Kategoriarkiv: 3–6

Sjå boklister for aldersgruppa: Boklister 3–6 år

Hans Sande og Skinkeape: Arkimedes og vindmølla

Denne biletboka er skriven av Hans Sande og illustrert av Skinkeape (Marianne Gretteberg Engedal). Boka handlar om katten Arkimedes, jenta Evreka og pappaen hennar, som er oppfinnar. Denne gongen prøver pappaen å finne opp ei vindmølle som heng i lause lufta. Illustrasjonane i boka er kreative og humoristiske, samstundes tek boka opp eit aktuelt tema. Kva skjer når ein plasserer vindmøller i naturen? «Heile Komlefjellet er øydelagt for all framtid!» står det i teksten, og vi ser døde fuglar ved sida av vindmøllene. Klarer oppfinnaren å lage ei flygande vindmølle som fungerer? Han vil som vanleg trenge hjelp frå både dottera Evreka og katten Arkimedes.

Dette er den femte boka i Arkimedes-serien. Dei andre bøkene er: Arkimedes og brødskiva, Arkimedes og rulletrappa, Arkimedes og Prompeland og Arkimedes og snøballen.

Hilde Myklebust og Akin Duzakin: Ylva og villgeitene

Ylva og pappa er på veg til sommarhuset, som ligg ved havet. Men dei er ikkje åleine under dei bratte fjellsidene. Villbukken Svartskjegg og geiteflokken hans held også til her. Det same gjer ørna.

Ylva er ei handlekraftig jente som liker og kan å røre seg i naturen. Ho veit kva som er viktig for ho. Då ho leikar i trea og på slettene ved sommarhuset, oppdagar ho noko nede i fjøresteinane. Noko lite og levande. Ei villgeit held på å få killingar, og ørna er på jakt. Kan Ylva klare å redde dei to killingane åleine?

Les meir

Rotraut Susanne Berner: Leit og finn i Vrimleby

Vinter – vår – sommar – haust

Klassikarane med dei detaljrike teikningane av alt som skjer i Vrimleby, er tilbake. No i eit hendig format for lesing på fanget eller i små grupper. Teikningane er dei same som før, men nytt i denne utgåva er eit felt nedst på oppslaga med nokre av teikningane og orda attmed. På denne måten vert det enklare å snakke om teikningane og å bruke nye og andre ord enn ein kanskje kjem på sjølv. Bøkene har kartongsider og kan godt lesast for, og brukast av, små born. Med den nye ordbokdelen nedst på sida er bøkene aktuelle også for større born og vaksne som skal lære norsk.

Les meir

Blåmann, bok med lyd

Redaktør: Finn Valgermo
Illustrert av Monia Nilsen

Blåmann, bok med lyd inneheld seks nynorske songar: Anne Knutsdotter, Blåmann, blåmann, Eg gjette Tulla, Fager kveldsol smiler, Eg veit ei lita jente og Bind deg ein blomekrans. Kvart oppslag i boka har tittel på songen, ein liten fingersensor som spelar av songen, og ein illustrasjon. Sjølve songtekstane er samla bak i boka. Boka er i kartong, noko som både gjer ho bruksvennleg for dei minste og gøymer den vesle musikkspelaren og batteriboksen.

Max Velthuijs: Den store boka om frosken og vennene

Omsett av Hanna Midtbø og Halldis Moren Vesaas

Det er tretti år sidan dei første forteljingane om frosken, og kva er vel betre enn å samle seks av bøkene i ei jubileumsutgåve? I Den store boka om frosken og vennene finn du desse forteljingane:

Les meir

Kari Stai: Jakob og Neikob. Stormen

Opplegg til boka:
Bok i bruk: Jakob og Neikob – med opplegg, fargeleggingsark og animasjonsfilm.

Dette er den sjette boka om Jakob og Neikob. Jakob og Neikob er framleis bestevenner som bur i lag på ein bakketopp. I Stormen møter vi også Spinnvill, ein energisk figur som driv ein fabrikk som kan lage alt mogleg. Spinnvill har fire hender, går på hjul og har det breiaste gliset du kan tenkje deg. Ho vil gjerne trykkje på alle knappane i fabrikken og lage alt mogleg på ein blunk!

Les meir

Anja Dahle Øverbye: Lykketanna

Seks år gamle Torbjørn skal byrja på skulen, og alle spør om han gler seg. Men det gjer han ikkje. Han vil helst ikkje slutta i barnehagen, og han gruar seg til å verta skulegut. Ein dag kjøper mor hans ei dinosaurtann til Torbjørn. Kan tanna vera ei lykketann, skal tru?

Forfattar og illustratør Anja Dahle Øverbye har tidlegare gjeve ut teikneseriar for vaksne. Når ho no skriv for born, er det i form av ei biletbok med teikneserieelement. Illustrasjonane er fargerike, detaljerte og særmerkte, og resultatet er ei fin og visuelt spanande forteljing om eit emne mange fem- og seksåringar kan kjenna seg att i.

Rakel Helmsdal, Kalle Güettler og Áslaug Jónsdóttir: Monsterbesøk og Monsterknipe

Omsetjing: Tove Bakke

Dei to nye bøkene om Veslemonster, Storemonster og den nye venen Raggmonster er parallelle historier som kan lesast kvar for seg.

I Monsterbesøk vil Storemonster leike med Veslemonster. Men Veslemonster kan ikkje, for Raggmonster er på besøk.

Veslemonster og eg skal ut og fiske, det gjer vi alltid om laurdagen.

– Kjem du, då? spør eg.
– Kor hen, svarer Veslemonster.
– Ut og fiskar, vel! seier eg.
– Nei, seier Veslemonster.
– Eg har ikkje tid. Ha det!

Storemonster tykkjer ikkje det er noko moro å leike åleine. Skal tru om dei kan leike saman alle tre? Monsterbesøk er ei bok om kor vanskeleg det er å vere tre.
Les meir

Mats Eldøen og Sindre Goksøyr: Viss eg hadde hale

Korleis ville det vore å ha øyre som ein elefant? Eller å ha hale som ein apekatt? Eller å vera tvikjønna som ein brunsnigel? Slike fabuleringar er utgangspunktet for denne leikne og originale faktaboka for born. Eldøen leikar seg med tanken på kva som kunne vore mogleg dersom han hadde hatt ulike eigenskapar som dyr har, og so visualiserer Goksøyr det på sprelsk og kroppsoverskridande vis. «Viss eg hadde hale som ein apekatt, kunne eg tørka meg i rumpa medan eg las teikneseriar på do», kan me lesa. Etterpå får me vita kva apekattar nyttar halen sin til.

Les meir