Kategoriarkiv: barnehage

Astri Sudmann: Syng og leik i lag

Astri Sudmann har samla 65 songleikar til bruk i barnehage og skule, saman med ungdommar, vaksne og på aldersheimen. Nokre av tekstane er på dialekt, andre er på nynorsk eller bokmål. Sudmann er utdanna lærar, reiser rundt med Den kulturelle skulesekken og er lærar i dans på Ole Bull Akademiet. I føre- og etterordet skriv ho at ho brenn for den livsviktige leiken. I songleiken kan alle vere med. Her er det ingen konkurranse eller krav til prestasjonar. Ein kan leike ute eller inne, og treng ikkje noko utstyr for å kome i gang.

Les meir

Jan-Magnus Bruheim: Trollguten og andre dikt

Jan-Magnus Bruheim var gjennom heile diktarlivet oppteken av å skrive for born. Trollguten er ei samling barnedikt utgjeven i samarbeid mellom Samlaget og Vennelaget Jan-Magnus Bruheim. Dikta er frå 1956–1986 og spenner vidt tematisk. Her er dikt om det å vere barn, om dyr og natur, om troll og skrømt og mykje meir.

Jens Kristensen har illustrert samlinga med ei rekkje draumeaktige, vakre og fantasifulle teikningar som gjer dikta fine å lese og undre seg over saman med born i barnehagen eller skulen. Les dikta som dei står og utforsk nye (gamle) ord og formuleringar i lag etterpå.

Gyrid Axe Øvsteng og Per Ragnar Møkleby: Mørkt

Du kjenner det allereie når du får boka i hendene og fingrane stryk over det fløyelsmjuke omslaget: Om du let att auga, kjennest boka til og med nattsvart ut. Midt i alt det mørke står Dag og kjenner seg så liten. Han er nemleg mørkredd. Om dagen er Dag trygg og glad, spelar fotball og har det heilt fint, men når natta kjem, kjem også dei skumle tankane. I det siste har til og med mørkeret byrja å bråke, og det kjennest som om mørkeret kjem nærare for kvar kveld.

Les meir

Irene Ahnéll og Elisabeth Moseng: Pling vaken

Har du opplevd å leggje deg utan å få sove? Eller kjenner du deg igjen i å skulle leggje born som slett ikkje er trøytte, og som treng både ekstra vatn, ein ekstra runde på do og å høyre minst ein ekstra god-natt-song før dei sovnar?

Klara har det slik denne kvelden. Ho er rett og slett pling vaken, same kva mor gjer eller seier. Og det blir ikkje enklare når skapmonsteret kjem fram og klagar over at ikkje han heller får til å sove, og at han er redd for spøkelset under senga. Klara må gjere alt ho kan for å roe skapmonsteret og få det til å sovne. Ho har lært nokre overtalande argument frå mamma, men er det nok?

Les meir

Bjørn Sortland og Elisabeth Moseng: Zara og dei. Misse-konkurransen

Du har kanskje tenkt at missekonkurransar for og med born er ein uting? Å fjonge seg med fine kjolar, sminke og hårpynt og bli bedømt av ein dommar har i alle fall mor til Zara ingenting til overs for. Ho meiner at kvar ei jente er den finaste og beste jenta. Far til Patrìcia synest derimot at ein missekonkurranse er heilt innanfor, og inviterer far til Zara til å vere meddommar. Men så er ikkje dette ein missekonkurranse som alle andre missekonkurransar heller, skal det vise seg. Dette er ein ny variant som garantert får fram eit smil og eit grøss både hos store og små lesarar, også hos mor til Zara.

Dette er den andre boka om Zara og dei, og også denne gongen får vi vennskap, naseblod og akkurat passeleg mykje spenning.

Kari Stai: Jakob og Neikob og Alle Andre

Etter å ha følgt bestevennene som bur i lag på ein bakketopp, gjennom bollebaking, i krokodillemagen, på sambuarleiting og blitt kjent med den nye naboen deira, er det mange som er blitt glade i Jakob og Neikob. I den femte forteljinga får vi møte Masekob, som meiner at Neikob bør bli som Alle Andre.

– Neikob, er du lei deg?
– Nei, eg er lei MEG, svarer Neikob. – Eg vil bli som Alle Andre.
– Veit du kven Alle Andre er, da? spør Jakob.
– NEI. Blir du med og finn han?
– JA, svarer Jakob.

Les meir

Poppeloppane: Hallo, Pippeli! Hallo, Pipp!

Bok nummer to om Poppeloppane er no å finne i hyllene på daglegvarebutikken. Dei fargerike figurane frå Barne-TV leikar gøymsel, og Pippeli og Pipp gøymer seg først i hattebutikken. Så må Store Hu og Tuddelu leite i blomsterbedet og rundt såpeboblemaskina. Heldigvis finn vi dei att. Kanskje er det Tittei som hjelper alle tilbake i den raude båten?

Serien om Poppeloppane går på NRK og har nynorsk tale. Borna kjenner lett igjen figurane derifrå i boka, og vil ha glede av den enkle, men spennande handlinga på leiting etter Pippeli og Pipp.