Skribentarkiv: Guro Kristin Gjøsdal

Jo Salmson og Jimmy Wallin: HJELP! Det brenn!

Leseland, nivå tre.

Til nynorsk ved Øystein Rosse.

Ein liten hund skadar poten sin då han trakkar på knust glas i parken. Stakkar! Slik kan vi ikkje ha det! Linn, Leonita og vennene i gata bestemmer seg for å ta ansvar og rydde parken for søppel og alle glasbitane som er der. Dei samlar avfallet ved søppelbøtta. Dei gjer ein kjempejobb og feirar med piknik. Men då det byrjar å lukte svidd i graset der glasbrota ligg, endar den fine dagen nesten med katastrofe ved at det byrjar å brenne. Brannvesenet må rykke inn, og heldigvis forstår også dei vaksne i gata at dei bør ta ansvar og bidra i dugnaden. Som premie for god innsats får borna besøkje brannstasjonen.

Anders Totland og Line Halsnes: Ut i rommet

Leseland, nivå to.

Alva drøymer om å reise ut i rommet. Må ho vente til ho blir stor? Pappa fortel historiene om dei som har vore på månen til no; dei fyrste som nådde målet. Kvinner og menn. Ulike nasjonalitetar, oppgåver og roller. Hell og uhell. Til og med dyr har vore der! I draumar får ho bli med på eventyret saman med Neil, Buzz og den ikkje fullt så kjende Michael i Apollo 11. Illustrasjonane frå rommet gjev kjensle av djupne, tid og rom, og kontrastar mellom lys og mørke, verkelegheit og fantasi.

Laura Djupvik og Camilla Kuhn: Jenta i kista

Leseland, nivå tre

For over hundre år sidan budde det ein glad familie i eit stort og gammalt hus. Då var det leik og moro, inne og ute, høgt og lågt, dagen lang. No står huset tomt. Det har det gjort lenge. Det einaste som er att, er ei gammal kiste på loftet. Ingen orkar å bu i det gamle huset. Det kjennest kaldt og utriveleg, og av og til kan ein høyre bankelydar om natta. Ein dag blir kista opna …

Jenta i kista er ei tradisjonell spøkjelseshistorie for barn som les, men som enno ikkje er uthaldande i lesinga.

Rune Belsvik: Fugleguten

Illustrert av Sigbjørn Lilleeng

«Lukas trur at mamma er mest glad i veslesøster Alma. Og når Lukas ikkje oppfører seg, må stakkars pappa kjefta på han. Den fæle Lukas. Det er alltid noko med Lukas.

Heller ikkje bestevennen Nico er alltid så grei. Men ein dag møter Lukas ein annan gut. Han har eit heilt spesielt kjæledyr. Ei svart kråke.

Kva er det med denne guten? Og kva skjer om Lukas òg får seg ein fugl? Vil alt bli annleis då?»

Les meir

Rakel Helmsdal, Kalle Güettler og Áslaug Jónsdóttir: Monsterbesøk og Monsterknipe

Omsetjing: Tove Bakke

Dei to nye bøkene om Veslemonster, Storemonster og den nye venen Raggmonster er parallelle historier som kan lesast kvar for seg.

I Monsterbesøk vil Storemonster leike med Veslemonster. Men Veslemonster kan ikkje, for Raggmonster er på besøk.

Veslemonster og eg skal ut og fiske, det gjer vi alltid om laurdagen.

– Kjem du, då? spør eg.
– Kor hen, svarer Veslemonster.
– Ut og fiskar, vel! seier eg.
– Nei, seier Veslemonster.
– Eg har ikkje tid. Ha det!

Storemonster tykkjer ikkje det er noko moro å leike åleine. Skal tru om dei kan leike saman alle tre? Monsterbesøk er ei bok om kor vanskeleg det er å vere tre.
Les meir