Kategoriarkiv: unge vaksne

Marit Kaldhol: Z for sorry

I Z for sorry held Marit Kaldhol fram med å skrive om nokre av ungdommane som vi møtte i den kritikarroste romanen Zweet (2015).

I den nye romanen møter vi att Susan, og ho har vorte utsett for ei ulukke. Eller er det eigentleg ei ulukke?

Vi møter Susan i senga på sjukehuset. Kvifor ligg ho der? Forteljaren held tilbake mykje informasjon om kva som har skjedd med Susan, og motivasjonen for å få ei forklaring på sjukehusopphaldet driv lesaren vidare i forteljinga. Gradvis vert historia om henne rulla opp. Forteljinga vekslar mellom fortid og notid, og slik vert det ein samanheng mellom dei to romanane Zweet og Z for sorry. I Zweet var Susan ein av dei som mobba Lill Miriam, ei jente i klassa. Og vi får vite at Susan vart utestengd av den gamle veninnegjengen etter at ho snakka med rektor om mobbinga. Det er over eit år sidan, men framleis er ho ikkje tilgitt: «Vi snakkar ikkje med slike som deg», skriv ei av dei på sms. Dei som seier frå, kan sjølv verte utsette for mobbing.

Les meir

Synnøve Macody Lund: Personar du kanskje kjenner

Dette er ei bok med mange samanvovne historier. Den viktigaste handlar om Synnøve og faren hennar. Ho skal skrive bok om han, men synest det er vanskeleg.

I staden diktar ho historier om personar du kanskje kjenner: Mari skriv semesteroppgåve og forelskar seg i rettleiaren. Anna prøver å sortere livet på nytt som skild deltidsmamma. Live famlar etter balanse i samlivet med Eva. Eskild er ein mann med få skruplar i jakta på neste ligg.

Les meir

Mette Eike Neerlin: Hest, hest, tiger, tiger

Omsett til nynorsk av Brit Bildøen

Korleis kan ei bok handle om det mest alvorlege av det alvorlege, på same tid som ho er komisk og underfundig? Hest, hest, tiger, tiger er ei slik forteljing.

Honey bur saman med mor si og storesøster Mikala. Ho er van med å klare det meste: Lage mat. Handle inn. Ta seg av søster si. På skulen prøver ho å vere venn med alle, men ho er sjeldan saman med nokon av klassekameratane på fritida. Og så er det pappa då, som ringjer og spør om ho vil ta ein kopp kakao i lag med han, men som helst vil låne pengar av henne. Pappa med dei store tatoveringane, som stadig vekk gjer litt for mykje av seg i sosiale samanhengar. Både han og Mikala kan rett og slett bli litt «altfor mykje» til tider. Dess meir plass dei tek, dess mindre vert Honey.

Les meir

Frode Grytten: Menn som ingen treng

menn_som_ingen_trengMenn som ingen treng er ei novellesamling av Frode Grytten som vart utgjeven hausten 2016. Tittelen på samlinga peikar på ein felles tematikk i alle tekstane, nemleg menn som kjenner seg utilstrekkelege, unyttige, avviste, mislukka og utnytta.

Vi får høyre om fedrar som drikk for mykje, som slår, og om fedrar som utnyttar sønene til å utføre kriminelle handlingar. Det er dei problematiske forholda som vert viste fram, korleis mødrer eller barn vert offer for mennene og protesterer mot dei på ulikt vis. Mora i den første novella får seg kjærast som ho ublygt tek med heim, køyrer bilturar med og viser fram for nabolaget. Protesten mot livet ho lever, vert tydeleg særleg sidan handlinga er lagd til året 1974. Syttitalet er som vi veit tiåret for kvinnekamp og lausriving frå tradisjonelle kjønnsroller. Mora tek grep om eige liv, og gjer opprør mot den ofte underkua husmora frå 50- og tidleg 60-talet. Sonen forstår ikkje korleis mora kan gjere dette, men han skjønar også at forholdet til faren er dårleg fordi faren drikk og slår, og har psykopatiske trekk når han er heime frå sjøen. Sonen kjenner seg utrygg i sitt eige forhold til ei jente som verken seier at ho treng han eller vil vere i eit fast forhold med han. Kvinnene vert sterkare i novella, noko som resulterer i at mennene vert usikre og desperate. Den siste setninga ber dommedagsmørket i seg: «Eg visste den gongen ingenting om kor ille dette kom til å ende».

Les meir

Kjartan Hatløy: Den kvite vegen. Stemningar frå Salbu

«Alt som unge lurte eg på kva det tyder, dette ordet:
er».

Den kvite vegen. Stemningar frå Salbu (2016) av Kjartan Hatløy er ei diktsamling som er nominert til Ungdommens kritikarpris. Ungdommens kritikarpris er ein pris for skjønnlitterær samtidslitteratur, delt ut av elevar i vidaregåande opplæring.

I den prosalyriske diktsamlinga møter vi eit søkande eg, som lever i landlege omgjevnader i det same huset som foreldra hans budde. Han bur åleine, er ein ungkar på mellom seksti og sytti år, men er ikkje einsam, for han les mykje, grublar og sansar aktivt livet. Og sjølv om foreldra er døde, slår han enkelt fast at «Framleis har dei vekt».
Les meir

Mary Shelley: Frankenstein

frankenstein«Lær av meg, om ikkje frå formaningane mine så frå eksempelet mitt, kor farleg det kan vere å få kunnskap, og kor mykje lykkelegare han er som trur heimbyen hans er heile verda, enn han som strevar etter å bli mektigare enn karakteren hans vil tillate.»

Romanen Frankenstein er omsett til nynorsk av Øystein Vidnes og kom ut på Skald Forlag hausten 2016. Den er ein av fleire klassikarar som skal omsetjast til nynorsk på dette forlaget. I tillegg til Frankenstein er Forvandlinga og andre forteljingar av Franz Kafka (og omsett av Jon Fosse) komen ut, og i 2017 kjem to romanar: Robert Müsil: Tre kvinner og Gustave Flaubert: Madame Bovary, og novellesamlinga Dei døde av James Joyce. Det er viktig at ein får omsett sentrale verk frå verdslitteraturen til nynorsk, og denne serien står i ein sterk nynorsk omsetjartradisjon.

Les meir

Tore Renberg: Du er så lys

«Ansiktet hans den kvelden. Det kan eg sjå for meg no. Kolossalt levande. Som om det var fullt av mark, tenkjer eg no.»

Kva er litteraturen si oppgåve i verda? – Vi lærer å forstå andre. Setje oss inn i korleis andre har det. Dermed lærer vi også oss sjølve betre å kjenne. Og vi kan lære av dei erfaringane dei gjer seg, dei vi les om. Vi erfarer det same, berre heilt gratis. Utan å måtte ta konsekvensane av desse erfaringane, som ofte er fatale i fiksjonen.

Slik har eg ofte argumentert som formidlar. Men sjeldan har eg lese ein tekst som så klart svarar til denne oppgåva, ei forteljing som er akkurat slik, der det å forstå andre og greie å setje seg inn i korleis andre har det, og dermed forstå seg sjølv litt betre, er drivkrafta i historia.
Les meir

Anna Gavalda: Livet, til det betre

Denne romanen handlar om tre menneske i Paris. Dei er i tjueåra, og dei har det til felles at dei opplever hendingar som gjer at dei må tenkje på nytt om eige liv. Romanen er delt inn i tre forteljingar på om lag 100–120 sider kvar. Mathilde er den første vi vert kjende med. Ho er 24 år, kunststudent og rappkjefta: «Hadde vore klokare av meg å få ferdig (få begynt på) masteroppgåva (…) eller få tenkt litt på framtida mi, meg sjøl, økonomi og pensjonspoeng, men dessverre, eg mista trua på akademia ein plass på vegen, og alt eg tenkjer på, er å leve livet, right on, utan skisser og disposisjonar. Sia alt er juks og bedrag … Sia alt er berre kommentarar… Sia polane smeltar, og bankane endar opp med full erstatning, og bøndene henger seg på låven og dei fjernar offentlege benkar så dei heimlause ikkje skal setje seg … Hæ? Skulle eg plage meg sjøl med å slå ned teltpluggane, liksom, i ein sånn verden?»

Les meir

Asbjørn Rydland: Galderstjerna

galderstjernaAsbjørn Rydland demonstrerte med den prisvinnande bokserien om Drakeguten at han kan kunsten å skriva god fantasy. No har han byrja på ein ny serie, Vegandi, og fyrste boka har fått tittelen Galderstjerna.

Hovudpersonen Eirik er skuleelev og speler mykje dataspel med venene Khalid og Maria. Etter ein serie med merkelege hendingar vaknar han opp med eit runesymbol på brystet – same symbol som han finn i dataspelet han held på med. Før Eirik veit ordet av det, er han rota inn i store hendingar som involverer parallelle dimensjonar, vikingar, teknologi og magi … og gudar som ikkje ser med velvilje på ein tenåring som blandar seg inn i sakene deira.

Les meir