Nynorsksenteret: Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa


Arkiv for kategorien bøker for dei litt eldre

Jan Roar Leikvoll: Fiolinane

av Øystein Espe Bae onsdag 15. desember 2010

Jan Roar Leikvolls Fiolinane er ein svært god, poetisk roman som granskar yttergrensene av kva det vil seie å vere eit menneske. Men boka er så sterk kost at ho ikkje bør nytast som tilbehør til kveldsmaten.

Leikvoll har skrive ein dvelande, eksistensiell roman som fortel historia til ein gut som er i ferd med å bli mann. Men dette er ingen vanleg oppvekstsroman. Leikvoll har plassert ei apokalyptisk hending i eit univers som ikkje liknar grisen: Menneska som me møter, er i praksis innestengde på ei gigantisk søppelfylling dei ikkje ser enden av, og der Darwins maksime om «den sterkaste sin rett» blir spelt ut i groteske, brutalt valdelege former.

Her lever tusenvis av menneske nærast som dyr i ein sandstorm. Dei bur i provisoriske skur og er organiserte i flokkar. Dei er skitne, svoltne, sjuke og utildekte – og sola gir brennmerke frå klar himmel. Kvar har verda, slik me kjenner ho, blitt av? Eller er det slik at me i røynda ikkje kjenner ho så godt som me trur? Les meir »

Elskar, elskar ikkje

av Øystein Espe Bae torsdag 18. november 2010

Ein av nykomarane frå Samlaget i år som er verdt å ta med seg inn i klasserommet, er novellesamlinga Elskar, elskar ikkje. Samlinga inneheld nye, nordiske kjærleiksnoveller for både han og ho – alle omsette til nynorsk.

Her blir dei mange ulike formene for kjærleik mellom to menneske tematiserte – på godt og vondt. I tillegg til å handle om den ofte såre og vanskelege kjærleiken, har mange av novellene også ein kjønna, moralsk eller etnisk komponent. Felles for tekstane er at dei er engasjerande og inviterer lesaren til å føle empati og respekt for den andre sitt perspektiv. Novellene kan fungere som utgangpunkt for gode diskusjonar mellom elevar både på ungdomstrinnet og på vidaregåande.
Les meir »

Nynorskopplæring: Teikneseriespesial

av Arild Torvund Olsen fredag 15. januar 2010

TeikneseriespesialDette heftet er ein antologi med tolv nyare teikneseriar på nynorsk.

Samansette tekstar er eit emne som har fått ei viktig rolle i lære­planen for norskfaget. Bruk av teikne­seriar kan vera ein motiverande og spanande innfalls­vinkel til emnet. Diverre er det slik at mange av dei gode nynorske teikneserie­titlane berre er tilgjengelege i stutt tid og i små opplag med avgrensa distribusjon. Difor har Nynorsksenteret laga dette spesialheftet med nynorske teikneseriar.
Les meir »

Art Spiegelman: Maus

av Arild Torvund Olsen torsdag 7. januar 2010

Spiegelman_Maus_liteTeikneserieklassikaren Maus – historia til ein overlevande er endeleg tilgjengeleg på norsk att, i Lars Amund Vaage si nynorske omsetjing. Me følgjer to parallelle historier i boka. Den eine er forteljinga om korleis Vladek Spiegelman, far til Art, vert råka av jødeforfølgingane i Polen og nær drepen i Auschwitz. Den andre forteljinga er om Art Spiegelman sjølv og arbeidet hans med å skriva ned og laga teikneserie av augevitneskildringane til faren. Gjennom arbeidet freistar han skjøna meir av både soga, faren og familien sin, men det er ikkje alltid like lett. Som han sjølv seier i ein replikk på side 176: «Eg kjenner meg så inadekvat når eg prøver å rekonstruere ei fortid som er verre enn mine svartaste draumar. Og å prøva å gjera det i ein teikneserie!» Men resultatet vart ikkje berre bra, det vart so bra at Spiegelman vann Pulitzerprisen for teikneserien. Les meir »

Øystein Runde: Soga om Olav Sleggja

av Arild Torvund Olsen måndag 14. september 2009

sleggjaDet nyaste verket til serieskaparen Øystein Runde, Soga om Olav Sleggja, er ein teikneserieroman frå vikingtida. Olav Sleggja vart i si tid redda av Olav Tryggvason, og han står difor i gjeld til kongen. Gjennom teikneserien fylgjer me Sleggja i kampen for å freista lausriva seg frå Tryggvason og den norrøne æreskodeksen, slik at han på ny kan verta ein fri mann. «Kva slags mann går vel rundt og brukar tid på å vurdere seg sjølv, når det er andre si vurdering som lever vidare?» spør Tryggvason, som syner seg å vera ein særs usympatisk motstandar.
Les meir »