Johannes Nymark: Barça. I kamp sidan 1899

Johannes Nymark skriv om kvifor FC Barcelona er annleis enn andre fotballag, og korleis klubben alltid har spelt ei viktig rolle for politikk, kultur og samfunn i den autonome regionen Katalonia. Her var det tidleg sterke rørsler for modernitet, fridom og demokrati i konflikt med den spanske sentralmakta i Madrid. Desse verdiane vart også berebjelkar for klubben sin identitet, og ligg under rivaliseringa mot erkefienden Real Madrid. Den er like hard i dag som for hundre år sidan. 

Åsmund Husabø Eikenes: Ny kunnskap om kreft. På veg mot framtidas kreftbehandling

Dette er ei bok som gir oppdatert og kvalitetssikra kunnskap om eit tema mange har høyrt om, men som få utanfor fagmiljøa har detaljert innsikt i. Forfattaren Åsmund Husabø Eikenes er sjølv kreftforskar med doktorgrad i emnet. Han greier det kunststykket å presentere dei mange og svært komplekse sidene ved denne alvorlege diagnosen på ein måte som er til å forstå også for ikkje-fagfolk.

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen: Sinne

Synne er 15 år og går siste året på ungdomsskulen. Ho har ein ADHD-diagnose som ho prøver å halde hemmeleg for klassekameratane, og har lært seg teknikkar for å halde kjenslene og reaksjonane i sjakk når det byrjar å koke.

Åsmund Husabø Eikenes: Sprut. Historia om kroppsvæskene våre

Biologen Åsmund Husebø Eikenes fortel på ein svært folkeleg og morosam måte om kvar dei ulike kroppsvæskene finst og kva funksjon dei har. Han har eit historisk perspektiv og krydrar framstillinga med døme frå eigne og andre sine personlege opplevingar og frå internasjonal forsking.

Arnfinn Kolerud: Kom ikkje inn i mitt hus

Å tulle med nynorsken og den norske språkstriden er ein risikosport. Nokre av dei som har prøvd seg med det dei siste 150 åra, har fått røyne det, med rasande tilsvar frå illsinte målfolk. Det gjeld neppe Arnfinn Kolerud. I så fall er det frå folk med uvanleg dårleg utvikla humoristisk sans. Han har skrive […]