Nynorsksenteret: Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa


Arkiv for kategorien barnebøker

Sølvbåt og stjernevind

av Janne Karin Støylen onsdag 9. november 2011

– Eg har alltid hatt lyst til å skrive dikt for ungar, smiler Hilde Myklebust. Ho er ein av seksten lyrikarar som er representerte i Sølvbåt og stjernevind, den ambisiøse og påkosta barnediktboka frå Mangschou forlag. – Eg hadde faktisk nokre skisser liggjande. Fleire idear. Så fekk eg invitasjonen frå Per Olav Kaldestad om å skrive til denne antologien. Du kan tru eg vart glad!

– Eg har prata mykje med ungar om ord og dikting, skjønar du. Dei siste åra har eg reist på turne med Lurivar, katten i Ivar Aasen-tunet. Eg har skrive teksten til den framsyninga. Vi har besøkt skular i massevis! Les meir »

Solveig Blindheim Bendixen: Teo i trøbbel

av Petra J. Helgesen onsdag 26. oktober 2011

Mangschou

«– Du sa du kunne symje! Og det kan du ikkje!
– Men eg kan det! Eg kan symje!
Teo begynte å gråte. Mest fordi han angra på at han hadde sagt at han kunne symje. No var det for seint»

Teo er førsteklassing og som førsteklassingar flest er han spent og usikker på korleis skulen skal bli. Det nifsaste av alt er symjetimane. Teo er fast bestemt på at han ikkje skal vere på skulen den dagen det blir symjing. Men han roter det til for seg sjølve, for han veit ikkje heilt når timen er, og han kjem i skade for å seie at symje, det kan han, og så går det som det må – gale. Les meir »

Annette Huber: Liten-på-jord-Tor

av Irene Garnes Hareide tysdag 11. oktober 2011

Illustrasjon: Manuela Olten
Omsett av Brit Aksnes og Simone Stibbe
Utgitt av Skald Forlag 2009

Boka Liten-på-jord-Tor er ei bok som møter barns undring over det å vere liten – og å bli større. Vi møter Tor som nettopp har funne ut at han er nesten ein meter høg, og han deler tankane sine om det å vere liten kontra det å vere stor.

Dette er ei biletbok som er omsett frå tysk til nynorsk. Ho har fantasifulle og artige bilete og ein undrande tekst som uttrykkjer tankane til Tor. Vi kan seie at både teksten og bileta har eit barneperspektiv på verda. I bileta kjem dette mellom anna til uttrykk ved at vi ikkje får sjå andletet til mora til Tor eller andre vaksne. Boka har ikkje ein tradisjonell forteljestruktur, men vi får sjå mange ulike situasjonar som er knytte til det å vere liten i ei verd med mange vaksne. Les meir »

Barnas eigne vitsar

av Janne Karin Støylen torsdag 18. august 2011

Av Ragnfrid Trohaug og Nana Rise-Lynum (red.)

Du hugsar vel kvifor svenskane har runde hus og kor mange svenskar du treng for å skifte ei lyspære. Og kvifor dei går på do med open dør og har med seg stigar i butikkane. Men veit du kvifor dei har tomme flasker i kjøleskapet? Og kvifor dei bruker øyrevarmarar? Og korleis dei avlivar fiskar?

Barnas eigne vitsar er sende inn av lesarane av Norsk barneblad. Det er svenskevitsar, vampyrvitsar, skulevitsar, mor-og-far-vitsar og mange fleire. Og gåter! Artige og rare, morosame og teite. Lette å lese og lette å lære. Lesarane kan få lyst til å lage sine eigne vitsar, dei vittige poenga kjem når ein leikar med språket og har det moro med ord: Les meir »

Nei! sa Veslemonster & Store monster græt ikkje

av Petra J. Helgesen måndag 6. juni 2011

Tekst: Kalle Güettler, Rakel Helmsdal og Áslaug Jónsdóttir
Illustrasjon: Áslaug Jónsdóttir
Omsetjing: Tove Bakke
Skald forlag

Dei to bøkene om Veslemonster og Storemonster er parallelle historier. I Nei! sa Veslemonster er det Veslemonster som fortel, mens i Store monster græt ikkje er det Storemonster som fører ordet. I begge forteljingane vil ikkje eg-personen leike med den andre: «Å nei! Det er Storemonster! Då opnar eg ikkje! Når Storemonster kjem blir ingenting moro lenger. Han skal alltid bestemme»,  tenkjer Veslemonster. «Å nei! Det er Veslemonster! Han vil eg ikkje leike med. Når Veslemonster kjem veit han alltid best»,  tenkjer Storemonster. Veslemonster er redd for å setje grenser, og Storemonster er redd for å ikkje strekke til. Les meir »