Kategoriarkiv: forlagsomtale

Saker i denne kategorien er bokomtalar skrivne av forlaga.

Überrevolusjon

Kvar oppstår ein revolusjon? Kva utløyser ein revolusjon? Er det undertrykking eller mangel på mat? Båe delar, eller ei anna årsak? ÜberRevolusjon er den fjortande Über-antologien sidan byrjinga i 2012. Til antologien har sju norske teikneserieskaparar laga sine historier om revolusjon. Alt frå duer som vil ha brød, til klovnar som ikkje får lov til å le. Alle dei sju seriane er på nynorsk.

Bidragsytarar: Regine Holst, Victoria Hamre, Vinter, Trine Normann, Kristoffer Lindseth, Are Edvardsen og Jey Levang.

Dan Höjer og Peter Demervall: Superrask, Supersmart og Supersterk

Frå svensk ved Ole Jan Borgund

Kor fort køyrer den raskaste berg-og-dal-banen i verda? Har storleiken på hjernen noko å seie? Kva er det meste eit menneske har løfta?

Dei tre faktabøkene Superrask, Supersmart og Supersterk gjev lesarane morosame fakta om muskuløse folk, smarte dyr, raske menneske og mykje anna. Bøkene kombinerer tankevekkjande fakta med tøffe illustrasjonar.

Bøkene er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Utdrag frå bøkene: Les meir

Anna R. Folkestad: Krabbekrise

krabbekriseNy bok i serien om Besta og Bo!

Besta og Bo vil vinne konkurransen om å fiske flest krabbar. Men krabbane bit ikkje på. Så gjer Besta noko heilt vilt. I typisk Besta-stil.

Krabbekrise er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Les meir

Bente Bratlund og Odd Henning Skyllingstad: Feriefiasko

feriefiaskoAndre bok om Bea!

Sommarferien er rett rundt hjørnet, og alle gler seg til sol og sommar og ferietur. Ida skal til Italia, Ella skal til besteforeldra, og Bea seier ho skal noko hemmeleg. Noko veldig hemmeleg og veldig spennande. Ho må berre finne ut kva det hemmelege spennande kan vere. Og det er ikkje så lett når ferien berre er heime.

Men ein dag skjer det noko. Og det er berre Bea som ser det.

Les meir

Vegard Markhus: Full fart!

full_fartAndre bok om Rine og Ravi

Rine og Ravi gler seg til skitur med klassen. Men Lærar-Knut går altfor fort! Og pausar er for pyser, seier han. Så vil Lærar-Knut ta ein snarveg utanfor løypa. Det skulle han aldri ha gjort.

Full fart! er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland. Nivå 2.

Les meir

Moni Nilsson og Elin Lindell: Påfunn i Paradis

Frå svensk ved Øystein Rosse.

Slatten har ingen å leike med. Det har han nesten aldri. Det er ganske så trist. For om ein ikkje kan å spele fotball, får ein ikkje vere med. Men når det flyttar ei ny jente inn i Paradis blir alt så mykje meir morosamt. Ho heiter Kaka, og har auge som skin som gull. Og ho er glad i å finne på heilt nye ting.

Slik byrjar serien Påfunn i Paradis. Gjennom fem bøker følgjer vi Slatten og Kaka på eventyr i nabolaget.

Bestevener er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Les meir