Tore Renberg: Du er så lys

«Ansiktet hans den kvelden. Det kan eg sjå for meg no. Kolossalt levande. Som om det var fullt av mark, tenkjer eg no.»

Terje Torkildsen: Arrfjes

I botnen av ei djup grav han har grave sjølv, møter lesarane Ejner Tevig. Korleis har han hamna der? Anslaget i Terje Torkildsen sin siste ungdomsroman Arrfjes skaper spenning og pirrar leselysta frå første side.

Ingunn Røyset: Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen

Tida går. Vi mistar dei som kan dele eigne opplevingar frå ein barndom i krigsåra med nye generasjonar. Med denne boka kjem lesaren så nært innpå kvardagslivet under krigen som det går an å komme, for ein tiåring i dag.

Rune Belsvik: Verdas søtaste turist

Bidger og Esmiluni elskar kvarandre framleis, og like høgt, i denne tredje forteljinga frå Bløygen kommune. Men Bidger har begynt å drøyme om noko meir. Han drøymer om å bli far. Det finst ikkje barn i Bløygen. Ingen veit korleis dei blir til. Så Bidger lyt gå til Bøttefanten i Trøbbelkiosken. Han veit det heller ikkje, men han har ei bok med instruksar og forklaringar.

Odd Nordstoga (red.): Song for deg og meg

Tida går fort. Eg tykkjer ikkje det er lenge sidan eg sat med den fine, ferske boka Song for deg og meg i hendene. Nye born og nye songar er komne til, og no er også songboka komen i ny og utvida utgåve.

Monsterboka

Å vere monster byr på utfordringar som snur opp ned på verda slik vi kjenner ho, og hjelper oss som les til å sjå tilveret frå andre perspektiv enn vårt eige.

Brynjulf Jung Tjønn: Så vakker du er

Henrik veit ikkje korleis det smakar når Kjersti kysser han. Han har aldri kyssa henne. Men til Simon, den kreftsjuke onkelen sin, seier han at han har gjort det. Så han må gjere det. Før det er for seint, medan han endå har sjansen til å fortelje onkel Simon korleis det smakar. Før han døyr.

Magnhild Bruheim: Det som er sant

Magnhild Bruheim har skrive ein ungdomsroman som tematiserer grunnleggjande etiske utfordringar: Kva skil sanninga frå ei subjektiv oppfatning? Korleis kan ein ta stilling til spørsmålet om sanning når ingenting kan bevisast?

Erna Osland: Nasevis

– Andingssystemet, har de høyrt om det? Erna Osland smiler lurt. – Det handlar om kva som skjer når vi pustar. Vi dreg lufta inn gjennom nasa. Men korleis kjem den seg ut att? Erna Osland har skrive ei ny fagbok for born, denne gongen om nasar.

Anne Viken: Elise og mysteriet med dei døde hestane

Er «hestebok» ein eigen sjanger i barne og ungdomslitteraturen? Suksess-formelen er velkjend, men dei nynorske forfattarane har ikkje bite på. Før no. Men Anne Viken si spennande forteljing set nye standardar for hesteboka.

Erna Osland: Venner med venger

Fuglar har små hjarte som slår fort. Eit steindulphjarte slår nesten 500 slag i minuttet! Dette er mellom det første vi lærer i den nye fagboka frå Erna Osland. Teksten er sett saman av ei spennande forteljing, enkle faktaopplysningar og illustrasjonar.

Kari Stai: Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake

Jakob og Neikob er tilbake! Det er tjuven også. Kari Stai har svært stram struktur både i språket og illustrasjonane sine, humor er likevel eit viktig og gjennomgåande verkemiddel i begge historiene.

Solveig Blindheim Bendixen: Teo tar sjansen

Hurra! Her kjem den andre boka om førsteklassingen Teo! Denne gongen får vi vere med på SFO, og vi kjenner att den spennande og artige forteljemåten frå første boka.

Fabrizio Silei: Rosas buss

Denne biletboka fortel historia om den modige Rosa Parks som ein desemberdag i 1964 nekta å reise seg frå bussetet for å gi plass til ein lyshuda amerikanar.