Skribentarkiv: Marit Brekke

Astrid Sverresdotter Dypvik: Berlinhistorier. Kald krig i den delte byen

I den nye boka til Astrid Sverresdotter Dypvik får vi nye historier om livet i DDR, men denne gongen er det enkeltskjebnar i Berlin ho skriv om.

Vi møter barna i Sachsenshausen, som vert skildra gjennom forteljinga til Sacha, Alexander Latotzky. Sachsenhausen som vart brukt som konsentrasjonsleir under andre verdskrig, vart under den kalde krigen ein straffeleir for fangar, som var plasserte der utan dom. Dei fleste visste ikkje kor lenge dei måtte vere der. Sacha kom då han var to månader. Etter kvart vart han tatt frå mora og send til ein barneheim. Anton Makarenko var den populære pedagogen på denne tida, og hadde sterk vekt på at kollektivet kunne utføre straff for å disiplinere barna:

«Ein kveld var det Alexander sin tur. Alle ungane var samla i matsalen. Alexander sto i midten. Dei andre stod i ein ring rundt han. Oppdragaren, den vaksne, stod ved døra. Så gav han signalet. Ungane kasta seg over Alexander. Dei sparka, slo, klorte. (…) Ungane gav seg ikkje før oppdragaren signaliserte at dei skulle slutte. Då trekte dei seg unna. (…) Alexander var åtte år og hadde prøvd å rømme frå barneheimen.»

Les meir

Marit Kaldhol: Z for sorry

I Z for sorry held Marit Kaldhol fram med å skrive om nokre av ungdommane som vi møtte i den kritikarroste romanen Zweet (2015).

I den nye romanen møter vi att Susan, og ho har vorte utsett for ei ulukke. Eller er det eigentleg ei ulukke?

Vi møter Susan i senga på sjukehuset. Kvifor ligg ho der? Forteljaren held tilbake mykje informasjon om kva som har skjedd med Susan, og motivasjonen for å få ei forklaring på sjukehusopphaldet driv lesaren vidare i forteljinga. Gradvis vert historia om henne rulla opp. Forteljinga vekslar mellom fortid og notid, og slik vert det ein samanheng mellom dei to romanane Zweet og Z for sorry. I Zweet var Susan ein av dei som mobba Lill Miriam, ei jente i klassa. Og vi får vite at Susan vart utestengd av den gamle veninnegjengen etter at ho snakka med rektor om mobbinga. Det er over eit år sidan, men framleis er ho ikkje tilgitt: «Vi snakkar ikkje med slike som deg», skriv ei av dei på sms. Dei som seier frå, kan sjølv verte utsette for mobbing.

Les meir

Frode Grytten: Menn som ingen treng

menn_som_ingen_trengMenn som ingen treng er ei novellesamling av Frode Grytten som vart utgjeven hausten 2016. Tittelen på samlinga peikar på ein felles tematikk i alle tekstane, nemleg menn som kjenner seg utilstrekkelege, unyttige, avviste, mislukka og utnytta.

Vi får høyre om fedrar som drikk for mykje, som slår, og om fedrar som utnyttar sønene til å utføre kriminelle handlingar. Det er dei problematiske forholda som vert viste fram, korleis mødrer eller barn vert offer for mennene og protesterer mot dei på ulikt vis. Mora i den første novella får seg kjærast som ho ublygt tek med heim, køyrer bilturar med og viser fram for nabolaget. Protesten mot livet ho lever, vert tydeleg særleg sidan handlinga er lagd til året 1974. Syttitalet er som vi veit tiåret for kvinnekamp og lausriving frå tradisjonelle kjønnsroller. Mora tek grep om eige liv, og gjer opprør mot den ofte underkua husmora frå 50- og tidleg 60-talet. Sonen forstår ikkje korleis mora kan gjere dette, men han skjønar også at forholdet til faren er dårleg fordi faren drikk og slår, og har psykopatiske trekk når han er heime frå sjøen. Sonen kjenner seg utrygg i sitt eige forhold til ei jente som verken seier at ho treng han eller vil vere i eit fast forhold med han. Kvinnene vert sterkare i novella, noko som resulterer i at mennene vert usikre og desperate. Den siste setninga ber dommedagsmørket i seg: «Eg visste den gongen ingenting om kor ille dette kom til å ende».

Les meir

Kjartan Hatløy: Den kvite vegen. Stemningar frå Salbu

«Alt som unge lurte eg på kva det tyder, dette ordet:
er».

Den kvite vegen. Stemningar frå Salbu (2016) av Kjartan Hatløy er ei diktsamling som er nominert til Ungdommens kritikarpris. Ungdommens kritikarpris er ein pris for skjønnlitterær samtidslitteratur, delt ut av elevar i vidaregåande opplæring.

I den prosalyriske diktsamlinga møter vi eit søkande eg, som lever i landlege omgjevnader i det same huset som foreldra hans budde. Han bur åleine, er ein ungkar på mellom seksti og sytti år, men er ikkje einsam, for han les mykje, grublar og sansar aktivt livet. Og sjølv om foreldra er døde, slår han enkelt fast at «Framleis har dei vekt».
Les meir

Aina Basso: Heksejakt og heksebrenning i Europa

heksejaktKva er sator-rotas-formelen? Kvifor begynte James 6. å interessere seg for hekser og heksejakt? Kva er diabolisme og signeri? Kvifor var mange redde for trollkatten? Og kven var trollungane på Vardøhus festning?

Aina Basso er utdanna historikar og har skrive om hekser før, i romanen Inn i elden (2012). Heksejakt og heksebrenning i Europa er den første sakprosaboka hennar. Ho startar med å skrive om kanskje dei mest kjende trollmennene og heksene i vår tid, Harry Potter, Hermine og Ronny, rektor Humlesnurr og den vonde Lord Voldemort. Med dette som utgangspunkt går ho tilbake i tid, til då folk verkeleg trudde på hekser i Europa.

Les meir

Mary Shelley: Frankenstein

frankenstein«Lær av meg, om ikkje frå formaningane mine så frå eksempelet mitt, kor farleg det kan vere å få kunnskap, og kor mykje lykkelegare han er som trur heimbyen hans er heile verda, enn han som strevar etter å bli mektigare enn karakteren hans vil tillate.»

Romanen Frankenstein er omsett til nynorsk av Øystein Vidnes og kom ut på Skald Forlag hausten 2016. Den er ein av fleire klassikarar som skal omsetjast til nynorsk på dette forlaget. I tillegg til Frankenstein er Forvandlinga og andre forteljingar av Franz Kafka (og omsett av Jon Fosse) komen ut, og i 2017 kjem to romanar: Robert Müsil: Tre kvinner og Gustave Flaubert: Madame Bovary, og novellesamlinga Dei døde av James Joyce. Det er viktig at ein får omsett sentrale verk frå verdslitteraturen til nynorsk, og denne serien står i ein sterk nynorsk omsetjartradisjon.

Les meir

Anna Gavalda: Livet, til det betre

Denne romanen handlar om tre menneske i Paris. Dei er i tjueåra, og dei har det til felles at dei opplever hendingar som gjer at dei må tenkje på nytt om eige liv. Romanen er delt inn i tre forteljingar på om lag 100–120 sider kvar. Mathilde er den første vi vert kjende med. Ho er 24 år, kunststudent og rappkjefta: «Hadde vore klokare av meg å få ferdig (få begynt på) masteroppgåva (…) eller få tenkt litt på framtida mi, meg sjøl, økonomi og pensjonspoeng, men dessverre, eg mista trua på akademia ein plass på vegen, og alt eg tenkjer på, er å leve livet, right on, utan skisser og disposisjonar. Sia alt er juks og bedrag … Sia alt er berre kommentarar… Sia polane smeltar, og bankane endar opp med full erstatning, og bøndene henger seg på låven og dei fjernar offentlege benkar så dei heimlause ikkje skal setje seg … Hæ? Skulle eg plage meg sjøl med å slå ned teltpluggane, liksom, i ein sånn verden?»

Les meir

Marianne Clementine Håheim: Svart belte

Svart belteSvart belte er ein kortprosaroman av Marianne Clementine Håheim, og kom ut på Forlaget Oktober 2015. Kortprosaromanen handlar om ei jente som har anoreksi. Anoreksien vert skildra like mykje som ein livsstil som at det er ein sjukdom. Ho gøymer spyposar på faste plassar i huset, og brukar ofte ein plastpose ekstra utanpå spyposen for å vere sikker på at lukta ikkje skal avsløre gøymeplassane hennar. Ho ber spy til og frå skulen i ryggsekken, og kastar posane i andre sine bossbøtter på vegen heim. Den sjuke gøymer på løyndommane sine som skattar. Ho spyr i naturen, og markerer som eit dyr sitt eige territorium, eller ho brukar offentlege toalett. Mange kjenner seg nok att i slike skildringar om å løyne sin eigen sjukdom, diverre. Men etter ei tid vert anoreksien så dominerande i livet til jenta at ho vert innlagd, må matast med sonde, får liggesår og er så tynn at ho får dun på ryggen. Ho er sårbar, og av og til apatisk. Boka er tematisk sett ubehageleg å lese. Ein vert sint og frustrert av å lese om eit menneske som øydelegg seg sjølv, som dyrkar sin eigen tilstand, men som også er lei seg og som ikkje forstår sine eigne reaksjonsmønster.

Les meir

Agnes Ravatn: Folkelesnad

folkelesnadKva er det med Agnes Ravatn og den salte pennen hennar? Essaysamlinga Folkelesnad kom ut i 2011, og fortener klassikarstatus i skildringa av vekepressa og lesevanane til nordmenn. Samlinga er inndelt i kapittel som tek for seg ulike typar blad: interiørblad, kvinneblad, jakt, fiske og friluftsliv, mammablad m.m.

Her kan du le høgt frå første side, for Ravatn kommenterer og filosoferer aktivt over framsider og innhald, faste spaltar og merkelege intervju og over kva som kjenneteiknar dei ulike vekebladsjangrane. Og det er mykje ein kan raljere over i vekepressa når ein er ein humorist som Ravatn. Les meir

Ruth Lillegraven: Sigd

SigdSigd er ein poetisk biografi med handlinga lagd til siste halvdelen av 1800-talet. Biografien har fire delar, og handlar i hovudsak om odelsguten Endre. Endre har ei lyrisk forteljarstemme som viser seg i naturbilda som skildrar familie og gardsliv: «Mor mi er smeltesol og smørblom / far er gammalgran og sveveørn». Han lever eit tradisjonelt liv som odelsgut, og vert buande heime på garden saman med foreldra, medan syskena flyttar til Amerika eller giftar seg. Les meir