Kategoriarkiv: 6–9

Sjå boklister for aldersgruppa: Boklister 6–9 år

Anne Karin Fonneland og Akin Duzakin: Flyg ut kom tilbake

Diktet glid stille som ormen sin veg.
Ser skyer over åsen,
merkar dyra sine hi.
Veit reven sin sti over berget.

(Utdrag frå diktet «Det vi kanskje ikkje ser»)

I Flyg ut kom tilbake har Anne Karin Fonneland skrive ei fin diktsamling for barn i barneskulealder. Med naturen i fokus har dikta eit innhald lesaren kan kjenne seg att i og som gir ei kjensle av tilhøyrsle. Dette gjer dikta tilgjengelege for yngre lesarar.

Les meir

Per Olav Kaldestad: Når sola kjem dettande inn. Dikt for store og små 1990–2004

Nissedikt 1

Julekveld.
Snøen fell.
Mellom tre
tassar det.
Stemme-bulder,
sekk på skulder.
Nissefar
og veslekar
går frå gard til gard.

Når sola kjem dettande inn er ei samleutgåve av dei tre fyrste diktbøkene for born av Per Olav Kaldestad: Sola klappar meg (1990), Denne jorda eg bur på (1998) og Når morgonfrosken syng (2004). Nina Goga har skrive etterordet i denne samleutgåva.

Les meir

Lin Hallberg og Jonna Björnstjerna: Den magiske dyrebutikken. Mira

Den magiske dyrebutikken er eit av dei nyaste tilskota på nivå 2 i Leseland-serien til Samlaget. Bøkene på dette nivået eignar seg for barn som klarer å lese små tekstmengder. Bøkene har framleis mange illustrasjonar der teksta er direkte kopla til bileta, men med auka tekstmengd per side frå nivå 1.

Mira drøymer om å ha eit eige dyr. Eit dyr som ho kan vere glad i, ein ven. Mira veit at det er ein magisk dyrebutikk i byen, og dit vil ho reise når ho har spart opp nok pengar til å kjøpe eit kjæledyr. Mira undrar svært på kva dyr ho skal kjøpe, og ho sparer alle pengane ho får, heilt til ein dag då sparegrisen er full. No startar eventyret. Ho set seg på bussen og køyrer inn til byen. Men når ho kjem til dyrebutikken, er han litt skummel. Det jobbar ei mystisk dame der, og det er rare lydar overalt. Vil Mira få sitt eige dyr til slutt?
Les meir

Lars Mæhle og Odd Henning Skyllingstad: Kattekrøll

Det er ikkje enkelt å halde styr på ein katt, og særleg ikkje ein omplasseringskatt som Leo. No har han forsvunne, og Olsen finn han ikkje att. Det er krise, for i dag skal Olsen på ferie saman med barnebarnet sitt, og katten er enno ikkje komen heim. Ane er på besøk med farfar, som bur i nabolaget til Olsen, og dei to går på leiting etter katten. Den gulbrannete katten er sporlaust forsvunnen. Heldigvis finn dei han dagen etter, ved kjøpesenteret to kilometer unna. Tenk at han har gått så langt heimanfrå! Dei tek han med i bilen og køyrer heim. Men er det eigentleg Leo dei har funne? Her blir det kattekrøll for Ane og farfar.

Les meir

Petrus Dahlin og Johanna Kristiansson: Varehuset

Omsett av Øystein Rosse

Varehuset er ei skummel bok i Leseland-serien til Samlaget. Boka ligg på nivå 3, som tyder at ho eignar seg for barn som les, men som enno ikkje er uthaldande i lesinga. Tekstmengda har auka og lesaren kan møte vanskelege ord. Forteljingane er framleis rikt illustrerte med handlingsbærande bilete som støttar tekstinnhaldet.

Ester har funne draumekjolen. Ho passerer han i butikkvindauget kvar dag på veg til skulen. Ein dag går ho inn i butikken, tek med seg kjolen til prøverommet og prøver han på. Han sit som eit skot. Ester beundrar kjolen i spegelen og drøymer seg heilt vekk. Plutseleg oppdagar ho at senteret er stengt og ho er aleine igjen i butikken. I byrjinga tykkjer ho ikkje det er så farleg. Det er nesten litt spennande å vere aleine med alle varene og ikkje minst godteriet. Men etter ei stund oppdagar ho at ho kanskje ikkje er aleine likevel, og ting blir med eitt mykje skumlare.
Les meir

Kari Stai: Tankespinn

Kari Stai er forfattar, illustratør og biletkunstnar og har eit særmerkt og stilisert formspråk. Ho er godt kjend for blant anna dei fire bøkene om Jakob og Neikob, som med sine sterke kontrastar og tematikk fengjer både unge og eldre lesarar.

I boka Tankespinn har Stai skrive og illustrert ei vakker og innsiktsfull forteljing om vanskelege tankar i eit lite hovud. Boka passar for litt større barn.

Les meir

Katarina Genar: Den mystiske skulen

Leseland. Nivå 2.
Illustrert av Alexander Jansson.
Frå svensk ved Øystein Rosse.

Den mystiske skulen er ein bokserie med tre bøker: Ånda i glaset, Spøkelseshunden og Svartedama.
Dette er spennande forteljingar med passelege mengder grøss og gru.

Serien er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og store illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Bokserien er på nivå 2 og eignar seg for barn som klarer å lese små tekstmengder. Det er om lag 15–20 ord per side. Lesaren finn god støtte i dei mange illustrasjonane som er direkte kopla til teksten. I byrjinga av boka får lesaren presentert dei ulike karakterane med bilete og namn.

Les meir

Dan Höjer og Peter Demervall: Superrask, Supersmart og Supersterk

Frå svensk ved Ole Jan Borgund

Kor fort køyrer den raskaste berg-og-dal-banen i verda? Har storleiken på hjernen noko å seie? Kva er det meste eit menneske har løfta?

Dei tre faktabøkene Superrask, Supersmart og Supersterk gjev lesarane morosame fakta om muskuløse folk, smarte dyr, raske menneske og mykje anna. Bøkene kombinerer tankevekkjande fakta med tøffe illustrasjonar.

Bøkene er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Utdrag frå bøkene: Les meir