Nynorsksenteret: Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa


Arkiv for kategorien barnebøker

Max Velthuijs: Frosken og den vide verda og Frosken og fuglesongen

av Petra J. Helgesen onsdag 5. mai 2010

Omsette av Ragnar Hovland, Det Norske Samlaget

No har det nett kome to nye forteljingar om Frosken og vennene hans, kjende frå både bokserien og barne-tv. Den eine forteljinga handlar om korleis Frosken og Rotte dreg ut i verda på eventyr. I den andre sørgjer vennegjengen over ein død fugl dei finn. To enkle og viktige forteljingar på kvar sin måte.

Max Velthuijs var Nederlands mest kjende barnebokforfattar og illustratør. Han skapte over tjue biletbøker om den storøygde og livsglade Frosken, og av dei er femten omsette til nynorsk. Kikker, som han heiter originalt, var først ein bifigur i ein annan bokserie, men med Den forelska frosken blei han hovudperson, og har vore det sidan. Alle bøkene fortel om eksistensielle spørsmål, om kjærleik, død, vennskap, verdiar og kjensler. Dei er enkle i både tekst og bilete, men opnar opp for viktige samtalar og tankar.
Les meir »

Ole Røsholdt: Tjuvar, drapsmenn, bønder og kongar

av Janne Karin Støylen torsdag 25. mars 2010

Illustrasjon: Trond Bredesen

– Hallstein er seksten vintrar, nett som Geirmund. Han er svarthåra som faren, men auga hans ser rett på deg. Eigentleg er han ein kraftkar, Hallstein. Breiskuldra og senet. Sjølvsagt er han berre ein simpel træl. Men – eg skammar meg nesten over å seie det høgt – eg har alltid likt han.

Året er 995. Arne er 13 år og yngstebror på ein odelsgard i Sogn. Det er vikingtid. Øks og kniv sit laust. Hemn og ære er viktige drivkrefter. På 900-talet var lovene enno ikkje nedskrivne. Tingmennene måtte ha lova i minnet og seie henne fram. Denne sommaren får Arne følgje far sin til Gulatinget.
Les meir »

Fosse og Torseter: Spelejenta

av Petra J. Helgesen tysdag 2. mars 2010

SpelejentaTekst: Jon Fosse
Illustrasjon: Øyvind Torseter
Det Norske Samlaget

I nokre av Noregs vakraste biletbøker finn du illustrasjonane til Øyvind Torseter. I fjor illustrerte han tre bøker og ga ut ei bok sjølv, der han står for både tekst og bilete. Den eine av dei bøkene som kom hausten 2009 var Spelejenta, den nyaste barneboka til Jon Fosse.

Torseter bruker collageteknikk og enkle strekar, samstundes som detaljane er mange. Fargebruken er særs gjennomført og gjennomtenkt. I Spelejenta følgjer vi ei jente som drar ut for å redde far sin – han har forlist på ein holme i havet – og fargane er mørke og dystre fram til det lysegrøne, håpefulle oppslaget der far og dotter kjem seg velberga heimover.
Les meir »

Rune Belsvik: Forteljingar om Jolver

av Petra J. Helgesen måndag 1. februar 2010

JolverIllustrert av Kari Stai.

På framsida av Forteljingar om Jolver ser vi ikkje eit bilete av Jolver. Kari Stai har i staden teikna spegelbiletet til Jolver. Han ser seg sjølv i ein sølepytt, og det einaste lesaren kan sjå av sjølve guten, er føtene hans. Slik er det inne i boka også. Jolver speglar seg i dei små og kvardagslege hendingane rundt seg, medan han prøver å finne ut kven han er og kven han kan bli. Forteljingar om Jolver er noko så sjeldan som ei eksistensiell barnebok, ei enkel bok om store tema: sjølvstende og morsbinding, døden, identitet, fiksjon og røynd, forandringar og kommunikasjon. Les meir »

Nynorskopplæring: Teikneseriespesial

av Arild Torvund Olsen fredag 15. januar 2010

TeikneseriespesialDette heftet er ein antologi med tolv nyare teikneseriar på nynorsk.

Samansette tekstar er eit emne som har fått ei viktig rolle i lære­planen for norskfaget. Bruk av teikne­seriar kan vera ein motiverande og spanande innfalls­vinkel til emnet. Diverre er det slik at mange av dei gode nynorske teikneserie­titlane berre er tilgjengelege i stutt tid og i små opplag med avgrensa distribusjon. Difor har Nynorsksenteret laga dette spesialheftet med nynorske teikneseriar.
Les meir »