Skribentarkiv: Ida Kornberg

Katrine Sele: Jølster hotell. Historier frå eit asylmottak

Dei reiste ifrå liva sine. Dei reiste ifrå mødrer og fedrar, ektefellar, kjærastar, barn. Ikkje alle visste om dei ville sjå sine kjære att. Dei reiste ifrå eit hus i Daraa, eit hus i Aleppo, farens villa i Raqqa, ei stråhytte på landsbygda nær Jijiga, ei leiligheit delt med broren i Damaskus, moras hus i Khartoum. Ei tid var dei alle på asylmottaket i gamle Jølster hotell: Bassel, Hayat, Malik, Milka, Moayad, Najma, Shaban, Tblets og Yamen. Detter er historia deira.
Les meir

Ingunn Røyset: Brevet frå krigen

Eg visste ikkje kva krig var. Ikkje før bombeflya kom over huset vårt. Ikkje før soldatar tok skulen vår, og folk vart sette i fengsel. Eg kunne ikkje lenger stole på nokon, ikkje på naboen, ikkje på onkelen min, og ikkje på veninna mi. Den dagen tyskarane kom, forstod eg kva krig var. Då forstod eg at alle kan døy. Eg også.

Brevet frå krigen er ei bok om korleis det er å vekse opp under andre verdskrig, og om livet i Noreg og viktige hendingar i krigsåra. Boka er røtt i opplevingane til Jorun E. Waage som var 12 år då tyske soldatar tok over Noreg den 9. april 1940. Forteljingane er baserte på samtalar med Jorun, hennar private brev og bilete, samt ei innhaldsrik samling av historiske kjelder og biletmateriale. Les meir

Kristian Fjellanger og Jenny Jordahl: Samir og den lange reisa

I boka Samir og den lange reisa møter vi Samir, mor til Samir og veslesøstera. Faren til Samir blir arrestert i heimlandet Afghanistan, og resten av familien blir nøydde til å flykte. Ferda er lang og farleg, men til slutt endar familien opp på mottak i Noreg. Her får Samir ta til på skulen. Det er første skuledag for den vesle guten, og han nervøs og spent. Det er ikkje lett å vere ny i klassen i eit nytt land, og i nye, ukjende omgjevnader. Heldigvis møter Samir Synne. Ho tek mot til seg og pratar til Samir ved hjelp av ein lærar. Dei set seg på kvar si disse, og Samir fortel Synne om den lange ferda frå Afghanistan til Noreg. Synne tykkjer forteljinga til Samir er svært spennande, og ho kan førestille seg kor redd han må ha vore. Synne og Samir blir raskt gode vener. Les meir

Pia Strømstad og Flu Hartberg: Do

Å bæsje er noko alle gjer. Far din, mor di, kongen og dronninga, til og med kjendisar! Men sjølv om alle gjer det, er det noko mange av oss tykkjer er pinleg å innrømme.

Men har du eigentleg tenkt på kvar dei gjorde av bæsjen i gamle dagar, før vassklosettet blei funne opp? Eller kva dei gjer med tisset i land der dei ikkje har nok reint vatn? Kva gjer du eigentleg viss du må bæsje på ein ubåt, i eit jagarfly eller på ein internasjonal romstasjon? Alt dette og mykje meir forklarar Pia Strømstad i faktaboka Do.

Les meir

Stina L. Ørdal: Dagen utanfor

Utanfor er dagen lik den i går. Det kan sjå ut som ein heilt vanleg dag.
Det er heilt vanleg vêr. Bilar køyrer på vegen i heilt vanleg fart.
Lund hentar avisa som vanleg i pysjen. Boss må ut å tisse som vanleg.
Som vanleg må Jon gå med han. Han bjeffar mot huset til Lund i dag også.
Det er skuledag i dag. Jon ser at dei andre barna går til skulen som vanleg.
I stova heng det fine klede.
Det er ikkje 17.mai.

Dagen utanfor er ei forteljing om sorg, om ei daud humle som gir trøyst, og om dagar der livet er litt vanskeleg.

Les meir

Ingunn Thon: Ollis

Illustrert av Nora Brech

Mykje har endra seg heime hjå Ollis. Ho har fått ein veslebror og mamma sin kjærast har flytta inn. Ollis likar ikkje han noko særleg. Ollis har ikkje treft far sin, Borgefar, sidan ho var lita jente. Mor hennar har fortalt henne at han ikkje er meir, men kva tyder eigentleg det. Er han død, eller er han i live?

Heldigvis har Ollis ei bestevenninne, Gro, som bur like i nabohuset. Ho er tøff og uredd, og ho græt aldri.

Les meir

Nathalie Simonsson: Verdas viktigaste bok. Om kroppen, kjensler og sex

verdas_viktigaste_bokEi bok om alt ein vil vite, men ikkje vågar å spørje om. Er det vanleg at tissen er skeiv? Kvifor er nokre ting jentete og andre gutete? Korleis kjennest det å bli kåt? Kan mensen vere brun? Kor ofte er det ok å onanere? Korleis skal eg vise at eg er interessert og vil bli saman med nokon?

Det er mange ting som er viktigast i verda. Å få vere seg sjølv. Å ha lov å forelske seg i den ein vil. Å kjenne seg bra og viktig. Å bestemme over sin eigen kropp. Ein annan viktig ting er å finne ut korleis ting fungerer.

Les meir

Joan G. Robinson: Marnie – mi hemmelege vennine

marnieMarnie – mi hemmelege vennine er ei gripande forteljing om vennskapet mellom fosterbarnet Anna og den noko mystiske Marnie.

Boka vart publisert i 1967 og vart gitt ut som film av det verdskjente animasjonsselskapet Studio Ghibli i 2015. Både bok og film har mottatt gode omtalar og viser ei klassisk og tidlaus historie om familie, vennskap og einsemd.

Anna er foreldrelaus og bur hjå fostermora fru Preston. Ho kjenner seg utilpass og har ikkje mange venner. Fru Preston bestemmer seg for å sende ho på sommarferie til fru Pegg og ektemannen, som bur i landlege omgivnadar ved sjøen. Her oppheld Anna seg mykje aleine mellom sanddynene på stranda, til ho ein dag møter Marnie.

Les meir

Erna Osland: Gullfalken. Ni nye eventyr

gullfalkenGullfalken. Ni nye eventyr av Erna Osland er ei samling med ni tidlause forteljingar frå heile verda. Dyr og element frå naturen utgjer bakteppe i historiene, og heltane er barn og ungdomar som ved hjelp av vennskap og omsorg kjem sigrande ut av konfliktane som oppstår.

Boka er full av farlege og spanande hendingar der både liv og helse blir sett på prøve. Namna på figurane, omgjevnadane, illustrasjonane og fargebruken gir ei noko framand og eksotisk stemning.

Les meir