Kategoriarkiv: antologiar

Fantasiboka

Det var ein gong eit heilt vanleg hus som låg i ein heilt vanleg skog. Der budde det ein gamal og gråhåra mann. Mannen var forfattar og hadde skrive bøker heile livet. Då han var ung, hadde han hatt mange venner, og saman hadde dei reist verda rundt på jakt etter eventyr. Derfor var bøkene hans fulle av snakkande pappegøyar, dansande slangar og flygande esel. Alle vennene hans vart sprø som kjeks, og dei hadde klatra opp dei brattaste fjell, ridd på krokodiller og overnatta i toppen av dei høgaste trea dei kunne finne.

Slik startar første eventyret i Fantasiboka, den femte og siste boka i serien med nyskrivne nynorske forteljingar. Sidan første utgivinga i 2007 har desse antologiane etter kvart blitt klassikarar og samleobjekt i mange hus.

Les meir

Barnas store eventyrbok

Barnas store eventyrbokEndeleg er ho her, eventyrboka på nynorsk. Maria Parr har omsett Barnas store eventyrbok til nynorsk. I denne boka finn du dei kjende eventyra: Bukkane Bruse, Raudhette, Fyrtøyet, Pannekaka, Bymusikantane frå Bremen, Mannen som skulle stelle heime, Den stygge andungen og Tornerose.

Boka er illustrert med dei kjende illustrasjonane til Svend Otto S, og det er store fine illustrasjonar som eignar seg godt både når ein skal lese med barnet på fanget og når ein skal lese for ei gruppe barn.

Les meir

Monsterboka

MonsterbokaSkald forlag, antologi
Illustrert av Gunvor Rasmussen

Grim skulle berre ut og hente posten. Han hadde venta på eit blad i fleire dagar, så han var litt utålmodig og gjekk ganske fort, rett på ei kvinne ute på fortauet. Ho skvatt og sleppte eit skrik ut av seg. Det hadde ho kanskje rett til. Av og til må ein få lov å skvette og skrike litt. Men så gav ho seg til å hyle. Tunga låg og skalv inni munnen hennar. Grim kom på at han ikkje hadde kjemt seg på ei stund. Han såg kanskje litt rufsete ut. Men å hyle slik?
– Du overreagerer, ropte Grim.

Slik startar forteljinga «Monsternytt» av Arnfinn Kolerud. Les meir

Trøysteboka

TrøystebokaHar du nokon gong vore så trist at du trudde ingen ting i heile verda kunne trøyste deg?

Eller har pappaen din nokon gong vore så sjuk at du trong ein stor, stor klem?

Og kan du førestille deg at det finst nokon som aldri har fått ein klem i sitt liv?

Trøysteboka er den tredje boka i serien med nyskrivne nynorske forteljingar. Etter dei to prislønna første bøkene Godnattboka og Eventyrboka skriv forfattarane i denne boka om det å trengje trøyst og om å gi trøyst til andre.

Elskar, elskar ikkje

Ein av nykomarane frå Samlaget i år som er verdt å ta med seg inn i klasserommet, er novellesamlinga Elskar, elskar ikkje. Samlinga inneheld nye, nordiske kjærleiksnoveller for både han og ho – alle omsette til nynorsk.

Her blir dei mange ulike formene for kjærleik mellom to menneske tematiserte – på godt og vondt. I tillegg til å handle om den ofte såre og vanskelege kjærleiken, har mange av novellene også ein kjønna, moralsk eller etnisk komponent. Felles for tekstane er at dei er engasjerande og inviterer lesaren til å føle empati og respekt for den andre sitt perspektiv. Novellene kan fungere som utgangpunkt for gode diskusjonar mellom elevar både på ungdomstrinnet og på vidaregåande.
Les meir

Eventyrboka

eventyrbokaSkald forlag
Illustrert av Gunvor Rasmussen

«Første fabel om Opus» handlar om ein liten aurom, ein gul kvapse, ein diger muggedàs og ein heil flokk med fabbepiltar. Alle har gløymt korleis dei skal seie takk. Folkeskikken no til dags er ikkje som han var. Eller? Eventyrboka inneheld nye nynorske eventyr frå 19 forfattarar. Nokre er klassiske, andre er nyskapande. Alle er gode!

– I Skald forlag fordeler vi prosjekta ut frå kva bøker vi verkeleg brenn for og kven som har mest engasjement for ei utgjeving. På den måten vert nesten alle bøkene våre «hjartebarn», og Eventyrboka er mitt, smiler redaktør Simone Stibbe. – Vi satsar stort på det visuelle. Gunvor Rasmussen har teikna eventyr i heile sommar! I tillegg er vi svært opptekne av korleis det kjennest å ha boka i handa. Vi ville at det skulle vere godt å halde i denne boka, så vi har vore nøye med val av materiale.
Les meir

Godnattboka

GodnattbokaIllustrert av Gunvor Rasmussen

– Trøbbel med å sove, Finn? Tigeren dukkar fram frå gøymestaden under senga så snart foreldra til Finn går inn i stova. Bestefar fortel at det er skumle dyr under sengene til alle born i heile verda, nokon har ein hoggorm, andre ei krokodille. Sjølv hadde han ein flodhest. Slike skumle dyr er alltid veldig snille, seier bestefar. «Yo, Finn,» helsar tigeren, «kul togbane!» Når Finn ikkje får sove fortel tigeren lenge og detaljert om favorittsporten sin, cricket … Les meir