Skribentarkiv: Anne Marta Vinsrygg Vadstein

Maria Parr: Keeperen og havet

Ytterdøra vår small så det rista i heile huset, og så følgde eit frykteleg brak og roping. – Søren salte!

Slik startar Keeperen og havet. Med futt og fart, i det ytterdøra smell etter Lena så familien Danielsen Yttergård er usikre på om det er ein naturkatastrofe som har råka dei, eller om det er Lena Lid som har kome heim frå ferie. Det er som om det var i går vi møtte Lena og Trille sist, i boka Vaffelhjarte. Vi kjenner saltvasslukta frå Knert-Mathilde med ein gong når Lena brasar inn i gangen med heile sitt energiske vesen og er tilbake. Endeleg tilbake!
Les meir

Anna R. Folkestad: Besta og Bo. Plommeproblem

Plommeproblem er den tredje forteljinga om Besta og Bo, og no handlar det om å kle seg ut. Besten og Bo har kostyma klare, men Besta lurer veldig på kva ho vil kle seg ut som. Til slutt landar ho på at ho vil vere eit plommetre! Ho leitar fram brune og grøne klede, og saman med Bo går ho ut for å plukke plommer. Men som i dei andre forteljingane om Besta og Bo skjer ikkje alt som venta. I treet heng det nemleg eit vepsebol med nokre svært hissige innbyggjarar. Her er det best å søkje dekning. Korleis går det då med utkledningsfesten, skal tru?

Les meir

Bokbussen

bokbussenBokbussen RAUD, Bokbussen BLÅ og Bokbussen GRØN
GAN Aschehoug
Målgruppe 1.-4. trinn

Bokbussen inneheld til saman 80 nyskrivne småbøker til støtte i leseopplæringa. Bøkene vert leverte i tre solide øskjer med lok: Bokbussen RAUD, Bokbussen BLÅ og Bokbussen GRØN. Desse er fine å ha på klasserommet, som eit lite bibliotek i seg sjølv.

Les meir

Mats Wänblad: Slik funkar det! Heime og rundt omkring

Slik funkar detIllustrasjonar av Björn Bergenholtz, Anders Nyberg, Kjell Thorsson og Filippa Widlund
Omsett av Øystein Rosse

Er du ein av dei som lurer på korleis eit trådlaust nettverk fungerer, korleis ei induksjonskokeplate vert varm, eller korleis ein oppbevarte mat før frysaren fanst? Eller er du kanskje ein lærar som skulle ønskje at det fanst ei bok som forklarte alle desse tinga og mykje meir, som eit supplement til læreboka? Slik funkar det! Heime og rundt omkring er ei underhaldande bok om korleis mykje av det nødvendige i kvardagen fungerer og heng saman.

Les meir

Kari Stai: Jakob og Neikob. Naboen

Jakob og Neikob. NaboenJakob og Neikob er bestevenner og bur i lag på ein bakketopp.
Jakob seier JA til alt, og Neikob seier NEI til alt.

– Ei ny bok om Jakob og Neikob? Denne boka har vi lese før, hevdar min vesle lesevenn. – Nei, sjå nærare, seier eg. Vi ser nøye på framsida i lag, på dei to figurane som sit på graset og ser på det oransje huset med det spisse taket. – Det ser ut som om nabohuset ser på dei også, utbryt fireåringen. – Eg lurer på kven som bur i huset. Les då!
Les meir

Rolv Brimi og Aslak Brimi: Nå skal eg sulle

Nå skal eg sulleSullar – stubbar – regler
Illustrert av Linda Gytri
Ta:lik 2016

Dette er ei samling med rundt hundre små songar og regler frå Gudbrandsdalen, samla av Rolv Brimi og Aslak Brimi. Boka passar for foreldre, besteforeldre, barnehagetilsette, lærarar eller rett og slett dei som er glade i song. Dei fleste songane i boka er songar for barn: bånsullar, skjemteviser og andre barnesongar, medan andre er knytte til seterlivet eller arbeidssongar. Vi finn også regler om kroppen, tærne, fingrane og om å telje.
Les meir

Anders Totland: Engel i snøen

Engel i snøenDen kvite boka med blå, lette snøfnugg ligg godt i handa. Midt i snøveret er ein dobbel lyktestolpe. Eg tenkjer at stolpen er så høg og tynn og lurer på kvifor Rune Markhus har teikna akkurat dette på framsida. Så snur eg boka. Der er den same, høge tynne stolpen, men med ein medisinpose og ein lang slange hengande frå toppen, og teksten: «Det er vinter, og det snør, men ikkje alle er ute og leikar i snøen». Slik er livet, og slik er denne boka. Engel i snøen er ein vakker, lettfatteleg og sterk roman om kor brutalt og kontrastfylt livet kan vere. Men boka er også lågmælt og varm, og skildrar vennskap og samhald som lyser opp sjukehuskorridorane.
Les meir

Christian Wiik Gjerde: Jakta på firkløveren

Jakta på firkløverenPå ei øy uti havgapet er det ikkje flust av leikekameratar, men Jens og Alvar har kvarandre. Dei er bestevenner og er saman støtt. Dessutan har dei Gulla som eig krambua, ho med det lilla håret, dei mjuke klemmane og den trillande latteren. Det er sommarferie og skulefri, og Alvar og Jens badar, leitar etter firkløver og drikk saft av «høghæla glas». Og ventar. Dei ventar på den nye guten som skal flytte inn i Kråkeslottet, og dei gler seg til å få ein ny leikekamerat.

Flyttebilen kjem, stappfull av ting og tang, og med tiåringen Magnus, far og bestefar. No må det berre bli trippelt så kjekt, tenkjer Alvar og Jens.

Les meir