Kategoriarkiv: unge vaksne

Sjå bokliste for aldersgruppa: Bokliste for vidaregåande skule.

Gaute M. Sortland: Korte meisterverk

Tittelen på novellesamlinga Korte meisterverk av Gaute M. Sortland kan verke ambisiøs, men vi forstår etter kvart at tittelen ikkje er meint verken som sjølvskryt eller ironi, men har eit svært konkret utgangspunkt. Og kva det er, får du lese i den novella som sjølvsagt heiter «Tittelen».

Likevel er det slik at dei 30 korttekstane og novellene godt kan omtalast som meisterlege, og dei er godt eigna til bruk i vidaregåande skole. Nokre av dei formidlar augeblikksbilete og tankar, andre inneheld korte historier. Og sjølv om det handlar om kvardagssituasjonar, livet og døden, unngår Sortland klisjeane.

Les meir

Finn Tokvam: Lothepus. Går det til helvete, så går det til helvete

Lothepus. Går det til helvete, så går det til helvete er biografien om Leif Einar Lothe – eller som dei fleste kjenner han: Lothepus.

Lothepus sine forteljingar frå barndomen, om utdanning, arbeidsliv og andre eventyr er førte i pennen av Finn Tokvam. Boka vitnar om mange røvarhistorier og påfunn, men òg hendingar som snur livet på hovudet og som er avgjerande for framtidige val.

Les meir

Brynjulf Jung Tjønn: Alt det lyse og alt det mørke

Romanen startar idet Vibeke og dottera Hildegunn skal møtast igjen etter fleire år, og Vibeke har overrekt huset sitt til dottera. Vibeke er innlagt på psykiatrisk institusjon, og ho mista omsorga for Hildegunn då ho var lita. Litt etter litt får vi greie på kvifor alt gjekk som det gjekk for 15–20 år sidan.

Vibeke vaks sjølv opp hos ein einsleg far. Han hadde vanskar med alkoholen og med arbeidslivet, og etter at han fekk skulda for ei arbeidsulykke då det skulle byggast ny kyrkje, forsvann han for godt. Vibeke måtte flytte til den ugifte tanta si, men ho lengta heile tida etter faren. Det var ingen tvil om at han hadde brydd seg om ho og gjort sitt beste, han representerte eit trygt haldepunkt for ho.

Les meir

Mette Karlsvik: Mørkerom

Eg-personen, ei jente, skriv til eit du som vi forstår er faren hennar. Ho skriv med utgangspunkt i bilete funne i eit gammalt album. Mange er familiebilete, og ein kan følgje farens liv frå han var liten gut, tenåring og vaksen. Fotografia fortel historier, og jenta diktar vidare og legg til historier, tankar og kjensler til dei fotografia ho ser på.

Dei bileta og førestillingane ein har i hovudet er betre enn dei verkelege bileta. Kvart kapittel i boka er som skildring av eit fotografi eller ein situasjon, og tittelen Mørkerom får ei dobbel tyding.

Les meir

Lars Mæhle: Den stille flokken

Den stille flokken er den tredje krimboka i serien der psykolog og kampsportsutøvar Ina Grieg er hovudperson, men ein kan godt lese denne romanen uavhengig av dei to andre. Dette er både ei spennande krimbok og ei bok som tar opp tilhøva for taterar/dei reisande ved Svanviken arbeidskoloni. Ein pasient blir borte frå psykiatrisk avdeling, og samstundes blir to eldre søstrer funne drepne. Ein journalist kan ikkje gløyme ei tidlegare, uløyst drapssak, og nå er fristen for forelding i ferd med å gå ut. Ina Grieg hadde kontakt med den psykiatriske pasienten som blir kalla Den stumme, for femten år sidan. Når ho og etterforskar Hugo Fannrem begynner å nøste, finn dei trådar tilbake til Svanviken arbeidskoloni. Kven er dei fire som har laga ein hemmeleg avtale om aldri å seie noko? Les meir

Katrine Sele: Jølster hotell. Historier frå eit asylmottak

Dei reiste ifrå liva sine. Dei reiste ifrå mødrer og fedrar, ektefellar, kjærastar, barn. Ikkje alle visste om dei ville sjå sine kjære att. Dei reiste ifrå eit hus i Daraa, eit hus i Aleppo, farens villa i Raqqa, ei stråhytte på landsbygda nær Jijiga, ei leiligheit delt med broren i Damaskus, moras hus i Khartoum. Ei tid var dei alle på asylmottaket i gamle Jølster hotell: Bassel, Hayat, Malik, Milka, Moayad, Najma, Shaban, Tblets og Yamen. Detter er historia deira.
Les meir

Astrid Sverresdotter Dypvik: Berlinhistorier. Kald krig i den delte byen

I den nye boka til Astrid Sverresdotter Dypvik får vi nye historier om livet i DDR, men denne gongen er det enkeltskjebnar i Berlin ho skriv om.

Vi møter barna i Sachsenshausen, som vert skildra gjennom forteljinga til Sacha, Alexander Latotzky. Sachsenhausen som vart brukt som konsentrasjonsleir under andre verdskrig, vart under den kalde krigen ein straffeleir for fangar, som var plasserte der utan dom. Dei fleste visste ikkje kor lenge dei måtte vere der. Sacha kom då han var to månader. Etter kvart vart han tatt frå mora og send til ein barneheim. Anton Makarenko var den populære pedagogen på denne tida, og hadde sterk vekt på at kollektivet kunne utføre straff for å disiplinere barna:

«Ein kveld var det Alexander sin tur. Alle ungane var samla i matsalen. Alexander sto i midten. Dei andre stod i ein ring rundt han. Oppdragaren, den vaksne, stod ved døra. Så gav han signalet. Ungane kasta seg over Alexander. Dei sparka, slo, klorte. (…) Ungane gav seg ikkje før oppdragaren signaliserte at dei skulle slutte. Då trekte dei seg unna. (…) Alexander var åtte år og hadde prøvd å rømme frå barneheimen.»

Les meir

Marit Kaldhol: Z for sorry

I Z for sorry held Marit Kaldhol fram med å skrive om nokre av ungdommane som vi møtte i den kritikarroste romanen Zweet (2015).

I den nye romanen møter vi att Susan, og ho har vorte utsett for ei ulukke. Eller er det eigentleg ei ulukke?

Vi møter Susan i senga på sjukehuset. Kvifor ligg ho der? Forteljaren held tilbake mykje informasjon om kva som har skjedd med Susan, og motivasjonen for å få ei forklaring på sjukehusopphaldet driv lesaren vidare i forteljinga. Gradvis vert historia om henne rulla opp. Forteljinga vekslar mellom fortid og notid, og slik vert det ein samanheng mellom dei to romanane Zweet og Z for sorry. I Zweet var Susan ein av dei som mobba Lill Miriam, ei jente i klassa. Og vi får vite at Susan vart utestengd av den gamle veninnegjengen etter at ho snakka med rektor om mobbinga. Det er over eit år sidan, men framleis er ho ikkje tilgitt: «Vi snakkar ikkje med slike som deg», skriv ei av dei på sms. Dei som seier frå, kan sjølv verte utsette for mobbing.

Les meir