Kategoriarkiv: 0–3

Sjå boklister for aldersgruppa: Boklister 0–3 år

Rakel Helmsdal, Kalle Güettler og Áslaug Jónsdóttir: Monsterbesøk og Monsterknipe

Omsetjing: Tove Bakke

Dei to nye bøkene om Veslemonster, Storemonster og den nye venen Raggmonster er parallelle historier som kan lesast kvar for seg.

I Monsterbesøk vil Storemonster leike med Veslemonster. Men Veslemonster kan ikkje, for Raggmonster er på besøk.

Veslemonster og eg skal ut og fiske, det gjer vi alltid om laurdagen.

– Kjem du, då? spør eg.
– Kor hen, svarer Veslemonster.
– Ut og fiskar, vel! seier eg.
– Nei, seier Veslemonster.
– Eg har ikkje tid. Ha det!

Storemonster tykkjer ikkje det er noko moro å leike åleine. Skal tru om dei kan leike saman alle tre? Monsterbesøk er ei bok om kor vanskeleg det er å vere tre.
Les meir

Poppeloppane: Hallo, Pippeli! Hallo, Pipp!

Bok nummer to om Poppeloppane er no å finne i hyllene på daglegvarebutikken. Dei fargerike figurane frå Barne-TV leikar gøymsel, og Pippeli og Pipp gøymer seg først i hattebutikken. Så må Store Hu og Tuddelu leite i blomsterbedet og rundt såpeboblemaskina. Heldigvis finn vi dei att. Kanskje er det Tittei som hjelper alle tilbake i den raude båten?

Serien om Poppeloppane går på NRK og har nynorsk tale. Borna kjenner lett igjen figurane derifrå i boka, og vil ha glede av den enkle, men spennande handlinga på leiting etter Pippeli og Pipp.

Dette er Poppeloppane!

Forlaget Vigmostad & Bjørke kjem no med fyrste bok i ein serie med dei populære barne-tv-figurane Poppeloppane. Boka har ei enkel forteljing i eit fargerikt og sprudlande biletspråk, og som i fjernsynsserien står omgrepslæringa sentralt. Dei neste bøkene i serien kjem i 2018.

I tillegg til boka finst det dessutan eit aktivitetshefte på marknaden. Det heftet let borna løysa oppgåver med tusj som kan viskast bort etterpå, slik at kvar oppgåve kan gjerast mange gonger. Og om eg skal døma ut frå kva den vesle testpersonen heime seier og gjer, er oppgåvene kjekke å gjera om att og om att.

Rolv Brimi og Aslak Brimi: Nå skal eg sulle

Nå skal eg sulleSullar – stubbar – regler
Illustrert av Linda Gytri
Ta:lik 2016

Dette er ei samling med rundt hundre små songar og regler frå Gudbrandsdalen, samla av Rolv Brimi og Aslak Brimi. Boka passar for foreldre, besteforeldre, barnehagetilsette, lærarar eller rett og slett dei som er glade i song. Dei fleste songane i boka er songar for barn: bånsullar, skjemteviser og andre barnesongar, medan andre er knytte til seterlivet eller arbeidssongar. Vi finn også regler om kroppen, tærne, fingrane og om å telje.
Les meir

Martine Grande: Dagen opp ned

Dagen_opp_nedEin morgon vaknar flaggermusene Ida og Oda, sjølv om dei brukar å sove heile dagen og å vere vakne om natta. No om morgonen ser alt annleis ut! Det er ikkje mørkt, men lyst. Det er ikkje stille slik som det brukar å vere. Om dagen er det veldig bråkete. Dei går på leiting for å finne ut kven som lagar alle dei rare lydane, og møter ei rekkje ulike dyr som held til på garden.

Les meir

Jens Haugan: No kan du sove, vesle gut

No_kan_du_soveIllustrert av Bente-Linn Bergene Huseby

Etter ein lang dag kan det vere koseleg å slappe av med ei lita lesestund eller kanskje ei songstund. Denne boka inneheld ein tekst som kan både lesast og syngast. Bileta i boka legg til rette for samtalar om katten og musa som sovnar og snart skal også veslegut sove. Teikningane har sterke klare fargar og fungerer som støtte til teksten. Gjennom samtale og song kan dei yngste barna vere delaktige i viktig språklæring.
Les meir

Barnas store eventyrbok

Barnas store eventyrbokEndeleg er ho her, eventyrboka på nynorsk. Maria Parr har omsett Barnas store eventyrbok til nynorsk. I denne boka finn du dei kjende eventyra: Bukkane Bruse, Raudhette, Fyrtøyet, Pannekaka, Bymusikantane frå Bremen, Mannen som skulle stelle heime, Den stygge andungen og Tornerose.

Boka er illustrert med dei kjende illustrasjonane til Svend Otto S, og det er store fine illustrasjonar som eignar seg godt både når ein skal lese med barnet på fanget og når ein skal lese for ei gruppe barn.

Les meir