Nynorsksenteret: Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa


Arkiv for kategorien appar

Anna R. Folkestad: Unni og Gunni (appar)

av Gudrun Kløve Juuhl onsdag 7. november 2012

No finst bøkene om dei to handlekraftige pingvinane Unni og Gunni som appar til nettbrett. Både Unni og Gunni reiser og Unni og Gunni malar er tilgjengelege, og til og med den nye Unni og Gunni gjer det fint, som ikkje er komen på papir enno.

Pingvinane er seg sjølve også på nettbrett. Appane er fyrst og fremst bøker som les seg sjølve høgt, men det er også ting ein kan få til å skje på boksidene, og så er det lydeffektar som saftslurping og strikkepinneknitring. «Veldig gøy med den rullegardina, for då vart det heilt mørkt», seier Dagny, fem og eit halvt, om Unni og Gunni gjer det fint. «Og veldig gøy når Unni og Gunni rørte på seg». I tillegg kjem det med ein bilet-lotto om Unni og Gunni til kvar bok.

Les meir »

Kari Stai: Jakob og Neikob (app)

av Janne Karin Støylen onsdag 28. desember 2011

Barnebok-app for lesebrett

Ein rålekker, kvit Ipad 2 låg inne i bursdagspapiret på 38-årsdagen min for litt sidan. Først fleire dagar seinare fekk eg prøve han sjølv, då hadde ungane lasta ned alt frå Fifa 12 til Angry Birds. No er det derimot ein annan applikasjon dei opnar aller oftast: Den nye barnebok-appen Jakob og Nekob er ikkje berre den mest brukte heime hjå oss, han låg òg på toppen av salslistene i haust

Jakob seier JA! til alt og Neikob seier NEI! til alt. Slikt vert det trøbbel og krokodillemat av. På lesebrettet kan borna aktivere mange artige effektar. Jakob og Neikob seier orda sine, krokodiller brøler, lampene skrur seg på og av og bilen brummar bortover vegen. Innlesinga skrur du på og av som du vil. Eit lite spel er også med.

Samlaget har lykkast særs godt i ta med seg Kari Stai sin genistrek over til dette nye mediet.