Skribentarkiv: Petra J. Helgesen

Atle Berge og Henning Lystad: Keeperkongen

Keeperkongen_Leseland

Heile gjengen stirar på den fremmende dama.
«Er DU Keeperkongen?» seier Leo og Moa i kor.
Dama nikkar.
«Det er meg», seier ho.
«Vi trudde Keeperkongen var ein …» seier Aleksander.
«Ein mann?» spør dama.
«Ja», mumlar Aleksander.
«Kongar er ofte menn.»

Lettlesboka om «Keeperkongen» er Atle Berge si bok nummer tre om Barcelona-gjengen. Eigentleg heiter laget Komet IL, men desse gutane er blodfan av dei spanske toppspelarane på Barcelona, og under dei kvite Komet-trøyene skjuler det seg blå og raude striper.

Les meir

Lena og Olof Landström: Pom og Pim

Pom og PimFrå 2 år og oppover

Tekst: Lena Landström
Illustrasjon: Olof Landström
Omsett av: Ragnar Hovland
Det Norske Samlaget

Lena og Olof Landström er skaparane bak ein av mine TV-favorittar: Kalles klatretre. Ein fantastisk animasjonsserie produsert for svensk TV på 70-talet og send i eit utal reprisar på norsk TV utover 80- og 90-talet. Dette svenske ekteparet er meistrar i klok naivitet.

Meisterskapen har dei også brukt i småbarnsserien om dei to sauane Bø og bæ, og i bøkene om Stian. Alle utgitt på Det Norske Samlaget. I fjor laga dei to nye figurar for dei aller minste, Pom og Pim, og den fyste boka om dei har nett kome på norsk.

Les meir

Tor Arve Røssland: Svarte-Mathilda II

Svarte-Mathilda IIDei som likte den første boka om «Svarte-Mathilda» frå 2010, må få med seg oppfølgjaren. Svarte-Mathilda II kom no i haust, og Tor Arve Røssland leverer varene denne gongen òg. Her er blod, drap og redslar så det held – alt i eit lettfatteleg og drivande språk.

Då førre boka slutta, trudde Elisabeth at ho hadde fanga Svarte-Mathilda i ein medaljong, og at ho skulle sleppe å sjå fleire skrømt. Det var det mange lesarar som håpa at ho ikkje skulle få rett i. Ungdommane som anbefalte og melde boka til Uprisen i 2011 ønskte seg både film og fleire bøker. Filmen har ikkje kome, men til gjengjeld kjem det meir enn ein oppfølgjar. Røssland lover at Svarte-Mathilda III er like om hjørnet, og Elisabeth må nok hanskast med skrømta sine ei god stund til – til hennar fortviling, og frydefulle grøss frå lesarane.

Les meir

Erna Osland: Hør! 21 forteljingar om Eli

Illustrasjon: Åshild Irgens
Aschehoug

Alle dei tjueein forteljingane i «Hør!» er små dikt. Dei fortel om små og store hendingar i livet til Eli – i familien, med vener og på skulen. Ho slåst med bror sin, er aleine heime, trøystar mor si, drar på besøk til bestefedrane sine og leiker med jentene i klassen. Episodane er realistiske og lette å kjenne seg igjen i, men det blir aldri føreseieleg eller keisamt, korkje når det gjeld handling eller språk.

Les meir

Asbjørn Rydland: Mørkemanaren

Asbjørn Rydland har komme til bok nummer tre i serien om drakeguten Koll. Han er som tidlegare opptatt av kampen mellom det vonde og det gode – med ein vri.

I den første boka fekk Koll oppleve at det ikkje alltid er like opplagt kven som er god og kven som er vond, at vener ikkje alltid er til å stole på, og at hjelpa ikkje alltid kjem. I neste boka måtte han kjempe med vondskapen i seg sjølv. Begge tema blir vidareførte i denne boka, men Koll er ferdig med å vere naiv. Denne gongen må han på nytt lære seg å stole på seg sjølv og andre folk – han trur vondskapen lurer overalt.

Les meir

Erna Osland: Når du går på ei bru

Illustrasjon: Espen Friberg
Foto: Hans Petter Martinussen
Mangschou

Når Erna Osland skriv fagbøker for barn, er ho uslåeleg. Ho er pedagogisk, systematisk og påliteleg, slik ein fagbokforfattar skal vere. Samstundes er ho morosam, assosiativ og skjønnlitterær i tilnærminga si. Det gjer fagbøkene hennar til tverrfagleg og underhaldande lesing.

Denne gongen har ho skrive ei bok om bruer. I Når du går på ei bru kan vi sjølvsagt lese om fysikk, ingeniørkunst og prosjektleiing, men også om rekordar, kommunepolitikk, historikk og lingvistikk. Her er det noko for den som vil vite nøyaktig korleis spennbetong fungerer, men også for den som interesserer seg for historia bak dei ulike brunamna, eller dei som ganske enkelt vil ha ei bru bygd. Les meir

Sigri Sandberg Meløy: Klimaboka

Det Norske Samlaget

Sigri Sandberg Meløy kjem med mange klåre meldingar i Klimaboka – den andre boka i Samlagets serie med debattbøker for ungdom. Eg meiner at følgjande melding er av dei viktigaste: «Ver skeptisk! Ver skeptisk til meg, til det eg skriv, til det andre skriv, forskarar, forfattarar, politikarar, bloggarar. Ikkje ver redd for å stille desse spørsmåla, dumme enkle, frekke – berre køyr på!»

Klimasaka er skulepensum for alle norske ungdommar. Dette er noko dei veit og høyrer mykje om, og som dei sikkert har diskutert hundre gonger minst. Likevel er det viktig med ei bok som gjer dette stoffet levande og nært, og som angrip det frå mange vinklar, og som oppmodar til å tenkje sjølv. Det er nett dette Sandberg Meløy gir oss. Les meir

Anna R. Folkestad: Henrik And

Det Norske Samlaget

«Dette er Henrik And. Ei heilt vanleg and med ein heilt vanleg draum. Han vil vera noko anna.» Slik opnar debutant Anna R. Folkestad biletboka om Henrik And, saman med eit bilete av Henrik i ein litt tafatt og oppgitt positur. Så byrjar Henrik å tenkje: «kva skulle han vera?» Og han kjem med mange framlegg – kanskje ein katt, ein hund, ein sjiraff eller ein mark? Les meir

Sunniva Relling Berg: Utfor

Det Norske Samlaget

Utfor av Sunniva Relling Berg har ei av dei finaste opningssetningane i 2011: «Det var som om heile havet landa på frontruta.» Vatn er ofte eit bilete på kjenslene våre. I Utfor understrekar havet og vatnet alt det hovudpersonen Lea slit med. I byrjinga er bølgjer og regn forrykande. Hav og himmel går i eitt. I slutninga kan ho teikne horisonten som ei lett krusa line. Det blir betre.

Lea er ein fjorten år gamal mattenerd som nett har flytta frå mobbarane sine i byen til ei øy ytst i havgapet. Det er to sentrale konfliktar i teksten, ein indre konflikt og ein ytre. Den ytre konflikten forstår ikkje Lea noko av, men det er tydeleg at Jonas, ein av gutane på øya, har gjort noko forferdeleg. Dei andre tre ungdommane som bur der ute, Mads, Mia og Arne, nektar å vere med han. Lea vil gjerne vere med dei alle, sjølv om dei er merkelege, kvar på sitt vis. Kva er det dei held skjult for ho? Les meir

Teresa Grøtan: Klara kan – mykje rart om klede

I Klara kan – mykje rart om klede finn Klara ut at klede er laga av dei merkelegaste ting: plastflasker, ormespytt, bambus, brennesle, bananar, kaffi, korn og mjølk. Klara er ei nysgjerrig jente som spør og spør heilt til ho finn svara, og ho fortel vennene sine kva ho har funne ut. Det dumme er at røynda av og til kan vere så merkeleg, at vennene hennar ikkje trur på alt ho seier.

Teresa Grøtan har med andre ord ikkje skrive rein sakprosa denne gongen. I 2009 gav ho ut Globaliseringsboka, ei debattbok for ungdom om konsekvensar av globalisering. I den boka kopla ho personlege erfaringar og fakta på ein treffsikker måte. Med denne nye serien om Klara, rettar ho seg inn mot ei yngre målgruppe, fortsatt med faktaformidling som ei viktig målsetjing, men her er kunnskapen ramma inn av ei skjønnlitterær forteljing. Les meir