Ida Neverdahl: Floke 3 – verdas ende

Ida Neverdahl: Floke 3

Med Floke 3 – verdas ende avsluttar Ida Neverdahl den elleville og fantastiske teikneserietrilogien om Floke Skrufson, ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd.  

Arnfinn Kolerud: Gamle menn i syningom

Gamle menn i syningom er den tredje og siste romanen i trilogien om Vassbygda/Vassbygdi, den siste landsbyen i Norike som klamrar seg til nynorsken. Bygda der innbyggarane kranglar om a-endingar og i-endingar, og klassane på skulen ikkje heiter a og b, men a og i.  

Marie Tveiten: Bonus

Astrid er i slutten av 20-åra og arbeider som kommunikasjonsansvarleg i eit byrå. Ho drøymer om å opne sitt eige galleri, og ein dag kanskje stille ut sin eigne bilete.  

I starten av romanen har Astrid blitt kjærast med Anders. Paret er stormforelska og lever bekymringslaust i eit solfylt Oslo med varme sommardagar og lange kveldar. Anders er nokre år eldre enn Astrid, og han har ein gut på eitt år frå eit tidlegare forhold.  

Peter F. Strassegger: Aleksander den store

Alexander er 15 år og utvist frå skulen. Han har rive ut det eine auga til medeleven David under ein slosskamp i skulegården. David har mobba han i mange år, og til slutt svartna det for Alexander og han gjekk for langt.

Jon Fosse: Det andre namnet

Det andre namnet – Septologien I–II er dei to første av sju delar i Jon Fosse sitt nye verk. Det vil til saman kome tre bøker, der den andre boka, Eg er ein annan, kjem i 2020, og den siste, Eit nytt namn, kjem i 2021.

Gunnar Garfors: Ingenstad – på tur til verdas minst besøkte land

Journalist Gunnar Garfors har vore to gongar i alle dei 198 landa i verda. Boka Ingenstad er reiseminne frå dei 20 minst besøkte landa. Nokre av landa har vi høyrt om fordi dei har fått oppslag i vestlege medium om «krig, terror, sjukdom og faenskap». Andre land er naturskjønne paradis med lite kriminalitet, men som er «så små og avsidesliggjande og dårlege til å marknadsføre seg sjølve at det aldri har vore nokon grunn til at du skulle høyre om dei». Gjennom samtalar og samkvem med menneske prøver han å teikne eit bilete av ulike delar av samfunnsliv og daglegliv. Målet har vore å formidle opplevingar og møte med kulturar folk veit svært lite om.

Anne Gunn Halvorsen: Stress og korleis leve med det. 9 historier, 14 tips.

I 2006 fekk ein seniorrådgivar ved Universitetet i Oslo ein telefon frå ein kjemiprofessor frå NTNU. Professoren var bekymra fordi mange kvinnelege studentar var svært opprørte over å få karakteren B på eksamen. Dei plaga studentane hadde ikkje berre eit mål om å fullføre studia sine. Dei ville ligge i tet. Det var dette dei […]

Ahmet Altan: Eg får aldri sjå verda igjen

Etter kuppforsøket i Tyrkia sommaren 2016 gjekk president Erdogan til angrep på den frie pressa. Den frittalande journalisten og forfattaren Ahmet Altan var ein av dei mange som blei arresterte. På grunnlag av artiklar han har skrive og noko han har sagt på tv, er han dømd til fengsel på livstid, utan rett til å søkje om nåde.

Norsk røyndom

I serien Norsk røyndom fortel utvalde forfattarar om tema dei er opptekne av, forteljingar om den norske samtida. Det har til no kome sju bøker i serien, om aktuelle tema som rasisme, utanforskap, kristen tru og homofili. Forfattarane skriv personlege essay baserte på livserfaringar og observasjonar. Historier som opplyser oss og får oss til å reflektere.

Juleroser

Juleroser er eit litterært julehefte med bidrag frå nokre av dei fremste kunstnarane og forfattarane i vår tid.

Barnas Juleroser

Barnas Juleroser inneheld flotte forteljingar og vakre illustrasjonar som minner oss om at jula kan vere ei tid for å tenne lys og for å vere lys for kvarandre.

Camara Lundestad Joof: Eg snakkar om det heile tida

Sjølv om Camara er norsk og kjenner seg norsk, blir ho heile tida minna om at mange meiner ho ikkje er norsk nok. Far til Camara er frå Banjul i Gambia. Difor er ho brun.

I boka fortel Camara om episodar som har skjedd henne då ho var lita og episodar som skjer i dag. Boka er eit vitnemål om ein kvardagsrasisme som mange av oss ikkje vil vedkjenne oss at skjer i det moderne Noreg. Ei taus diskriminering som gjennomsyrer kvardagane hennar og legg ein skugge over hendingar som kunne vore gode.

Atle Hansen: Maria møy

Den ukjende forfattaren Jo Havn har skrivesperre. For å finne inspirasjon til sin neste roman tek han turen til staden han vaks opp, eit lite øysamfunn sør på Vestlandet. Han leiger ei rorbu av ein barndomskamerat og kjem i kontakt med fleire som bur på øya. Mykje har endra seg på dei 40 åra han har budd i byen. Øya har fått laksebaronar med stor kapital og symjebasseng i hagen, asylmottak, utanlandske arbeidarar, krisesenter, hyttefelt og bygdemuseum. Skilnaden mellom fattige og rike er større enn før, og under fasaden ulmar bygdesladderet og mørke løyndommar.