Kategoriarkiv: 6–9

Sjå boklister for aldersgruppa: Boklister 6–9 år

Inngunn Røyset: Fiskelykke

Leseland. Nivå 4.
Illustrert av Line Halsnes

Jonas og Anna gjer seg klare til å fiske frå moloen, men Kvitpus er i vegen og Jonas skubbar han irritert vekk. Han er først letta då mor tek katten med seg til veterinæren; endeleg får han fiske i fred! Men då Anna fortel at ho ein gong hadde ein katt, som faren fekk avliva hos dyrlegen, vert Jonas lei seg og redd. Er det derfor mor har teke med seg Kvitpus til dyrlegen? Får han nokon gong sjå att katten sin?

Fiskelykke er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Les meir

Håkon Forfod Sønneland: Hundrelappen

Leseland. Nivå 1.
Illustrert av Line Halsnes

Sjølv om ei bok er enkel å lese, vil det ikkje seie at ho også har eit enkelt innhald. Kva skal Odin gjere, når pappa trur at det er han som har stole hundrelappen som låg på bordet, og skjenner og smeller? Odin må prøve å bevise at han er uskuldig.

Hundrelappen passar for elevar på barnetrinnet, men kanskje særleg godt for eldre barn som treng lettlesne bøker som ikkje er for barnslege i uttrykket.

Hundrelappen er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Les meir

Ragnfrid Trohaug: Det spøker!

Leseland. Nivå 1.
Illustrert av Eivind Gulliksen

Henrik er på besøk hos Jon då han plutseleg høyrer ein skummel lyd. Kan det vere eit spøkjelse? Henrik får mest lyst til å gå heim, men så kjem far til Jon på ei løysing. Det spøker! er døme på lettlesbøker der ein får sagt alt som trengst, gjennom fortetta setningar og illustrasjonar som fortel meir enn det teksten gjer.

Det spøker! er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Les meir

Visste du at …?

Tre nye faktabøker om husdyr er klare, denne gongen om kua, sauen og grisen. Kvar bok har femten oppslag med ei «visste du at»-setning og ein illustrasjon som støttar teksten. Illustratør Anna Fiske har ein særeigen strek og spelar på humor i teikningane sine. Visste du forresten at grisen kan få 16 ungar om gongen? Eller at sauen ikkje likar å vere åleine? Eller kva med kua, visste du at ho drikk 130 liter vatn i døgnet?

Visste du at …?-serien er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Les meir

Bente Bratlund: Kidnappa

Vanlegvis er det Bea som kjem med dei fantasifulle forteljingane, men denne gongen er det bestevenninna Oda som har ei nyheit. Korleis kan det ha seg at ho er så annleis enn foreldra sine, lurer Oda på. Einaste forklaringa ho kan sjå, er at ho vart kidnappa då ho var lita, meiner ho. Dette må Bea gruble skikkeleg på. Jau, visst har Oda heilt svart hår og er smal og lita, medan foreldra hennar er runde i kroppen og har heilt lyst hår. Kanskje ho verkeleg vart kidnappa? Eller kan det vere noko lureri?

Kidnappa er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Les meir

Anna R. Folkestad: Stupe-Stig

Anna R. Folkestad er forfattar og illustratør, og syr forteljinga saman med humor både i tekst og bilete. Boka handlar om Knut som vil fly med drake, og onkel Stig som er ikkje så god på drakeflyging. Han vil aller helst vere med i ein stupekonkurranse og vinne ein flott pokal.

Stupe-Stig er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Les meir

Erna Osland og Inger Lise Belsvik: Bokstavsommaren

Erna Osland har på oppdrag frå Nynorsksenteret og Lesesenteret skrive ei samling med bokstavtekstar. Kvar forteljing fokuserer på ein enkelt bokstav og handlar om Styrk og Zara. Forteljingane innbyr til samtalar om det du finn i fjøra og til leik med bokstavar, lydar og ord. Tekstane kan lesast som ei samanhengande forteljing, men det er òg mogleg å lese dei ulike bokstavforteljingane frittståande. Alle tekstane er illustrerte av Inger Lise Belsvik.

Bokstavsommaren har vore tilgjengeleg digitalt på Nynorsksenteret sin nettstad sidan 2015, men er no endeleg utgitt i bokform.

Les meir

Anne Karin Fonneland og Akin Duzakin: Flyg ut kom tilbake

Diktet glid stille som ormen sin veg.
Ser skyer over åsen,
merkar dyra sine hi.
Veit reven sin sti over berget.

(Utdrag frå diktet «Det vi kanskje ikkje ser»)

I Flyg ut kom tilbake har Anne Karin Fonneland skrive ei fin diktsamling for barn i barneskulealder. Med naturen i fokus har dikta eit innhald lesaren kan kjenne seg att i og som gir ei kjensle av tilhøyrsle. Dette gjer dikta tilgjengelege for yngre lesarar.

Les meir

Per Olav Kaldestad: Når sola kjem dettande inn. Dikt for store og små 1990–2004

Nissedikt 1

Julekveld.
Snøen fell.
Mellom tre
tassar det.
Stemme-bulder,
sekk på skulder.
Nissefar
og veslekar
går frå gard til gard.

Når sola kjem dettande inn er ei samleutgåve av dei tre fyrste diktbøkene for born av Per Olav Kaldestad: Sola klappar meg (1990), Denne jorda eg bur på (1998) og Når morgonfrosken syng (2004). Nina Goga har skrive etterordet i denne samleutgåva.

Les meir

Lin Hallberg og Jonna Björnstjerna: Den magiske dyrebutikken. Mira

Den magiske dyrebutikken er eit av dei nyaste tilskota på nivå 2 i Leseland-serien til Samlaget. Bøkene på dette nivået eignar seg for barn som klarer å lese små tekstmengder. Bøkene har framleis mange illustrasjonar der teksta er direkte kopla til bileta, men med auka tekstmengd per side frå nivå 1.

Mira drøymer om å ha eit eige dyr. Eit dyr som ho kan vere glad i, ein ven. Mira veit at det er ein magisk dyrebutikk i byen, og dit vil ho reise når ho har spart opp nok pengar til å kjøpe eit kjæledyr. Mira undrar svært på kva dyr ho skal kjøpe, og ho sparer alle pengane ho får, heilt til ein dag då sparegrisen er full. No startar eventyret. Ho set seg på bussen og køyrer inn til byen. Men når ho kjem til dyrebutikken, er han litt skummel. Det jobbar ei mystisk dame der, og det er rare lydar overalt. Vil Mira få sitt eige dyr til slutt?
Les meir