Marit Kaldhol: Zweet

Denne forteljinga blir sett i gang av ei dramatisk hending på ein ungdomsskule. Vi må eit godt stykke inn i boka før vi forstår kva dette dreier seg om, for i den første delen av boka misforstår vi ganske grundig i lag med ho som fortel. Ein farleg gasslekkasje frå eit industribygg i nærleiken, som […]

Erna Osland: Under ein stein

Denne boka handlar om vesen som lever under steinar, og det er alt i alt veldig mykje interessant og nyttig ein får vite.

Laura Djupvik: God dag, herr Jul

I denne boka møter vi Malin og veslesystera Molla, som skal prøve å feire jul i eit hus som dei akkurat har flytta inn i, i lag med ei mor som synest at jula berre er dyr og slitsam. Det er ei varm og god forteljing, som på ein triveleg måte seier ting rett ut, men som ikkje svarer på alle spørsmåla.

Sissel Horndal: Hokus Pokus 1-2-3

Sissel Horndal har skrive og illustrert denne boka, som passar til høgtlesing for dei som skal lære seg å telje til tjue, eller dei som berre treng å øve seg litt. Vi er med rundt i huset til ei heks, og skaffar oss oversyn over kor mange det finst av ulike vesen og ting.

Aina Basso: Finne ly

Hanna, ei ung romanikvinne, kjem åleine til ein gard som ligg litt avsides til, etter å ha rømt frå tukthuset i Christiania. Ho bankar på døra og spør folket som bur der om dei treng hjelp i huset.

Janne Marit Øye: Snøhumla Mille

Korleis det er å vere eit bittelite dyr, dét er vel eit tankeeksperiment som kven som helst kunne ha hatt godt av å gjere. Ei forteljing som denne om humla Mille kan òg fort kome til å setje i gang produksjon av spørsmål rundt humlene, som korleis og kor lenge dei lever og slike ting.

Anne Viken: Elise og mysteriet på Hesteøya

Dette er tredje bok i serien av frittståande forteljingar om hestejenta Elise. Ho er òg denne gongen assistent for onkelen Kalle, som er veterinær. Som i dei to andre bøkene møter Elise ei skummel detektivgåte som ho tek ansvar for å løyse.

Gaute M. Sortland: The Rise and Fall of Gøran Trovåg

Gøran Trovåg er ein slik gut som tek styringa i prosessen med å finne ut kva for for person han vil vere. Han bestemmer seg for å heller heite Stuart, at han og venene skal vere gentlemen etter visse kriterium som dukkar opp langsmed, og dei startar eit band, røyker sigarar og går i dress.

Lars Mæhle: Knoterud FK – Solskjærs rose

Knoterud FK spelar i serien for gutar 9 år. Dei taper som oftast kampane sine med god margin, men i denne boka deltek dei i ein cup der ein og kan få premie for beste sportsånd, for dei skal til Molde og spele i Rosenes Cup, der sjølvaste Ole Gunnar Solskjær deler ut «Dagens rose»!

Tore Kvæven: Kameljegeren

Lise skal vere med bestefaren sin på jobb i tre veker, saman med broren Øystein. Bestefar er kameljeger i Saharaørkenen, og køyrer hit og dit med motorsykkelen sin i lag med villhunden Tam og sankar soltørka kamelar som har vandra ut i ørkenen for å døy åleine. Kamelane skal malast opp og brukast til krydder på graut.

An-Magritt Lindtner: Smokkefeen Tutta

Smokkefeen Tutta er venninna til tannfeen. Ho er ein ekstra lang og tynn fe som likar smokkar, som er veldig god til å skaffe seg dei, og som har veldig, veldig mange.

Helme Heine: Venner

Hanen Herman Hanekrone, grisen Svein Slafs og musa Mattis Musevik lever på ein gard i lag med mange andre dyr, men dei stikk seg i grunnen litt ut frå dei andre dyra