Nynorsksenteret: Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa


Arkiv for kategorien dikt

Sølvbåt og stjernevind

av Janne Karin Støylen onsdag 9. november 2011

– Eg har alltid hatt lyst til å skrive dikt for ungar, smiler Hilde Myklebust. Ho er ein av seksten lyrikarar som er representerte i Sølvbåt og stjernevind, den ambisiøse og påkosta barnediktboka frå Mangschou forlag. – Eg hadde faktisk nokre skisser liggjande. Fleire idear. Så fekk eg invitasjonen frå Per Olav Kaldestad om å skrive til denne antologien. Du kan tru eg vart glad!

– Eg har prata mykje med ungar om ord og dikting, skjønar du. Dei siste åra har eg reist på turne med Lurivar, katten i Ivar Aasen-tunet. Eg har skrive teksten til den framsyninga. Vi har besøkt skular i massevis! Les meir »

Erna Osland: Sov søtt, herr Spiss

av Petra J. Helgesen måndag 13. september 2010

Illustrasjon: Inger Lise Belsvik
Mangschou Forlag

Sov søt, herr Spiss er fagbok og biletbok i eitt. Temaet er søvn, og lesaren får vite korleis og kvifor dyr og menneske søv. Erna Osland har skrive ein serie prislønte fagbøker om dyr dei siste åra, og alle har, som denne, teke utgangspunkt i eit tema: mat i Skarpe tenner, foreldre og barn i Fint å ha far, og vennskap i Dyrebare venner. Den nye boka skil seg frå dei føregåande tre ved at målgruppa er yngre, og ved at ho har ei tydeleg todeling av teksten i ein skjønnlitterær del på vers, og ein faglitterær prosadel. Som vanleg skapar Erna Osland engasjement og interesse med ein engasjert og utforskande tekst.
Les meir »

Mary Bente Bringslid: Hunden parabol tenkjer på månen

av Janne Karin Støylen fredag 14. desember 2007

Hunden parabol tenkjer på månen«Det er ingen sjølvsagt ting at eit lite språk i eit lite land satsar så stort på barnelyrikk som ein har gjort innanfor den nynorske tradisjonen. Men det har ein altså gjort, og det er oppsiktsvekkjande både i nasjonal og internasjonal samanheng,» seier barnebokforskaren Ingeborg Mjør.

Dette er den andre diktsamlinga for born av Mary Bente Bringslid. Nett som dikta i debutboka Dei blå revane, set dikta i Hunden parabol tenkjer på månen fantasien i sving.
Les meir »

Mary Bente Bringslid: Dei blå revane

av Janne Karin Støylen torsdag 13. desember 2007

Dei blå revaneIllustrasjon: Inger Lise Belsvik

«Minst ein gong om dagen bør vi høyra ein liten song, lesa eit godt dikt, sjå eit vakkert bilete, og om mogeleg – seia eit par fornuftige ord.» Dette høyrest kan hende ut som mottoet for ein moderne leseaksjon eller kunnskapsløft, men det er eit fleire hundre år gamalt visdomsord av Johann von Goethe.

Gode dikt for born finst det mange av, om ein leitar i den moderne, nynorske barnebokhylla. Mary Bente Bringslid brakdebuterte med denne samlinga i 2003, som ho fekk kulturdepartementet sin debutantpris for.
Les meir »

Oskar Stein Bjørlykke: Hoppe i havet – Dikt for barn

av Janne Karin Støylen tysdag 2. oktober 2007

Hoppe i havetDu berre
du berre såg på meg
du visste med ein gong
kva eg ville ha 

eg visste det nesten
ikkje sjølv ein gong 

men du berre rette
fram handa den gongen

og sa: her er eg 

Oskar Stein Bjørlykke viser endå ein gong korleis han greier å gå inn i barnetankar og -sansingar. Språket er enkelt, som hos eit barn, men kjenslene er store og viktige, som i eit ope barnesinn. Hoppe i havet handlar om dei små tinga, og dei store. Dei store tinga i dei små. Les meir »