Kategoriarkiv: 3–6

Sjå boklister for aldersgruppa: Boklister 3–6 år

Rolv Brimi og Aslak Brimi: Nå skal eg sulle

Nå skal eg sulleSullar – stubbar – regler
Illustrert av Linda Gytri
Ta:lik 2016

Dette er ei samling med rundt hundre små songar og regler frå Gudbrandsdalen, samla av Rolv Brimi og Aslak Brimi. Boka passar for foreldre, besteforeldre, barnehagetilsette, lærarar eller rett og slett dei som er glade i song. Dei fleste songane i boka er songar for barn: bånsullar, skjemteviser og andre barnesongar, medan andre er knytte til seterlivet eller arbeidssongar. Vi finn også regler om kroppen, tærne, fingrane og om å telje.
Les meir

Njord Svendsen og Akin Duzakin: Bomulv

BomulvDebutanten Njord Svendsen og veteranen Akin Duzakin har saman laga ei fin forteljing om mot og venskap. Boka handlar om den kvite ulven Bomulv, som ikkje er som resten ulvane i flokken. Ikkje liknar han på dei, og ikkje kan han ula. Dei andre ulvane mobbar han, og til slutt får Bomulv nok. Han finn ut at han må koma seg bort, og tidleg ein morgon legg han på sprang gjennom den mørke skogen.
Les meir

Bjørn T. Bøe: Det er ein elefant i barnehagen

Det_er_ein_elefant_i_barnehagenDet er ein elefant i barnehagen er ei humoristisk og spanande bok om jakta på elefanten i barnehagen. Maren høyrer ein rar lyd. Det er ikkje ein vanleg barnehagelyd. Kan det vera ein … elefant? Dei vaksne seier at det ikkje finst elefantar i barnehagen, men kva kan lyden elles vera? Maren er sikker – det må vera ein elefant i barnehagen. Og den elefanten skal ho finna.

Les meir

Martine Grande: Dagen opp ned

Dagen_opp_nedEin morgon vaknar flaggermusene Ida og Oda, sjølv om dei brukar å sove heile dagen og å vere vakne om natta. No om morgonen ser alt annleis ut! Det er ikkje mørkt, men lyst. Det er ikkje stille slik som det brukar å vere. Om dagen er det veldig bråkete. Dei går på leiting for å finne ut kven som lagar alle dei rare lydane, og møter ei rekkje ulike dyr som held til på garden.

Les meir

Nikolai Astrup si magiske verd

AstrupBiletbok for små og store

Aller først: For ei praktbok dette er!

Kunstboka om Nikolai Astrup si biletverd er inspirert av Katy Couprie sine bøker for Musée du Louvre i Paris. Boka er meint som eit første møte med verka til Astrup, og er hovudsakleg laga for dei minste borna. I underkant av femti Astrup-verk er sette saman med foto, tekst og illustrasjonar. Vi møter menneske, dyr og natur, fortid og notid. Vi kan leite etter gøymde figurar og detaljar. Boka inspirerer til å snakke saman om både kunsten og fotoa. Samanstillingane vil gje nye og overraskande blikk på kunsten til Astrup.
Les meir

Barnas store eventyrbok

Barnas store eventyrbokEndeleg er ho her, eventyrboka på nynorsk. Maria Parr har omsett Barnas store eventyrbok til nynorsk. I denne boka finn du dei kjende eventyra: Bukkane Bruse, Raudhette, Fyrtøyet, Pannekaka, Bymusikantane frå Bremen, Mannen som skulle stelle heime, Den stygge andungen og Tornerose.

Boka er illustrert med dei kjende illustrasjonane til Svend Otto S, og det er store fine illustrasjonar som eignar seg godt både når ein skal lese med barnet på fanget og når ein skal lese for ei gruppe barn.

Les meir

Barbro Lindgren og Olof Landström: Boka om Benny

Boka_om_BennyTo herlege bøker om veslegrisen Benny samla i éi! Barbro Lindgrens veslegris Benny er ein av dei tøffaste og mest elska grisene i barnebokverda.

I Neimen, Benny må Benny rømme heimanfrå når mor hans vil putte Veslenøff i vaskemaskina. Men kvar skal han bu då? Når det røyner på, kan det vere godt å finne ei grop å rulle seg i.

Les boka på sida til Nasjonalbiblioteket:
Neimen, Benny

I Jamen, Benny får Benny ein veslebror. Han ønskte seg det, men så går han fort lei. Heile dagen syg veslebroren på smokken sin, og Benny får ikkje smake. Men storebrør kan vel òg bruke smokk?
Les meir

Anna R. Folkestad: Tanntrøbbel

TanntrøbbelBli kjend med Besta og Bo!

Besta har så vondt i ei tann! Men tanna vil ikkje ut, og Besta vil ikkje til tannlegen. Korleis kan Bo hjelpe Besta ut av tannknipa?

Tanntrøbbel er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapt for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland.
Nivå 1.
Les meir