052Klima-thriller lagt til framtida.

Året er 2052. Startskotet går for tidenes heftigaste nett-reality, ein klimakonkurranse på isolerte Bouvetøya i Sørishavet.

Ein ungdom frå kvar verdsdel, kvar med sine unike eigenskapar, skal knive om enorme pengesummar. Dei skal vere offline i tre dagar, mens resten av verda kan følgje dei gjennom liveoverføringar. Men er Bouvetøya 2052 verkeleg ein sjanse til å endre planetens framtid? Mot si vilje blir den norske aktivisten Roland vikla inn i eit spel på liv og død.
Les meir

Rune Belsvik og Kari Stai: Kjendisen

kjendisenAlle dei vaksne i Tullevik gler seg til at den populære kjendisen skal komma til bygda og synga for dei. Men det er berre Mo som veit at kjendisen har ramla ned i ei bratt grop i skogen og verken har mobil eller nokon til å hjelpa seg. Dette skal han visa til Unn, som han er så innmari forelska i!

Kjendisen er Rune Belsvik på sitt beste. Umiskjenneleg, spennande, varm og hylande morosam.

Boka finst også som lydbok.