Katrine Sele: Jølster hotell. Historier frå eit asylmottak

Dei reiste ifrå liva sine. Dei reiste ifrå mødrer og fedrar, ektefellar, kjærastar, barn. Ikkje alle visste om dei ville sjå sine kjære att. Dei reiste ifrå eit hus i Daraa, eit hus i Aleppo, farens villa i Raqqa, ei stråhytte på landsbygda nær Jijiga, ei leiligheit delt med broren i Damaskus, moras hus i Khartoum. Ei tid var dei alle på asylmottaket i gamle Jølster hotell: Bassel, Hayat, Malik, Milka, Moayad, Najma, Shaban, Tblets og Yamen. Detter er historia deira.

Ingunn Røyset: Brevet frå krigen

Brevet frå krigen er ei bok om korleis det er å vekse opp under andre verdskrig, og om livet i Noreg og viktige hendingar i krigsåra. Boka er røtt i opplevingane til Jorun E. Waage som var 12 år då tyske soldatar tok over Noreg den 9. april 1940. Forteljingane er baserte på samtalar med Jorun, hennar private brev og bilete, samt ei innhaldsrik samling av historiske kjelder og biletmateriale.

Kristian Fjellanger og Jenny Jordahl: Samir og den lange reisa

I boka Samir og den lange reisa møter vi Samir, mor til Samir og veslesøstera. Faren til Samir blir arrestert i heimlandet Afghanistan, og resten av familien blir nøydde til å flykte. Ferda er lang og farleg, men til slutt endar familien opp på mottak i Noreg.

Øystein Runde: Stamceller. Kroppens superheltar

Øystein Runde teiknar og fortel om stamceller i denne artige faktaboka i teikneserieformat. Han krydrar innhaldet med humor, interessante fakta og spanande informasjon som gjer fagstoffet underhaldande og lett tilgjengeleg for barn, unge og vaksne.

Pia Strømstad og Flu Hartberg: Do

Å bæsje er noko alle gjer. Far din, mor di, kongen og dronninga, til og med kjendisar! Men sjølv om alle gjer det, er det noko mange av oss tykkjer er pinleg å innrømme.

Ingunn Thon: Ollis

Ollis er ein spennande barneroman om vennskap, familie og mot. Her finn ein mykje humor, kvardagslege utfordringar og alvor om kvarandre, presentert gjennom eit fortryllande og detaljrikt språk.

Fantasiboka

Her blir du kjent med Knurrebakkedinken og Grublebakkedinken, Rosa og einhyrningsdraken, Vesle som får sjokk når han møter eit menneske på butikken for første gong, Moggo som sluker og knuser alle gleder han kjem over, og mange fleire.