Nynorsksenteret: Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa


Arkiv for kategorien bøker for småborn

Boka om meg

av Janne Karin Støylen sundag 9. desember 2007

Boka om megIllustrert av Eva Eriksson

Den første boka barnet får når det kjem til verda er ofte ei bok der mor og far kan lime inn bilete og fortelje om dei første timane, dagane og åra i livet til barnet. Den første jula, den første fødselsdagen, mjølketenner, steg og ord. Det Norske Samlaget har laga ei svært god nynorsk utgåve av nett denne typen bok.
Les meir »

Mine små leksikon: Fotball

av Janne Karin Støylen tysdag 2. oktober 2007

Mine små leksikon FotballEit lite leksikon om fotball! Her er det mange konkrete tips for den vesle fotballspelaren. Ei god pasning, til dømes, korleis brukar ein foten då? Her er også eit lite kapittel med knep.

«Spelaren kan late som han spring i ei retning, og så, i siste augneblink, springe i motsett retning. Han kan late som han vil sentre ballen til ein medspelar, men likevel halde på den.
Han kan gjere ei anna finte ved å sparke ballen lynraskt bakover. Når ein spelar tar ein tunnel, sparkar han ballen mellom beina på motspelaren.» Les meir »

Barbro Lindgren og Eva Eriksson: Bella i Barnehagen

av Janne Karin Støylen torsdag 27. september 2007

Bella i barnehagen«No skal Bella i Barnehagen. Det må alle. Kongen har sagt det. Men krokodilla og frosken må bli heime for dei er forkjølte.» Vesle Bella er i same situasjon som mange små born denne hausten. Ho skal byrje i barnehagen, og alle leikene og kosedyra må vere att heime. Men det er fint i barnehagen. Der har Bella ein kjærast, og endå ein som vil vere kjærast! Det blir leik og slåsting, gråting og kosing. Slik er det i barnehagen. Les meir »