Asbjørn Rydland: Drakeguten
av Janne Karin Støylen tysdag 7. desember 2010
Første bok i ein fantasy-serie på fem bøker om stallguten Koll.
Nokre soger kan ikkje gløymast eller haldast fast berre på ein plass. Dei kan rett nok ta til i det små, kanskje berre med ei lita hending i ein liten landsby langsmed elva, men så veks dei seg større og større. Ingen kan vita kvar slike soger tar vegen. Dei kan leva i fleire hundre år og reisa til fjerne kystar og framande land, heilt til dei nesten ikkje liknar seg sjølv lenger. Men uansett kor langt dei drar, og kor lenge dei lever, så kjenner alle dei. Om soga om Drakeguten er ei slik historie? Vi får sjå!
Den mektige elva Taigar renn gjennom Andhra Kesh, riket mellom fjelltoppane. Krigen er over, det maldesiske kavaleriet har fridd landsbyen Kervad frå krigsherren Lothbard. Mange av kervingane meiner dei like godt kan forsvare seg sjølve no. Dei treng ikkje kavalieriet lenger. Stallguten Koll drøymer om å bli ein stor krigar og gjere som han sjølv vil. Men han er liten og puslete, er redd for vatn og kan ikkje eingong symje. Likevel brenn det i han, han skjønar at han er utvald.
Les meir »

Ein av nykomarane frå Samlaget i år som er verdt å ta med seg inn i klasserommet, er novellesamlinga Elskar, elskar ikkje. Samlinga inneheld nye, nordiske kjærleiksnoveller for både han og ho – alle omsette til nynorsk.
Dette heftet er ein antologi med tolv nyare teikneseriar på nynorsk.
Teikneserieklassikaren Maus – historia til ein overlevande er endeleg tilgjengeleg på norsk att, i Lars Amund Vaage si nynorske omsetjing. Me følgjer to parallelle historier i boka. Den eine er forteljinga om korleis Vladek Spiegelman, far til Art, vert råka av jødeforfølgingane i Polen og nær drepen i Auschwitz. Den andre forteljinga er om Art Spiegelman sjølv og arbeidet hans med å skriva ned og laga teikneserie av augevitneskildringane til faren. Gjennom arbeidet freistar han skjøna meir av både soga, faren og familien sin, men det er ikkje alltid like lett. Som han sjølv seier i ein replikk på side 176: «Eg kjenner meg så inadekvat når eg prøver å rekonstruere ei fortid som er verre enn mine svartaste draumar. Og å prøva å gjera det i ein teikneserie!» Men resultatet vart ikkje berre bra, det vart so bra at Spiegelman vann Pulitzerprisen for teikneserien.
Det nyaste verket til serieskaparen Øystein Runde, Soga om Olav Sleggja, er ein teikneserieroman frå vikingtida. Olav Sleggja vart i si tid redda av Olav Tryggvason, og han står difor i gjeld til kongen. Gjennom teikneserien fylgjer me Sleggja i kampen for å freista lausriva seg frå Tryggvason og den norrøne æreskodeksen, slik at han på ny kan verta ein fri mann. «Kva slags mann går vel rundt og brukar tid på å vurdere seg sjølv, når det er andre si vurdering som lever vidare?» spør Tryggvason, som syner seg å vera ein særs usympatisk motstandar.