Teresa Grøtan: Klara kan – mykje rart om klede
av Petra J. Helgesen måndag 16. januar 2012
I Klara kan – mykje rart om klede finn Klara ut at klede er laga av dei merkelegaste ting: plastflasker, ormespytt, bambus, brennesle, bananar, kaffi, korn og mjølk. Klara er ei nysgjerrig jente som spør og spør heilt til ho finn svara, og ho fortel vennene sine kva ho har funne ut. Det dumme er at røynda av og til kan vere så merkeleg, at vennene hennar ikkje trur på alt ho seier.
Teresa Grøtan har med andre ord ikkje skrive rein sakprosa denne gongen. I 2009 gav ho ut Globaliseringsboka, ei debattbok for ungdom om konsekvensar av globalisering. I den boka kopla ho personlege erfaringar og fakta på ein treffsikker måte. Med denne nye serien om Klara, rettar ho seg inn mot ei yngre målgruppe, fortsatt med faktaformidling som ei viktig målsetjing, men her er kunnskapen ramma inn av ei skjønnlitterær forteljing. Les meir »

Det norske samlaget 2011
Illustrasjon: Inger Lise Belsvik
