Nynorsksenteret: Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa


Arkiv for kategorien ungdomsbøker

Sunniva Relling Berg: Utfor

av Petra J. Helgesen fredag 20. januar 2012

Det Norske Samlaget

Utfor av Sunniva Relling Berg har ei av dei finaste opningssetningane i 2011: «Det var som om heile havet landa på frontruta.» Vatn er ofte eit bilete på kjenslene våre. I Utfor understrekar havet og vatnet alt det hovudpersonen Lea slit med. I byrjinga er bølgjer og regn forrykande. Hav og himmel går i eitt. I slutninga kan ho teikne horisonten som ei lett krusa line. Det blir betre.

Lea er ein fjorten år gamal mattenerd som nett har flytta frå mobbarane sine i byen til ei øy ytst i havgapet. Det er to sentrale konfliktar i teksten, ein indre konflikt og ein ytre. Den ytre konflikten forstår ikkje Lea noko av, men det er tydeleg at Jonas, ein av gutane på øya, har gjort noko forferdeleg. Dei andre tre ungdommane som bur der ute, Mads, Mia og Arne, nektar å vere med han. Lea vil gjerne vere med dei alle, sjølv om dei er merkelege, kvar på sitt vis. Kva er det dei held skjult for ho? Les meir »

Terje Torkildsen: Dystopia III

av Arild Torvund Olsen onsdag 14. desember 2011

I bok nummer tre i serien Dystopia møter me på ny dei fire ungdomane som er på flukt gjennom eit Europa råka av naturkatastrofar. Dei fire er no komne til Belgia, der dei søkjer ly på slottet til markien av Moulindam. Uvêr gjer at dei vert isolerte på slottet, og når kokka på slottet vert drepen, er det duka for mordgåter og dramatikk. Tempoet er høgt, boka er spanande, og til liks med dei to fyrste bøkene i serien vil Dystopia III vera eit godt val for spaningshungrige og utolmodige lesarar i alderen 14–17 år.

Boka kan fint lesast utan å ha lese dei to fyrste bøkene i serien.

Jim Woodring: Dei samlar seg, dyra

av Arild Torvund Olsen tysdag 14. juni 2011

Tenk deg ein surrealistisk draum i eit svart-kvitt-landskap med detaljerte skraveringar. Sleng inn ein søt teikneseriefigur inspirert av animasjonsfilmar frå 1920-talet, og resultatet ville kan henda ha vorte noko liknande av den nye boka til den amerikanske serieskaparen Jim Woodring.

Den norske utgåva av Congress of the Animals har fått tittelen Dei samlar seg, dyra, og ho kjem ut på Jippi forlag. Sjølve forteljinga er heilt ordlaus, men bakpå boka finn me ei samling sitat frå mellom anna I Ching, Salvador Dalí og Jim Woodring sjølv. Les meir »

Robert Muchamore: Flukta. Cherub 3

av Petra J. Helgesen fredag 3. juni 2011

Omsett av: Øystein Rosse

Det Norske Samlaget

Då Robert Muchamore byrja skrive Cherub-serien, ønskte han å skrive nett ei slik bok han sjølv leita etter då han var tretten. Suksessen til serien, no omsett i tjuefem land og snart på film, er kanskje eit prov på at trettenåringar i dag og for tjue år sidan ikkje er så forskjellige. Dei vil ha store dosar spenning, personar å identifisere seg med og ein dæsj romantikk på toppen.

Flukta er det tredje Cherub-eventyret til trettenårige James Adams, og denne gongen er også veslesystera hans, Lauren på ti, med på farleg oppdrag. Cherub er ein superhemmeleg organisasjon som trenar barn opp til agentar, og James og Lauren blei rekrutterte då mora deira døydde. På sitt første felles oppdrag skal dei to søskena hjelpe sonen til ein av USAs mest ettersøkte forbrytarar, våpenhandlaren Jane Oxford, med å flykte frå høgrisikofengselet Arizona Max. Curtis Oxford er fjorten år og sit fengsla for drap, på sovesal med niogtjue andre livsfarlege ungdomskriminelle. James blir arrestert og dømt med falsk identitet, og som innsett i Arizona Max skal han prøve å bli ven med Curtis. Lauren skal hjelpe dei to gutane på utsida av murane, om dei klarer å rømme, og då håper MI5 og FBI at dei tre ungane skal føre dei til Jane Oxford og trettifem stolne presisjonsstyrte rakettar. Oppdraget er risikabelt frå første stund. Les meir »

Linn T. Sunne: Saiko

av Petra J. Helgesen onsdag 4. mai 2011

Hurra! Hurra for Kometbøkene til Samlaget og hurra for Linn T. Sunne! Vi treng fleire gode lettlesne bøker for ungdom, og med «Saiko» leverer Samlaget og Sunne nok ein gong. Førre boka vi fekk var «Blå blondie», og da som no handlar det om ei ung jente i krise, om forelsking og om å få kontroll over eige liv.

Jentene til Sunne endar aldri opp med dei gutane dei trudde dei skulle ende opp med. Dei har ikkje styring på vala sine. Katti i «Blå blondie» har ei kreftsjuk søster og strever med å finne ein eigen plass i familien, og guten ho er forelska i endar opp med venninna. Ella i «Saiko» lar seg presse til å gjere det stikk motsette av det ho eigentleg vil: Ho blir saman med rånaren Steinar i staden for den brunøygde Simon. Medan Katti etter kvart blir saman med ein annan og betre, og vinn kontrollen gjennom det, er Ella sin veg mot sjølvstyre langt tøffare. Les meir »