Nynorsksenteret: Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa


Arkiv for kategorien barnebøker

Fosse og Torseter: Spelejenta

av Petra J. Helgesen tysdag 2. mars 2010

SpelejentaTekst: Jon Fosse
Illustrasjon: Øyvind Torseter
Det Norske Samlaget

I nokre av Noregs vakraste biletbøker finn du illustrasjonane til Øyvind Torseter. I fjor illustrerte han tre bøker og ga ut ei bok sjølv, der han står for både tekst og bilete. Den eine av dei bøkene som kom hausten 2009 var Spelejenta, den nyaste barneboka til Jon Fosse.

Torseter bruker collageteknikk og enkle strekar, samstundes som detaljane er mange. Fargebruken er særs gjennomført og gjennomtenkt. I Spelejenta følgjer vi ei jente som drar ut for å redde far sin – han har forlist på ein holme i havet – og fargane er mørke og dystre fram til det lysegrøne, håpefulle oppslaget der far og dotter kjem seg velberga heimover.
Les meir »

Rune Belsvik: Forteljingar om Jolver

av Petra J. Helgesen måndag 1. februar 2010

JolverIllustrert av Kari Stai.

På framsida av Forteljingar om Jolver ser vi ikkje eit bilete av Jolver. Kari Stai har i staden teikna spegelbiletet til Jolver. Han ser seg sjølv i ein sølepytt, og det einaste lesaren kan sjå av sjølve guten, er føtene hans. Slik er det inne i boka også. Jolver speglar seg i dei små og kvardagslege hendingane rundt seg, medan han prøver å finne ut kven han er og kven han kan bli. Forteljingar om Jolver er noko så sjeldan som ei eksistensiell barnebok, ei enkel bok om store tema: sjølvstende og morsbinding, døden, identitet, fiksjon og røynd, forandringar og kommunikasjon. Les meir »

Nynorskopplæring: Teikneseriespesial

av Arild Torvund Olsen fredag 15. januar 2010

TeikneseriespesialDette heftet er ein antologi med tolv nyare teikneseriar på nynorsk.

Samansette tekstar er eit emne som har fått ei viktig rolle i lære­planen for norskfaget. Bruk av teikne­seriar kan vera ein motiverande og spanande innfalls­vinkel til emnet. Diverre er det slik at mange av dei gode nynorske teikneserie­titlane berre er tilgjengelege i stutt tid og i små opplag med avgrensa distribusjon. Difor har Nynorsksenteret laga dette spesialheftet med nynorske teikneseriar.
Les meir »

Titus Kodzoman: Torbjørn Isbjørn

av Janne Karin Støylen fredag 8. januar 2010

torbjornisbjornTekst: Titus Kodzoman
Illustrasjonar: Anne Angelshaug

Langt, langt mot nord, så langt nord som det er mogleg å kome, der bur isbjørnane. Isbjørnar er store, sterke og modige – og knapt redde for nokon ting. Det einaste isbjørnar er redde for, er å ramle av jordkloden. Det er fordi dei bur heilt oppe på toppen. Vesle Torbjørn Isbjørn er redd for noko mykje verre. Han er redd han ikkje er ein ekte, skikkeleg isbjørn. Fordi han frys! Les meir »

Hilde Myklebust: Jon og den lange julenatta

av Janne Karin Støylen torsdag 17. desember 2009

JonogdenlangejulenattaIllustrert av Inger Lise Belsvik.

– Tusen tindrande takk til den fine familien min som har gjort det muleg for meg å skrive denne boka, skriv Hilde Myklebust heilt til slutt, når forteljinga om Jon og den lange julenatta er ferdig. – Denne boka ligg så nær hjartet mitt at ho nesten ER hjartet mitt! seier ho. Og historia kryp inn hjartet til lesaren òg. Med god julestemning og varm juleglede. Til små og store. Ei familiebok.

Jon ventar. På julekvelden så klart, men mest av alt på følet som snart skal kome. Hoppa Tyra står føltung i stallen, ho har store auge og stor mage. Skjelv litt og trakkar med hovane. Jon skjønar at det kjem til å skje i dag. Les meir »