Skribentarkiv: Arild Torvund Olsen

Visste du at …?

Leseland-serien til Samlaget er no utvida med tre nyskrivne, lettlesne faktabøker på nivå 1, for born som nett har lært seg å lesa. Visste du at …? Hest, Visste du at …? Katt og Visste du at …? Hund er interessante, kjekke å lesa og flott illustrerte av Anna Fiske.

Kvart oppslag har ei faktasetning (til dømes «Visste du at hesten kan sove ståande?») med ein illustrasjon til. Lesarane får slik mykje ny dyrekunnskap for kvar einaste setning dei les, og det fungerte i alle fall særs lesemotiverande på dei borna eg testa bøkene på.

Desse tre bøkene er midt i blinken for ferske lesarar som er glade i dyr.
Les meir

Asbjørn Rydland: Galderstjerna

galderstjernaAsbjørn Rydland demonstrerte med den prisvinnande bokserien om Drakeguten at han kan kunsten å skriva god fantasy. No har han byrja på ein ny serie, Vegandi, og fyrste boka har fått tittelen Galderstjerna.

Hovudpersonen Eirik er skuleelev og speler mykje dataspel med venene Khalid og Maria. Etter ein serie med merkelege hendingar vaknar han opp med eit runesymbol på brystet – same symbol som han finn i dataspelet han held på med. Før Eirik veit ordet av det, er han rota inn i store hendingar som involverer parallelle dimensjonar, vikingar, teknologi og magi … og gudar som ikkje ser med velvilje på ein tenåring som blandar seg inn i sakene deira.

Les meir

Ragnar Hovland: Om noko skulle skje

Om noko skulle skjeIngrid, kjærasten til Reiner, døyr, og Reiner vert so sorgtyngd at han ikkje vil leva meir. So møter han Kapteinen, som tilbyr han å vera med på ei farefull ferd til underverda for å finna att Ingrid. Reiner tenkjer at han ikkje har noko å tapa, og han vert difor med. Underverda syner seg å vera ein mørk stad utan mobildekning – ein stad der folk hugsar mindre og mindre og ting fungerer dårlegare og dårlegare for kvar dag som går. Og innimellom kjem den store, svarte hunden og spreier frykt. Les meir

Überkrig

ÜberkrigÜberkrig er den tiande teikneserieantologien frå forlaget Überpress. Denne gongen tek serieskaparane føre seg temaet krig, og to av historiene er på nynorsk. Innfallsvinklane i dei ulike seriane er ulike – krigen vert nytta både som ramme, bakteppe og metafor her – og særleg den 16 sider lange opningsforteljinga «Freden» av Jey Levang gjer inntrykk.

Terje Torkildsen: Stavanger Stories 1

Stavanger Stories 1«Ingen veit kva tid det er over, kva tid hjartet sluttar å slå. Det kan skje kva tid som helst, med kven som helst. Men dette tenkjer ikkje Betty på no, ikkje enno. Det er for tidleg. Ho har enno ikkje møtt Døden.»

Betty skal snart byrja på vidaregåande, storebror Duxen er russ og veslebroren Broremann skal byrja på ungdomsskulen. Gjennom novellene i denne boka fylgjer me dei tre ungdomane og familien deira i ei tid prega av store overgangar for dei alle. Jamvel om boka er skriven som ein heilskap, kan mange av novellene fungera like godt som frittståande tekstar. Nokre byggjer opp mot eit komisk sluttpoeng, andre er meir til ettertanke, og det er rikeleg med både kjærleik, sakn, liv, død og fysisk humor i forteljingane. Les meir

Les nynorsk med Donald Duck

donaldI dette teikneserieheftet har Egmont kombinert den klassiske Carl Barks-forteljinga «Eggemysteriet» (der firkantfolket snakkar ein nynorskvariant dei har lært på 1800-talet av professor Tron Dreyerdal frå Voss) med to nye forteljingar skrivne av Olaf Solstrand. Dei to Solstrand-forteljingane, «Babelfink» og «Dumdristige donasjonar», er båe på nynorsk.

Heftet finst som rabatterte klassesett som ein del av serien Donald i skolen.

Ruth Lillegraven: Eg er eg er eg er

EgeregeregerKjærleik, sakn, utfordingar, meistring, sorg, glede, kvardag og ferie. I diktsamlinga Eg er eg er eg er, den fyrste diktboka hennar for born, skriv Ruth Lillegraven godt om store og viktige emne i livet til dei unge lesarane. Dikta er organiserte etter årstidene, og kvar bolk opnar med ein flott illustrasjon laga av Mari Kanstad Johnsen.

Hovudmålgruppa for dikta er born i alderen 9–12 år, men både forma og innhaldet er slik at dei kan fungera for andre aldrar òg. Sjuåringen heime vart til dømes djupt fascinert av fleire av dikta. Les meir

Álvaro Nofuentes: På Grand Manila

På Grand ManilaMed utgangspunkt i ein roman av Kjartan Fløgstad har den spanske teikneserieskaparen Álvaro Nofuentes laga teikneserien På Grand Manila. Boka kjem no ut på norsk, fint omsett frå spansk til nynorsk av Bente Teigen Gundersen.

I staden for å laga ein tradisjonell teikneserieadapsjon av handlinga i boka til Fløgstad har Nofuentes laga det han kallar eit «grafisk essay». Her tek han utgangspunkt i nokre av temaa frå boka, til dømes det tosidige i at det internasjonale firmaet Union Carbide Corporation, med base i USA, både er ansvarlege for modernisering og sysselsetjing i Sauda og ein industrikatastrofe som førte til eit femsifra tal på dødsfall i India.

Les meir

Magnhild Bruheim: Bjørnemysteriet

BjørnemysterietI denne tredje spanande krimforteljinga om Stian og Stine hender det fleire ran og innbrot. Det rare er at gjerningsmennene har på seg dyrekostyme. Stian og Stine grip fatt i saka og byrjar etterforska saka på eiga hand. Slik viklar dei seg inn i fleire skumle situasjonar. Kven er ven og kven er skurk? Og kva er det eigenleg som føregår i nattemørket på garden Vistad?

Stine heldt pusten. Det eine dyret såg rett mot staden der dei stod. Det var som om den store ulven møtte blikket hennar, sjølv om ho heilt sikkert var usynleg der ho stod. Ho greip handa til Stian, berre for å vita sikkert at han var der. Saman måtte dei vera modige.

Ulven tok nokre steg nærmare.

Les meir

Njord Svendsen og Akin Duzakin: Bomulv

BomulvDebutanten Njord Svendsen og veteranen Akin Duzakin har saman laga ei fin forteljing om mot og venskap. Boka handlar om den kvite ulven Bomulv, som ikkje er som resten ulvane i flokken. Ikkje liknar han på dei, og ikkje kan han ula. Dei andre ulvane mobbar han, og til slutt får Bomulv nok. Han finn ut at han må koma seg bort, og tidleg ein morgon legg han på sprang gjennom den mørke skogen.
Les meir