Ole Lund Kirkegaard: Gummi-Tarzan
av Janne Karin Støylen onsdag 27. april 2011
Omsett av Ragnar Hovland
Kva er det du puttar i gryta? spurde Ivan ivrig og sette seg attmed den gamle kona. – Åhh, sa ho. Litt av kvart. – Det er snokefeitt. Det brukar vi hekser alltid. Og så er det eldtorn og froskeegg og musetiss og kattehalar og rumpetroll og juleøl.
Ein dag Ivan Olsen sit nede ved elva og øver seg i å plystre slik som fuglane, kjem ei gammal kone haltande forbi. – Er du ikkje redd for meg? spør den gamle kona. – Eg er ei vaskeekte heks, forstår du.
Men Ivan Olsen er ikkje redd for heksa. Han er redd for buksevatn og naseblod og slikt. Han har dårleg med musklar og kan ikkje denge nokon. Bokstavane i bøkene på skulen myldrar rundt på arket som maurar i ei maurtue. Far hans synest han er ein dott og ein gummi-Tarzan. – Far din er visst ein skikkeleg gammal dott. Men no skal du høyre. Du skal få oppfylt eit ønske! Men, seier heksa, berre for ein dag. Ivan Olsen ønskjer seg eit kjempeønske: At alle ønska hans skal gå i oppfylling! Les meir »

Illustrert av Stina Langlo Ørdal
I Timothy mister seg sjølv møter vi ein middelaldrande mann i krise. Timothy er rett og slett i ferd med å miste seg sjølv, reint bokstaveleg. Først mister han ei tann, så ei tå, så ein arm – til sist er det berre hovudet igjen. «Timothy er lei seg, men han er glad for at han ikkje har mista hovudet. Han triller ut i garasjen og henter lim. No skal han ordne opp.» Det er dette siste – korleis Timothy fiksar det uvanlege problemet sitt – boka handlar mest om. Eg kan røpe at alt ikkje blir heilt som før, trass i at Timothy sjølv trur at alt er ved det gamle.
Med boka Spring, hesten, spring! debuterer den erfarne illustratøren Inger Lise Belsvik som biletbokskapar, og ho har skapt ei bok som er poetisk både i tekst og bilete. Stemninga i boka er underleg og fantasifull, og for den vaksne lesaren er det nærliggjande å tolke forteljinga som ei reise i draumars land: Ein liten gut følgjer med den store, brune hesten, og saman rir dei gjennom morgonsol og nattemørker, gjennom lavaeld og fossande vatn. Det er noko dei skal, reisa har eit mål, men guten veit ikkje kva det er.
Illustrasjon: Akin Duzakin