Leseland

I Samlaget sin nye lettles-serie, Leseland, er bøkene delte inn i fire nivå. Til no har det kome ut tolv bøker, og det er planlagt ti-femten i året frametter.

Solveig Blindheim Bendixen: Tenk at det var Teo!

Dette er tredje boka om fyrsteklassingen Teo. Denne gongen startar boka med ein «vurderingssamtale» mellom læraren Vibeke og Teo, og spørsmålet om kva han er flink til, lurer Teo ut på galeien. Å vera flink til å bretta mjølkekartongar er visst ikkje nok, så Teo seier at han kanskje er litt god i fotball. Det vert starten på ei rad med forviklingar.

Lisbeth Dreyer: Luisa og Ugla

Ei bok om venskap og det å passa saman sjølv om ein er ulike, og kva som gjer at ein kan høyra saman med nokon.

Chris Haughton: Kvar er mamma mi?

Denne boka handlar om eitt av dei mest grunnleggjande spørsmåla ein balar med når ein er i barnehagealder, nemleg Kvar er mamma? Forteljinga er lagt til eit både trygt og spennande visuelt univers – ein mørk skog, men i varme fargar, og der alle dyra faktisk er snille.

Sunniva Relling Berg: Beina i gitaren

Beina i gitaren er ei truverdig skildring av ei fortviling av den typen som ein ikkje veit heilt kvar kjem frå, men som rasar gjennom kroppen, og driv hovudpersonen Bo til handlingar som er meir eller mindre fiendtlege mot henne sjølv og dei som er rundt.

ÜberMaritimt

Det er i ferd med å gro opp ein underskog av nynorske teikneserieskaparar. I antologien ÜberMaritimt møter me nokre av desse, side om side med bokmålsskrivande kollegaer.

Helge Torvund og Mari Kanstad Johnsen: Vivaldi

Vivaldi er ei bok ein kan kjenna seg att i eller erfara noko nytt i, ei bok ein kan ha ein samtale med. Og for den som treng det, er det ei bok som formidlar håp om at ting kan verta annleis.

Hans Sande: Lars på Mars

Lars på Mars handlar om Lars som skal laga fromasj saman med mamma og pappa, men så søler han med egga og det vert kjefting. Då stikk heller Lars av til Mars i romskipet sitt.

Øystein Runde: Elefanten Tommy

Når ein har vondt i heile seg og attpåtil er trøytt og lei av å ha det vondt, byrjar ein fort å tenkja på døden. Det veit alle som har hatt influensa. Slik er det òg med elefanten Tommy.