Skribentarkiv: Heidi Sævareid

Moni Nilsson og Per Gustavsson: Kompisen er for liten & Kompisen lengtar

Av Moni Nilsson (tekst) og Per Gustavsson (illustrasjon)
Omsette av Ragnar Hovland
Det Norske Samlaget

Moni Nilsson, best kjend for bøkene om Tsatsiki, kjem no med ein ny biletbokserie om veslejenta Olivia og bamsen hennar, Kompisen. Som ein kan høyre på bamsenamnet – det handlar om venskap.

Det er ikkje alltid så greitt å vere vener når den eine er liten og den andre er stor, ser vi i Kompisen er for liten. Det er jo ikkje sikkert at den eine får lov til det den andre får lov til, og nokre gonger vil den som er stor bestemme mykje meir enn den som er liten. Slik er det ofte mellom Olivia og Kompisen. Les meir

Lene Kaaberbøl: Villheks – Eldprøva

Det Norske Samlaget
Omsett av Øystein Rosse

Katten sto midt i trappa, og han ville ikkje flytte seg.

Det var den største katten eg hadde sett i heile mitt liv [… ] Auga hans lyste neongult i halvmørket i kjellarnedgangen.

Slik opnar Lene Kaaberbøls nye serie om heksejenta Clara. Noko av det Kaaberbøl gjer best, er å hekte lesaren heilt frå starten av, og det demonstrerer ho her – ved å kaste oss rett inn i ei scene der ein enorm heksekatt går til åtak på ei heilt vanleg jente.

Vel, heilt vanleg er altså ikkje Clara, det viser seg at ho har arva heksekrefter som ligg i slekta. Dei kjem ikkje frå mora, men mora skjønar fort kva som er på ferde, og køyrer dottera til eit hus langt inne i skogen. Der bur Isa, Clara si tante. Ho er villheks. Les meir

Nhu Diep: Bronto Biff på Café Olala

Det Norske Samlaget

Bronto Biff er ein uvanleg dinosaur. Han har berre svart mat i kjøleskapet. No er det vel ikkje så vanleg at dinosaurar held seg med kjøleskap, men her er poenget at Bronto Biff har eit underleg og einsidig kosthald. Ikkje et han plantar og ikkje et han kjøt – berre den evinnelege, svarte maten.

Men slikt blir ein jo lei av til slutt. Bronto Biff gjer heilomvending, går på restaurant og glefsar i seg alt dei har på menyen. Det er herleg! Men magen er ikkje heilt klar for eit så stort lass med mat. Les meir

Aina Basso: Inn i elden

Det Norske Samlaget

I eit europeisk perspektiv er det norske talet for heksebål lågt, men eitt fylke står i ei særstilling. Inn i elden hentar handling frå dette fylket. Boka handlar om den såkalla «kjedeprosessen» i 1620–1621 i Finnmark

Lesaren får møte ungjenta Dorothe, som vert gifta bort til dobbelt så gamle seigneur Johann Beyer. Dorothe er ei uglad brud, men etter kvart veks kjærleiken fram, for Johann er ein snill mann. Sjølv om han har eit uhyggeleg arbeid. Han er fut i Finnmark, og har som oppgåve å «finne djevelens disiplar og straffe dei», og «forhindre at andre lèt seg lokke til same ugudelegdom».

Les meir