Skribentarkiv: Liv Kristin Bjørlykke Øvereng

Trude Tjensvold: Bo flyttar ut

Bo flyttar utHeime hos Bo er det berre Bo og mora, men ein dag flyttar hunden Viktor inn. Då bestemmer Bo seg for å flytte ut.

Nede ved dammen møter han andungen.

– Kor skal du? spør andungen.
– Veit ikkje, svarar Bo. – Eg skal flytte.
– Du kan få bu hos meg, kjem det frå andungen.
– Du held vel ikkje hund? spør Bo.
– Nei, eg bur åleine, svarar andungen.
– Bra! Seier Bo.

Les meir

Rolf Losnegård: Det forferdeleg geniale freseskyflyet

FreseskyflyetDen sprø oppfinnaren Snutt finn opp dei raraste duppedingsar. No skal han finne opp ei maskin som kan halde skyene vekke, slik at ungdomane i byen Olsen kan få vere på stranda og surfe og ete is kvar dag.

– Vi vil ikkje ha meir skyer og regn, vi vil ikkje ha sånt dritver! Vi vil ha sol! Ropte dei til Snutt. – Skaff oss sol! Sol! SOL!

Men den geniale oppfinninga til Snutt gjer at det blir mykje sol både i Olsen og på Nordpolen. Og med fint vêr heile dagen, blir det varmt. Veldig varmt. Altfor varmt for isflaka i alle fall.

Les meir

Solveig Blindheim Bendixen: Teo tøffar seg

Teo tøffar seg«Teo var sikker på at dette kom til å bli den verste 17. mai han hadde hatt i heile livet.»

Teo har fått ny bunad som mora hans har laga. Ho er svært stolt over bunaden med vest og sølje som no er klar til 17. mai. Akkurat denne dagen er det så varmt at Teo heller skulle ønske han kunne ha shorts på seg, men Teo brukar bunaden for han veit at mora vil det. Når han kjem til skuleplassen etter skuletoget og skal vere med på dei kjekke 17. mai-leikane, orkar Teo ikkje anna enn å sitte på ein stein i skuggen og sjå på, det er for varmt å vere med på leikane i den varme bunaden. Då har kameratane Jon og Kim eit forslag

– Viss eg var deg, hadde eg berre skifta han av meg.
– Eg har då ikkje noko å skifte til.
– Du har vel skiftetøy i korga di i garderoben?

Les meir

Jesper Nicolaj Christiansen: Eplet

Eplet«Eg er ikkje i tvil. Ikkje eit snev. Viss eg tek med meg det eplet til dei, får eg fred resten av sommaren.»

Det er sommarferie og sju veker utan skule. Den einaste i gata som ikkje boltrar seg på kritkvite strender eller snorklar etter fisk, er Kristoffer. Alle dei andre er på spennande feriar. Eller nesten alle … Kan det skje spennande ting heime?

I nabolaget der Kristoffer bur, er det eit kloster med ein stor frukthage rundt: Paradiset. Det er eit gamalt nonnekloster, og mange snakkar om det skumle og mystiske som har skjedd der inne. Kristoffer kjem i trøbbel med nokre eldre gutar i gata og blir pressa inn i klosterhagen for å stele eple. Innanfor det høge klostergjerdet er spenninga til å ta og føle på.

Les meir

Jens Haugan: No kan du sove, vesle gut

No_kan_du_soveIllustrert av Bente-Linn Bergene Huseby

Etter ein lang dag kan det vere koseleg å slappe av med ei lita lesestund eller kanskje ei songstund. Denne boka inneheld ein tekst som kan både lesast og syngast. Bileta i boka legg til rette for samtalar om katten og musa som sovnar og snart skal også veslegut sove. Teikningane har sterke klare fargar og fungerer som støtte til teksten. Gjennom samtale og song kan dei yngste barna vere delaktige i viktig språklæring.
Les meir

Barnas store eventyrbok

Barnas store eventyrbokEndeleg er ho her, eventyrboka på nynorsk. Maria Parr har omsett Barnas store eventyrbok til nynorsk. I denne boka finn du dei kjende eventyra: Bukkane Bruse, Raudhette, Fyrtøyet, Pannekaka, Bymusikantane frå Bremen, Mannen som skulle stelle heime, Den stygge andungen og Tornerose.

Boka er illustrert med dei kjende illustrasjonane til Svend Otto S, og det er store fine illustrasjonar som eignar seg godt både når ein skal lese med barnet på fanget og når ein skal lese for ei gruppe barn.

Les meir

Bente Bratlund: Hanna & Emma (bok 4 og 5)

Hanna_og_Emma_7Bente Bratlund har no gjeve ut fem bøker i lettles-serien om veninnene Hanna og Emma. Alle bøkene har to korte forteljingar i kvar bok.

Dei to jentene møter stadig nye utfordringar, og Bratlund syner fram fleire typar relasjonar i bøkene. I bok nummer fire, Surare enn sitron / Hemmeleg gjest, får Hanna ei ny syster. Det er ikkje ei lita syster, men ei stor syster: Jill med grønt hår og ring i nasen. Ho er dottera til den nye kjærasten til mamma og kjem på besøk. No skal dei liksom verte vener, for det vil mamma. Det er lettare sagt enn gjort når Jill er sur som ein sitron. Denne relasjonen gjev utfordringar for Hanna. Heldigvis har ho Emma som trer støttande til i ein vanskeleg situasjon.

Les meir

Lisbeth Dreyer og Per Ragnar Møkleby: Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar

Konrad KråkebolleSkal du på fjøretur i sommar? Visste du at der kan du møte Bella Blåskjel og Konrad Kråkebolle?

Bella heng
på bryggebein,
kusina heng
på fjørestein.

I boka om Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar møter vi ulike små dyr og skapningar som vi kan finne under steinar i fjøra, i vasskanten eller ute i sjøen. Gjennom små, leikne dikt og teikningar tek forfattar Lisbeth Dreyer og illustratør Per Ragnar Møkleby oss med til ei verd full av dyr frå hav, fjord og strand.

Les meir

Jørn Hurum og Torstein Helleve: Ida & Monsterøglene på Svalbard

Ida_Nynorsk_OmslagBøkene er illustrerte av Esther van Hulsen.

 6–12 år

Apejenta Ida levde for 47 millionar år sidan i Tyskland. I fagbiletboka Ida får vi kjennskap til korleis ho levde og korleis forskarar jobbar for å hente fram slik kunnskap.

Fossilet av Ida vart funne i Messel sør i Frankfurt i 1983. Funnet vart halde hemmeleg i over 20 år, men i 2007 fekk Naturhistorisk museum i Noreg kjøpe henne. I to år arbeidde Hurum saman med fem andre forskarar med å underbygge teoriane sine om Ida si viktige rolle for å gje oss vesentleg meir kunnskap om evolusjonen til menneskeslekta. Teoriane vart gjorde kjende i mai 2009. Hurum er kjend for å vere ein stor fagentusiast og for å popularisere forskinga si og gjere publikumsvenlege val i formidlinga.

Les meir

Samlaget: Leseland

leselandLese-app for born i alderen 4–10 år

Leseland er lesetreningsbøker for born som lærer å lese. Appen passar særleg godt for born som treng ekstra støtte og motivasjon i lesetreninga. Han inneheld åtte bøker, og du kan få appen både til Ipad, Android og Windows 8. Bøkene er delte inn i fire nivå, med to bøker på kvart nivå. Les meir