Nynorsksenteret: Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa


Arkiv for kategorien barnebøker

Bente Bratlund: Hanna og Emma (bokserie)

av Øystein Espe Bae fredag 13. april 2012

Bente Bratlund har nett gjeve ut den tredje boka i serien om veninnene Hanna og Emma. Alle bøkene er lettlesne to-i-ei-bøker, og dei smittar med sitt positive vesen og allmenne relasjonstematikk.

I den første boka i serien, Eg spør / Eg tør, møter vi bestevenene Hanna og Emma. Det handlar om nær venskap, og ikkje minst om korleis Hanna på eitt blunk går frå deprimerande avslag på grått papir (frå Marius) til jubel og sin første kjærast (Sjur). For ein kjærast er noko alle veninnene har, og er vel noko ein berre må skaffe seg først som sist – eller? Les meir »

Fabrizio Silei: Rosas buss

av Janne Karin Støylen måndag 27. februar 2012

Ill.: Maurizio A.C. Quarello
Til norsk ved Guri Vesaas

«Dette er ei strålande forteljing, og å kjenne denne forteljinga gjer oss godt. Ho hjelper oss til å sjå framover, ho hjelper oss til, når stunda krev det, å ikkje vende blikket bort.» Slik skriv Christine Weise, president i den italienske seksjonen av Amnesty International om boka Rosas buss. Biletboka fortel historia om den modige Rosa Parks som ein desemberdag i 1964 nekta å reise seg frå bussetet for å gi plass til ein lyshuda amerikanar.

Berre gjennom å kjenne historia kan ein unngå å gjere dei store feilstega ein gong til. Dette utgangspunktet er motivasjonen Fabrizio Silei har for å skrive for barn om menneskerettar. Den italienske barnebokforfattaren har gjort det til eit spesiale å skrive skjønnlitterære forteljingar om rasisme og diskriminering. Han har vore nominert til Unicef-prisen for dette viktige arbeidet og er no for første gong omsett til norsk. Les meir »

Sølvbåt og stjernevind

av Janne Karin Støylen onsdag 9. november 2011

– Eg har alltid hatt lyst til å skrive dikt for ungar, smiler Hilde Myklebust. Ho er ein av seksten lyrikarar som er representerte i Sølvbåt og stjernevind, den ambisiøse og påkosta barnediktboka frå Mangschou forlag. – Eg hadde faktisk nokre skisser liggjande. Fleire idear. Så fekk eg invitasjonen frå Per Olav Kaldestad om å skrive til denne antologien. Du kan tru eg vart glad!

– Eg har prata mykje med ungar om ord og dikting, skjønar du. Dei siste åra har eg reist på turne med Lurivar, katten i Ivar Aasen-tunet. Eg har skrive teksten til den framsyninga. Vi har besøkt skular i massevis! Les meir »

Solveig Blindheim Bendixen: Teo i trøbbel

av Petra J. Helgesen onsdag 26. oktober 2011

Mangschou

«– Du sa du kunne symje! Og det kan du ikkje!
– Men eg kan det! Eg kan symje!
Teo begynte å gråte. Mest fordi han angra på at han hadde sagt at han kunne symje. No var det for seint»

Teo er førsteklassing og som førsteklassingar flest er han spent og usikker på korleis skulen skal bli. Det nifsaste av alt er symjetimane. Teo er fast bestemt på at han ikkje skal vere på skulen den dagen det blir symjing. Men han roter det til for seg sjølve, for han veit ikkje heilt når timen er, og han kjem i skade for å seie at symje, det kan han, og så går det som det må – gale. Les meir »

Annette Huber: Liten-på-jord-Tor

av Irene Garnes Hareide tysdag 11. oktober 2011

Illustrasjon: Manuela Olten
Omsett av Brit Aksnes og Simone Stibbe
Utgitt av Skald Forlag 2009

Boka Liten-på-jord-Tor er ei bok som møter barns undring over det å vere liten – og å bli større. Vi møter Tor som nettopp har funne ut at han er nesten ein meter høg, og han deler tankane sine om det å vere liten kontra det å vere stor.

Dette er ei biletbok som er omsett frå tysk til nynorsk. Ho har fantasifulle og artige bilete og ein undrande tekst som uttrykkjer tankane til Tor. Vi kan seie at både teksten og bileta har eit barneperspektiv på verda. I bileta kjem dette mellom anna til uttrykk ved at vi ikkje får sjå andletet til mora til Tor eller andre vaksne. Boka har ikkje ein tradisjonell forteljestruktur, men vi får sjå mange ulike situasjonar som er knytte til det å vere liten i ei verd med mange vaksne. Les meir »