Jo Salmson og Jimmy Wallin: Hjelp! Eit spøkelseshus

Tenk om du og klassen din skulle besøkje eit spøkelseshus, ete grøn gugge og høyre om ei skummel spøkelsesslekt. Tenk deg at du i tillegg er veldig redd for spøkelse. Då er det ikkje berre berre. Slik er det for hovudpersonen i denne forteljinga. Skal tru korleis dagen vert?

Lin Hallberg og Jonna Björnstjerna: Den magiske dyrebutikken – Ester lengtar

Ester er ny i byen og kjenner ingen. Utanfor vindauget ser ho ein gut med ein hund, og kjenner at det hadde gjort alt betre om ho hadde hatt eit dyr å vere glad i. Ho finn vegen til Den magiske dyrebutikken. I butikken er det både papegøyar, blekksprut og ein antilope. Kva for eit dyr skal ho velje?

Ester lengtar er ei eventyrleg og magisk lita forteljing om det å få eit dyr.

Lars Mæhle og Monica Egeli: Gjett ordet med Lurivar. Første ord.

Kjenner du Lurivar? Han elskar ord og går gjerne på jakt etter nye ord og formuleringar. I denne boka får lesaren vere med på å leite etter eit ord som Lurivar tenkjer på. Mellom sprelske sprang og lure blikk gir Lurivar stikkord som kan setje lesaren på sporet av svaret.

Malin Hellebø og Camilla Kuhn: Dyras beste sjekketriks

Heile 14 dyr sine sjekketriks vert presenterte i ord og bilete i denne boka, på energisk og humoristisk vis. Både insekt, amfibiar og pattedyr vert skildra, og boka er ein underhaldande og kunnskapsrik inngang til den merkverdige dyreverda.

Vegard Markhus: Det runde problemet

Robert kjenner på seg at alt ikkje er slik som det skal vere. Alt er berre rot. Ikkje høyrer han fuglesongen eller vekkarklokka. Ikkje ser han rotet rundt seg eller blåfargen på himmelen. Det er noko viktig som manglar, han kjem berre ikkje på kva det er.

Annika Lundholm Moberg: Raketten

Parva har superfantasi og kjem stadig på nye historier å fortelje eller idéar til prosjekt som kan setjast ut i livet. Det er berre eitt problem: Ho har lyst til å vere venn med Bea, og Bea likar ikkje slikt.

Pia Strømstad og Ella K. Okstad: Heksa Galla

Heksa Galla er ei forrykande bok om ei heks utanom det vanlege. Ho hevdar til dømes at ho er fryktlaus, men er eigentleg redd mange ting, som vatn, syngjande monster, tannbørsten sin og mørkeret. Men mest av alt er Galla redd born.

Pia Strømstad og Trond Bredesen: 10 ville ekspedisjonar

Det er ein grunnleggjande menneskeleg lengsel etter å flytte grenser og finne svar. I boka får vi høyre om sju menn og tre kvinner som kvar på sitt område var banebrytande oppdagarar, forskarar eller ekspedisjonsleiarar.

Jan-Magnus Bruheim: Trollguten og andre dikt

Jan-Magnus Bruheim var gjennom heile diktarlivet oppteken av å skrive for born. Trollguten er ei samling barnedikt utgjeven i samarbeid mellom Samlaget og Vennelaget Jan-Magnus Bruheim. Dikta er frå 1956–1986 og spenner vidt tematisk. Her er dikt om det å vere barn, om dyr og natur, om troll og skrømt og mykje meir.

Gyrid Axe Øvsteng og Per Ragnar Møkleby: Mørkt

Ein kveld Dag ligg i senga og er redd for mørkeret, får han besøk. Ho liknar ikkje på noko han før har sett, er rask og sterk og held han fast når han prøver å springe sin veg. Natalia heiter ho, og ho vil vere saman med Dag. Så kva skal dei finne på, når Natalia er redd for lyset, redd for å forsvinne i det?