Veronika Erstad og Ella Okstad: Saga og Storm og Kongens fortenestemedalje

Saga er eldst i ein søskenflokk på fire. Saga er lei fordi ho alltid må passe på småsøskena. Tvillingane på eitt år grisar, og Leon på fire år er slitsam. Saga vil heller vere saman med Storm, som er bestevennen hennar. Ho drøymer om å få kome på Slottet og få Kongens fortenestemedalje, men korleis kan ho få til det?

Anders Totland: Gunnars rekordbok

Gunnar har laga si eiga rekordbok. Her skriv han både om det som er bra, og det som er vanskeleg. Gunnar vil ikkje vise boka til nokon, men kva skjer dersom rekordboka hamnar hos feil person?

Marianne Gretteberg Engedal: Verdas rikaste tjuv

Kjell vil eigentleg ikkje byrje i korpset, han vil heller vere med venane sine og leike. I korpset møter han Bob, som er verdas beste blokkfløytespelar. Kjell vil så gjerne at Bob skal like han, men korleis skal han få det til når Bob ikkje eingong ser på han?

Ingunn Thon: Full bajas

Orion Sigerstad er 11 år og vil vere perfekt på alle område i livet. Han er høfleg mot alle, har eit ryddig rom, går berre over vegen når det er grønt lys, og gjer alt rett på skulen. Orion speler fløyte, og han drøymer om å bli tidenes yngste elev ved Makelaus musikkonservatorium. For å få plass der må han imponere ein talentspeidar under ein stor konsert.

Vegard Markhus: Alien i klassen

Ulrik blir plaga av Bob og dei andre i klassen. Ein kveld ser Ulrik eit mystisk lys som fer over himmelen. Kan det vere ein ufo? Dagen etter byrjar ei ny jente i klassen som heiter Fia. Ho set Bob på plass og torer å vere seg sjølv. Ulrik lurer på om han endeleg skal få ein ekte venn?

Hans Sande og Skinkeape: Arkimedes og appelsinskrellaren

Boka handlar om katten Arkimedes, jenta Evreka og pappaen hennar, som er oppfinnar. Denne gongen finn pappaen opp ein appelsinskrellar som kan hjelpe Evreka. Problemet er berre at han har gløymt å finne opp av-knappen, og skrellaren vil skrelle alt! Kan Evreka og Arkimedes stoppe Skrelle før han øydelegg alt rundt dei?

Ida Eva Neverdahl: Rulling i rommet

Rulling i rommet er den tredje boka om skatehunden Bård og Amika. Ein kveld når dei to er ute og skatar, ser dei plutseleg eit skarpt lys på himmelen.

Erna Osland: Spring!

Erna Osland: Spring!

Denne boka inneheld sju korte forteljingar om ein gut som heiter Arild. Han er redd for å lese høgt på skulen. Når læraren ber Arild lese høgt, så slår hjartet hans fortare. Han vil berre springe derifrå, men kven spring han til då?

Ruth Lillegraven og Jens Kristensen: Klodeklubben Superheltmaska

Ruth Lillegraven og Jens Kristensen: Klodeklubben

Superheltmaska er den femte boka i serien om Klodeklubben, eit detektivbyrå med miljøsaker som spesialitet. Vanja, Sivert og Mo har sommarferie. Plutseleg dukkar det opp helikopter i lufta og ein stor luksusbåt på fjorden. Hollywood-stjerna Alexandra Liu kjem til bygda for å lage ein ny superheltfilm om Queen Shadow.  

Lars Erik Helgemo og Markus Pedersen: Udugelege heltar

Stiv kuling er ein actionfylt teikneserie for ungdom og vaksne. Supersterke Chrissa kom i fengsel allereie som 5-åring. Etter at ho har vore 15 år i fengsel, tek Kacker ho imot på utsida. Han treng nemleg hjelp av Chrissa for å redde sola.

Rune F. Hjemås: Ein bror i verdsrommet

Vi følgjer hovudpersonen Elias som går i 7. klasse. Storebroren Mats er alvorleg sjuk, og mesteparten av tida må Mats vere på sjukehuset. Heime følgjer Elias og venene med på ein eldre mann som har eit mystisk raudt lys i vindauget. Elias har også fanga opp ein spesiell lyd. Kan dette vere eit lydsignal frå verdsrommet? Finst det liv på andre planetar?

Anna R. Folkestad: Fiskebolleboks-raketten

Vi møter Nils og faren som held på å byggje ein rakett av fiskebolleboksar. Ragnhild Franzen som er sponsor og eigar av fiskebolleboks-fabrikken, er svært pågåande fordi ho vil at dei skal sende ein person rundt månen i denne farkosten. Det vil gje mykje merksemd til hennar fabrikk og fiskebollar.