Skribentarkiv: Øystein Espe Bae

Hilde Myklebust: Glødepunkt

Kven skulle tru olivinproduksjon var så spanande? I Hilde Myklebust sin spanande roman Glødepunkt får både olivinstein og menneske som livnærer seg av han, hard medfart når leiinga i hjørnesteinsbedrifta i vestlandsbygda tek på seg eit altfor stort oppdrag.

Vi møter fleire personar som livnærer seg av olivinsteinproduksjon i denne nokså tragiske historia. Handlinga er lagd til dagens postindustrielle samfunn i ei lita vestlandsbygd. Lesaren får eit spanande og realistisk skildra innblikk i dei ulike fasane av industriell olivinsandproduksjon, i ei forteljing som tidvis dreg vekslar på smelteverkslitteraturen om Odda og andre industribygder på Vestlandet frå dei siste tiåra. Les meir

Bente Bratlund: Hanna & Emma (bok 1, 2 og 3)

Bente Bratlund har nett gjeve ut den tredje boka i serien om veninnene Hanna og Emma. Alle bøkene er lettlesne to-i-ei-bøker, og dei smittar med sitt positive vesen og allmenne relasjonstematikk.

I den første boka i serien, Eg spør / Eg tør, møter vi bestevenene Hanna og Emma. Det handlar om nær venskap, og ikkje minst om korleis Hanna på eitt blunk går frå deprimerande avslag på grått papir (frå Marius) til jubel og sin første kjærast (Sjur). For ein kjærast er noko alle veninnene har, og er vel noko ein berre må skaffe seg først som sist – eller? Les meir

Rønnaug Kleiva: Vegen heim frå Sarajevo

Med Vegen heim frå Sarajevo har Rønnaug Kleiva skrive ei svært sterk forteljing om ei ung jente sine tankar og strategiar for å stå oppreist etter ei valdtekt.

Kleiva tek lesaren med på ei reise inn i hovudpersonen Susi sitt granatsplintra indre liv etter overgrepet – og til Sarajevo. Det er nemleg hit Susi flyktar dagen etter valdtekta, i ein freistnad på å handtere kjensla av å ha blitt gjort til eit objekt: «Han gjekk rett etter at han kom. Så var eg åleine (…) Eg hugsar ikkje noko frå akkurat då det skjedde. Eg meiner, eg hugsar det saklege, fakta. Men eg hugsar ikkje kva eg følte. Tv-en stod på. Det var eit reality-show.»

Gjennom korttekstar som til saman utgjer ein heilskap, får lesaren innblikk i brotstykke av ein handlingsgang og eit indre liv. Me hoppar fram og tilbake i tid, men boka startar med at Susi har landa i Sarajevo, og det er ei sterk, subjektiv stemme som talar. Les meir

Ingelin Røssland: Engleslakt

Engleslakt er tredje boka i Ingelin Røsslands spanande og populære serie om  detektivheltinna Engel Winge. Og det vert ikkje noko mindre nervepirrande denne gongen, om du trudde det!

Røssland (f. 1976) let seg ofte inspirere av miljø som ho sjølv har vanka i. Ho tek utgangspunkt i eit representativt, lite bygdesamfunn ein stad på Vestlandet, der ho let Engel ha den same jobben som ho sjølv ein gong hadde, som journalist i lokalavisa. I dei to første bøkene møtte lesaren ei rappkjefta og insisterande jente som var viljug til å ta drastiske sjansar for å kome til botns i dei sakene ho vart involvert i. Første boka, Englefjes handla både om menneskehandel, politisk korrupsjon og miljøvern. I oppfølgjaren Englejakt får lesaren servert mystiske forsvinningar, narkohandel og overgrep. På t-skjorta til hovudpersonen stod det «My name is Queen of Fucking Everything». Og det seier vel ein del? Her er det inga kjære mor! Les meir

Robert Muchamore: Rekrutten & Kokainkongen

Å setje born i 12-årsalderen til å vere spesialagentar for den britiske etterretningstenesta er eit flott utgangspunkt for å skrive spanande historier som fengjer både han og ho.

Den britiske forfattaren Robert Muchamore nærast hypnotiserte den 12-årige veslebror min med dei nyleg utkomne ungdomsromanane Rekrutten og Kokainkongen. Her er det verkeleg tale om typiske «pageturnerar» tilpassa eit adrenalinhungrig publikum i 10–14-årsalderen. Begge bøkene er ein del av Cherub-serien som no gradvis vert omsett til nynorsk.

Hovudpersonen i historia er det samvitsfulle problembarnet James Adams. Serien startar med at mor hans døyr, og den elles evnesterke 12-åringen vert tilfeldigvis innrullert i ein noko spesiell skule som viser seg å rekruttere hemmelege agentar til CHERUB, ein statleg organisasjon som trenar opp spionar. Men det er ikkje vanlege, vaksne spionar dei skal ende opp med å verte. Fordi ingen vaksne vil mistenkje born for å vere agentar, er det nettopp mindreårige som vert brukte av etterretningstenesta på viktige oppdrag. Visste du ikkje det? Der ser du. Les meir

Verdt å vite om dyras liv

Verdt å vite om dyras liv

Verdt å vite om dyras liv er ei fargerik og spørjande faktabok om dyr. I tillegg til å presentere morosam informasjon og fakta, stimulerer ho til sjølvstendig tenking om viktige samanhengar.

Boka er full av fargerike og fine bilete av dyr, og tek føre seg dei ulike husdyra vi har her til lands, i ein klar og enkelt forståeleg prosa. Ho ei flott kjelde til kunnskap om tradisjonar og dyrehald før og no.

Visste du forresten at det er fleire kyllingar enn menneske i verda, eller at ei ku drikk 150 liter vatn om dagen?

Les meir

Jan Roar Leikvoll: Fiolinane

Jan Roar Leikvolls Fiolinane er ein svært god, poetisk roman som granskar yttergrensene av kva det vil seie å vere eit menneske. Men boka er så sterk kost at ho ikkje bør nytast som tilbehør til kveldsmaten.

Leikvoll har skrive ein dvelande, eksistensiell roman som fortel historia til ein gut som er i ferd med å bli mann. Men dette er ingen vanleg oppvekstsroman. Leikvoll har plassert ei apokalyptisk hending i eit univers som ikkje liknar grisen: Menneska som me møter, er i praksis innestengde på ei gigantisk søppelfylling dei ikkje ser enden av, og der Darwins maksime om «den sterkaste sin rett» blir spelt ut i groteske, brutalt valdelege former.

Her lever tusenvis av menneske nærast som dyr i ein sandstorm. Dei bur i provisoriske skur og er organiserte i flokkar. Dei er skitne, svoltne, sjuke og utildekte – og sola gir brennmerke frå klar himmel. Kvar har verda, slik me kjenner ho, blitt av? Eller er det slik at me i røynda ikkje kjenner ho så godt som me trur? Les meir

Terje Torkildsen: Dystopia 1+2

Terje Torkildsens Dystopia 1+2 er første halvdelen av ei spaningshistorie som er lagd til året 2014. Ein gjeng 17-åringar er på klassetur i England då det utenkjelege skjer: Med ei enorm flodbølgje i Nordsjøen byrjar eit ragnarok ingen har sett sidestykke til.

Naturkatastrofen, som nett har skjedd då forteljinga byrjar, har fått fatale konsekvensar for millionar av menneske langs kysten mot Nordsjøen. Det heile utviklar seg til ein kamp for å overleve som er hakket meir strabasiøs enn ein handlelaurdag på Oxford Street i London. Det er unntakstilstand, flyplassane er stengde, og landet er mystisk nok hermetisk lukka av militæret.

I kaoset som oppstår i ettertid, fell mange ifrå, også lærarane i klassa. Korleis skal ein handfull tenåringar med ulik bakgrunn og temperament klare å redde seg heilskinna ut av situasjonen? Les meir

Elskar, elskar ikkje

Ein av nykomarane frå Samlaget i år som er verdt å ta med seg inn i klasserommet, er novellesamlinga Elskar, elskar ikkje. Samlinga inneheld nye, nordiske kjærleiksnoveller for både han og ho – alle omsette til nynorsk.

Her blir dei mange ulike formene for kjærleik mellom to menneske tematiserte – på godt og vondt. I tillegg til å handle om den ofte såre og vanskelege kjærleiken, har mange av novellene også ein kjønna, moralsk eller etnisk komponent. Felles for tekstane er at dei er engasjerande og inviterer lesaren til å føle empati og respekt for den andre sitt perspektiv. Novellene kan fungere som utgangpunkt for gode diskusjonar mellom elevar både på ungdomstrinnet og på vidaregåande.
Les meir