Arkiv for kategorien barnebøker

Maria Parr: Tonje Glimmerdal

av Janne Karin Støylen onsdag 23. september 2009

tonjeglimmerdalIllustrert av Åshild Irgens

Under dyna heime hjå oss ligg to gutar. Den eine vert fem år til jul og den andre er nett fylt ti. Regnet hamrar på taket. I det skrå skinet frå nattbordlampa ser vi kartet på innsida av permen i den nye boka. Vardetind, Glimmerhornet og Veslehammaren rammar inn Glimmerdalen med Gunnvald sin gard og Tonje sin gard. Sommarfjøsen og huset til Sally. Elva vert breiare ned mot Hagen helsecamping. Heilt nede ved fjorden ligg trygdebustadene, kaia og kiosken. Det er 11 km til Barkvika og 63 km til byen. No blar vi om og reiser til Glimmerdalen i lag.
Les meir »

Olaf Husby (red.): Ordleiksboka

av Janne Karin Støylen måndag 6. april 2009

Illustrasjonar: Stina Langlo Ørdal

Det første talet med bokstaven A er atten. Kva er det neste? Ein milliard! Om det blir lenge å vente på ein ny A, kan du lese historia om Rabarbrabarbara så lenge. Ho ville tene pengar på å lage mat med rabarbra, så ho opna ein bar som ho kalla RabarbraBarbarabar. Det kom mange gjester, og dei som kom oftast, var barbarar. Med store bartar. Snart dukkar det difor opp ein barberar i forteljinga … Orda blir berre lengre og lengre! Kanskje får du krøll på tunga? Det er mykje moro med ord i ordleiksboka. Les meir »

Lunde og Torseter: Eg kan ikkje sove no

av Janne Karin Støylen tysdag 24. mars 2009

Tekst: Stein Erik Lunde
Illustrasjon: Øyvind Torseter
Det norske Samlaget

Kultur- og kyrkjedepartementet har delt ut prisar til dei beste barnebøkene frå bokåret 2008. Både biletbokprisen og debutantprisen går til nynorske utgjevingar. Kari Stai fekk debutantprisen for Jakob og Neikob. Dette boktipset handlar om Stein Erik Lunde og Øyvind Torseter si bok Eg kan ikkje sove no, som fekk biletbokprisen.

Den vesle guten i denne forteljinga får ikkje sove. «Vindauget er heilt svart. Eg har på meg sokkar. Under pysjen har eg ulltrøye. Eg kan ikkje sove. Det er stillare enn det nokon gong har vore her.» I stova sit ein trygg pappa som kan svare på alle spørsmål. Søv dei raude fuglane? Et reven brødskorpene deira? Og viktigast av alt: Søv mamma?

– Skal vi gå ut og sjå på stjernene? spør pappa. Det er stjerneklårt og stille i denne forteljinga. Den nære, gode faren og den urolege, redde guten tek vare på kvarandre i vinternatta. – Det går nok bra, seier pappa. – Sikkert? – Heilt sikkert.

I juryen si grunngjeving for tildelinga les vi:
«Store følelser i et minimalistisk uttrykk. Teksten og illustrasjonene kommuniserer og utfyller hverandre til en rik, sammensatt og gjennomført helhet der mye ligger i detaljene. Spennende, stemningsfullt og poetisk.»

Meir om barnebokprisane frå departementet på www.barnebokinstituttet.no.

Sissel Horndal: Himmelspringaren

av Janne Karin Støylen onsdag 11. februar 2009

«Det byrja ei natt i april. Heile Rakkarhågen var pakka inn i skodde, og Gullullafjøset såg ut som det hang i lause lufta. Inne i fjøset sto Fjellfjosa, ballrund som ei kule. Johanna godprata med ho, klødde ho bak øyra og kviskra mjuke ord. – Kjære, flinke Fjosa mi, sa ho. – Kor eg gler meg til å sjå ungane dine. Det Johanna ikkje visste var at det denne natta skulle bli født eit lam i Gullullafjøset som ingen hadde sett maken til i heile fjorden. Og sikkert ikkje i fjorden bortanfor heller.»

Slik byrjar forteljinga om Lilla Himmelspringar. Allusjonane til eventyret om den stygge andungen er tydelege, mange vil nok også tenkje på frelsaren i Davids by. Historia kviler likevel ikkje på andre tekstar, sjølv om tema og bodskap er så viktige at mange forteljingar har vore bygde kring liknande motiv. Les meir »

Erna Osland: Dyrebare venner

av Janne Karin Støylen onsdag 21. januar 2009

Illustrasjonar: Tone K. Lileng

«Nett no er det du! For det er du som skal få lufta til å dirre av konsentrasjon no. Det er du som skal få kjenne at dei du les for, gir deg eit løft. Du skal få liggje på vinden og vere dobbelt så glad fordi du er så heldig å få lese for barn. Nett no er det du!» Erna Osland helsar til alle som les for born, og vi helsar godt nytt leseår med å tilrå hennar siste bok: Dyrebare venner.

Forlaget Mangschou har samarbeidd med Erna Osland om ein prislønt sakprosaserie som tel tre bøker med denne siste. Skarpe tenner, Fint å ha far og Dyrebare venner. Resultatet er svært godt, behovet er også stort. Les meir »