Kategoriarkiv: barnebøker

Ruth Lillegraven: Skogen den grøne

Ei samling med 44 dikt for born, med skogen som tema. Nokre av dikta er lyse og lette og lokkar deg med på ein skogstur i solskin. Andre er mørkare og handlar om kva som skjer med alt i naturen når hausten kjem, eller når livet tek slutt. For det meste inviterer dikta til å tenkje og filosofere over alt som lever og hender i skogen: Dyreliv, plantar, fantasifigurar, alt som er og som kanskje ikkje er slik det gir seg ut for.
Les meir

Jan-Magnus Bruheim: Trollguten og andre dikt

Jan-Magnus Bruheim var gjennom heile diktarlivet oppteken av å skrive for born. Trollguten er ei samling barnedikt utgjeven i samarbeid mellom Samlaget og Vennelaget Jan-Magnus Bruheim. Dikta er frå 1956–1986 og spenner vidt tematisk. Her er dikt om det å vere barn, om dyr og natur, om troll og skrømt og mykje meir.

Jens Kristensen har illustrert samlinga med ei rekkje draumeaktige, vakre og fantasifulle teikningar som gjer dikta fine å lese og undre seg over saman med born i barnehagen eller skulen. Les dikta som dei står og utforsk nye (gamle) ord og formuleringar i lag etterpå.

Anne Karin Fonneland og Akin Duzakin: Flyg ut kom tilbake

Diktet glid stille som ormen sin veg.
Ser skyer over åsen,
merkar dyra sine hi.
Veit reven sin sti over berget.

(Utdrag frå diktet «Det vi kanskje ikkje ser»)

I Flyg ut kom tilbake har Anne Karin Fonneland skrive ei fin diktsamling for barn i barneskulealder. Med naturen i fokus har dikta eit innhald lesaren kan kjenne seg att i og som gir ei kjensle av tilhøyrsle. Dette gjer dikta tilgjengelege for yngre lesarar.

Les meir

Per Olav Kaldestad: Når sola kjem dettande inn. Dikt for store og små 1990–2004

Nissedikt 1

Julekveld.
Snøen fell.
Mellom tre
tassar det.
Stemme-bulder,
sekk på skulder.
Nissefar
og veslekar
går frå gard til gard.

Når sola kjem dettande inn er ei samleutgåve av dei tre fyrste diktbøkene for born av Per Olav Kaldestad: Sola klappar meg (1990), Denne jorda eg bur på (1998) og Når morgonfrosken syng (2004). Nina Goga har skrive etterordet i denne samleutgåva.

Les meir

Ruth Lillegraven: Eg er eg er eg er

EgeregeregerKjærleik, sakn, utfordingar, meistring, sorg, glede, kvardag og ferie. I diktsamlinga Eg er eg er eg er, den fyrste diktboka hennar for born, skriv Ruth Lillegraven godt om store og viktige emne i livet til dei unge lesarane. Dikta er organiserte etter årstidene, og kvar bolk opnar med ein flott illustrasjon laga av Mari Kanstad Johnsen.

Hovudmålgruppa for dikta er born i alderen 9–12 år, men både forma og innhaldet er slik at dei kan fungera for andre aldrar òg. Sjuåringen heime vart til dømes djupt fascinert av fleire av dikta. Les meir

Odd Nordstoga: Eg og Pontus går i land

Eg-og-Pontus-gaar-i-landIllustrert av Rune Markhus

Dei to trubadurane frå fyrste «Eg og Pontus»-boka går i land i ein by der ingenting er på stell, og der ingen er interesserte i musikken deira. Kaptein Snusk tener godt på at folk er handlingslamma og byen forfell, men heldigvis dukkar det opp ei lita jente som kan vekkja folk med songen sin.

Forteljinga er på rim, og i app-versjonen syng Nordstoga teksten.

Lisbeth Dreyer og Per Ragnar Møkleby: Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar

Konrad KråkebolleSkal du på fjøretur i sommar? Visste du at der kan du møte Bella Blåskjel og Konrad Kråkebolle?

Bella heng
på bryggebein,
kusina heng
på fjørestein.

I boka om Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar møter vi ulike små dyr og skapningar som vi kan finne under steinar i fjøra, i vasskanten eller ute i sjøen. Gjennom små, leikne dikt og teikningar tek forfattar Lisbeth Dreyer og illustratør Per Ragnar Møkleby oss med til ei verd full av dyr frå hav, fjord og strand.

Les meir