Kategoriarkiv: dikt

Lisbeth Dreyer: Luisa og Ugla

Luisa og UglaIllustrert av Gustav Kvaal

Ein gong.

Høgt i eit tre
budde Ugla og eg.

Slik startar Luisa forteljinga om seg sjølv og venen Ugla, og me ser at dei sit saman på ei grein og har det koseleg.

Så byrjar Luisa å høyra kviskring og snakk om at det kanskje ikkje går an at ei ugle og ei jente er bestevener, og ho byrjar tvila sjølv og fell (svært symbolsk) ned frå treet. Ho dreg ut i verda og møter mange underlege par, før ho skjønar at det er ugla ho saknar, og spring tilbake.

Les meir

Bente Bing Kleiva, Per Olav Kaldestad og Even Bøthun: Kribledagar

ISBN: 9788293065418

Utgjevar: Margmedia DA

Kribledagar er boka om Nina som finn eventyr i alt ho ser. Nina er hoppejenta med glitreauge, Nina dansar og er nysgjerrig på alt rundt seg. Kanskje er Afrika like bak huset og kanskje kan ho fly til Venus for å sjå kva som hender der? I Kribledagar finn vi rim og rytme og spenning på kvar side.

Odd Nordstoga og Rune Markhus: Eg og Pontus går for gull

Eg-og-Pontus-gaar-for-gullFor av og til må ein vera skikkeleg uskikkeleg. Har du nokon gong sett ein hest og tenkt at hadde det vore tak i meg, så hadde eg sett meg på den og ridd mot solnedgangen? Har du nokon gong sett på eit fjell og tenkt at hadde det vore litt tak i meg, så hadde eg klatra opp? Har du nokon gong sett ein båt og tenkt at hadde det vore tak i meg, så skulle eg sett meg i den og segla ut på havet? Men så blir det ikkje noko av.

Eg og Pontus er ikkje slik som du. Me tenker oss aldri om to gonger. Me gjer alt det du fant ut at du ikkje tør, ikkje kan, ikkje får lov til eller ikkje gidd likevel. Eg og Pontus gjev jernet. Me vekker til liv ein mørklagd by, lagar fest og musikk, gjev kongen fyken og fiksar ein revolusjon. Alt på ein dag.

Eg og Pontus går for gull er ei bok om å ikkje gro fast i stolputa, om å kome seg ut og lage minst eit eventyr kvar dag. Om at ein av og til må vera.skikkeleg uskikkeleg.

Odd Nordstoga debuterer med eiga bildebok, og dette skjer sjølvsagt i stilsikker verseform. I eit oppdatert eventyrunivers snur Eg og Pontus opp ned på byen, og i full fart går det frå einevelde til demokrati. Treffande illustrert av prisvinnande og kritikarroste Rune Markhus.

Boka finst òg som ein app der Odd Nordstoga syng forteljinga.

Sølvbåt og stjernevind

– Eg har alltid hatt lyst til å skrive dikt for ungar, smiler Hilde Myklebust. Ho er ein av seksten lyrikarar som er representerte i Sølvbåt og stjernevind, den ambisiøse og påkosta barnediktboka frå Mangschou forlag. – Eg hadde faktisk nokre skisser liggjande. Fleire idear. Så fekk eg invitasjonen frå Per Olav Kaldestad om å skrive til denne antologien. Du kan tru eg vart glad!

– Eg har prata mykje med ungar om ord og dikting, skjønar du. Dei siste åra har eg reist på turne med Lurivar, katten i Ivar Aasen-tunet. Eg har skrive teksten til den framsyninga. Vi har besøkt skular i massevis! Les meir

Bjørndal, Olaug, Bjørndal, Olaug – Blå (2011)

ein blå time til dessert

ISBN: 9788230317648

Utgjevar: Olaug Bjørndal

Olaug Marie Bjørndal (f. 1949) kjem frå Hatlestrand i Kvinnherad. Ho er utdanna fagarbeidar i barne- og ungdomsarbeid og har arbeidt mange år i barnehage. Dette er Olaug Bj¿rndals tredje bok. Dei to fyrste er barneb¿ker i Marie-serien. Blå er hennar fyrste lyrikk-bok, som ho gav ut etter å ha gått 2 år på dikt-kurs. Boka er rikt illustrert med hennar eigne naturfoto.