Skribentarkiv: Irene Garnes Hareide

Barnas eiga aktivitetsbok

Utval og redigering ved Nana Rise-Lynum og Erle Stokke

Har du lett for å kjede deg? Likar du rare fakta? Likar du å vere litt rampete, men manglar idear? Då er Barnas eiga aktivitetsbok noko for deg.

Boka inneheld eit utval av aktivitetar og oppgåver henta frå Norsk Barneblad dei siste ti åra. Her kan ein la seg inspirere til leik og moro både ute og inne, trimme hjernen med detektivgåter og quizar, eller la kreativiteten få utløp med saks og papir eller kjevle og kakeformer. Ein kan lære nye interessante fakta, til dømes at fuglar ikkje sveittar og at ein kamel har tre sett med augnelok, eller ein kan lese seg opp på siste nytt innan rampestrekar.

Dette er ei bok for dagar då energien er større enn fantasien. Her er det variasjon nok til å la seg aktivisere nesten uansett humør og dagsform. Nokre av aktivitetane passar best å gjere saman med andre, til dømes dei mange kjekke ute-leikane, medan andre, hjernetrimmen til dømes, kan vere kjekke å ha når ein ikkje har nokon å leike med. Boka passar for barn i alle aldrar, men målgruppa er nok barn i barneskulealder.

Elin Grimstad: Månen som ville lyse som ei sol

I denne vakre biletboka er det sola og månen som er hovudpersonane. Månen er sjalu på sola, og han bestemmer seg for å ta opp kampen om å vere den som lyser opp jorda. Han snik seg framfor sola og forsøker å overstråle henne, men resultatet er mørke midt på dagen. Månen innser at han ikkje har strålekrafta til sola: «Eg tok feil, kviskrar månen. Eg lyser ikkje!» Men også sola innser at ho har tatt feil av månen. Ho har vore så overlegen og sagt at han ikkje er til verken nytte eller glede, men no innser ho at han er høgst naudsynt: «Kven skal elles spegle lyset mitt når dagen er over, smiler ho.»

Les meir

Atle Hansen: Amanda sin medisin

Teikna av Inger Lise Belsvik

Amanda sin medisin er ei bok i Leseløve-serien. Bøkene i denne serien har korte linjer og stor skrift, og er lette å lese. Dei passar godt for barn frå sju år som kan lese sjølve. Boka kan passe godt for å lese på eiga hand, men ho har handling, driv og språklege kvalitetar som gjer henne eigna for høgtlesing òg.

Denne boka, Amanda sin medisin, har eit tema som barn kan kjenne seg igjen i. Det handlar om å ikkje få leike med dei ein helst vil leike med. Og det handlar om å ha ein ven som berre finst i fantasien. Temaet vennskap er viktig for barn, og eg tenker at det er avgjerande at forfattar og illustratør ikkje tek for lett på det og tullar det bort, eller at dei skriv så realistisk og problematiserande at det blir humørlaust. Eg synest dei klarer denne balansegangen. Språket er rytmisk og rikt på dialog, og illustrasjonane eit rikt visuelt univers, der personane trer tydeleg fram.

Les meir

Elizabeth Baguley og Marion Lindsay: Klar, ferdig, spøk!

Skriven av Elizabeth Baguley og illustrert av Marion Lindsay.

Omsett frå engelsk av Ragnar Hovland og Erle Stokke.

Det norske samlaget 2011

Denne biletboka fortel historia om det vesle spøkjelset Børre. Han er av det engstelege slaget, og han kjenner seg for liten til å spøkje på store stader. Den store draumen til Børre er å finne eit lite, koseleg hus å spøkje i. Finn han det, skal tru? Les meir

Camilla Lundsten: Endelig småsøsken!

Det har kome to nye bøker i serien om Veslefanten. Bøkene tek for seg tema som er viktige for dei yngste barna: kunsten å gå på potte, og tankar og kjensler knytte til det å skulle få småsysken.
Utforminga av bøkene er lik dei tidlegare bøkene i serien. Dei er fargerike, med klåre fargar, og kvadradisk utforma med tjukke sider som toler å bli lesne av dei minste barna. Boka Endelig småsøsken! handlar om Veslefanten, Mammafanten og Pappafanten som gler seg til å få ein ny fant inn i familien. Les meir

Camilla Lundsten: Veslefantens reknebok

Det norske samlaget 2011

Veslefanten er ein liten raud elefant som er hovudperson i ein serie småbarnsbøker med titlar som Endelig god natt! og Endelig småsøsken! Veslefantens reknebok skil seg frå dei tidlegare bøkene på mange måtar, men det er ingen tvil om at også dette er ei bok med fine kvalitetar som passar for dei yngre barna.

Boka er ikkje ei vanleg historie om Veslefanten, men fungerer som ei aktivitetsbok som tek for seg tala frå 1 til 10. Les meir

Camilla Lundsten: Endelig bæsj!

Det har kome to nye bøker i serien om Veslefanten. Bøkene tek for seg tema som er viktige for dei yngste barna: kunsten å gå på potte, og tankar og kjensler knytte til det å skulle få småsysken. Utforminga av bøkene er lik dei tidlegare bøkene i serien. Dei er fargerike, med klåre fargar, og kvadradisk utforma med tjukke sider som toler å bli lesne av dei minste barna. I boka Endelig bæsj! møter vi hovudpersonen Veslefanten saman med venene Makkus og Kanina, slik vi har gjort i tidlegare bøker. Les meir

Gyrid Axe Øvsteng og Per Ragnar Møkleby: Draumar

Samlaget 2011

Denne biletboka tek oss med inn på soverommet til eit syskenpar som nett har lagt seg. I overkøya ligg ein storebror og i underkøya ligg ei veslesyster som ikkje får sove. Ho er redd for draumane. Då er det godt å ha ein storebror:

– Draumar treng ikkje vera vonde, seier storebror. – Dei kan vera gode.
– Er dine gode? spør nede.
– Gode og betre enn det, svarar oppe.

Les meir

Björk Bjarkadóttir: Kom, la oss lage fest!

Det er vår i Solskinskogen, og dyra i skogen vil feire lyset og varmen med ein fest. Alle dyra må bidra, kvar med sine sterke sider, for å lage i stand til vårfesten. Men lesaren må òg hjelpe til med festførebuingane.

På kvar side blir lesaren trekt inn i forteljinga gjennom eit spørsmål eller ei oppmoding. Først må lesaren hjelpe til med å vekkje dyra frå vinterdvalen, og så går det slag i slag. Lesaren blir mellom anna oppmoda om å massere halsen til ein sjiraff, kysse snabelen til ein elefant som har vore uheldig med hammaren, og rope på frosken som skal stå for musikken på festen.
Les meir

Kari Stai: Mopp og Mikko elskar ting

Mopp_og_Mikko_elskar_tingMopp og Mikko er ein bokserie for dei minste barna. Det er Kari Stai, mor til dei kjende barnebokkarakterane Jakob og Neikob, som står bak både tekst og bilete i bøkene, og dei fire første bøkene er no ute på marknaden: Mopp og Mikko elskar ting, Mopp og Mikko elskar dyr, Mopp og Mikko elskar mat og Mopp og Mikko elskar kjøretøy.

Vi ser at alle bøkene har ein tittel som fortel om noko Mopp og Mikko elskar, og bøkene handlar om at dei to venene jaktar på det som dei har så lyst på. Alle bøkene startar likt. Først får vi vite kva Mikko elskar: «Mikko elskar ting/dyr/mat/kjøretøy!» Som respons på dette seier Mopp: «Kom så fer vi på ting-/dyre-/mat-/kjøretøy-jakt!» Les meir