Kategoriarkiv: forlagsomtale

Saker i denne kategorien er bokomtalar skrivne av forlaga.

Lars Mæhle: Bouvetøya 2052

Bouvetøya 2052Klima-thriller lagt til framtida.

Året er 2052. Startskotet går for tidenes heftigaste nett-reality, ein klimakonkurranse på isolerte Bouvetøya i Sørishavet.

Ein ungdom frå kvar verdsdel, kvar med sine unike eigenskapar, skal knive om enorme pengesummar. Dei skal vere offline i tre dagar, mens resten av verda kan følgje dei gjennom liveoverføringar. Men er Bouvetøya 2052 verkeleg ein sjanse til å endre planetens framtid? Mot si vilje blir den norske aktivisten Roland vikla inn i eit spel på liv og død.
Les meir

Alf Kjetil Walgermo: Kjære søster

kjære søsterNår eit menneske døyr i dag, står gjerne Facebook-veggen igjen etter det. I mange tilfelle lever veggen vidare, som ein stad der slekt og vener vender seg direkte til den avdøde. Profilen blir ei minnebok, men også ei slags forlenging av livet.

Etter at Amalie døyr, begynner storesøstera Eli Anne å skrive til henne på veggen hennar. Ho skal snart legge profilen ned – ta ein endeleg avskjed – men kvir seg for å ta det siste steget. Eli Anne skriv på veggen til Amalie og ser attende på forholdet deira: på endringar av status, på løgner og sjalusi, men også på kjærleiken mellom to søstrer. Les meir

Rune Belsvik og Kari Stai: Kjendisen

kjendisenAlle dei vaksne i Tullevik gler seg til at den populære kjendisen skal komma til bygda og synga for dei. Men det er berre Mo som veit at kjendisen har ramla ned i ei bratt grop i skogen og verken har mobil eller nokon til å hjelpa seg. Dette skal han visa til Unn, som han er så innmari forelska i!

Kjendisen er Rune Belsvik på sitt beste. Umiskjenneleg, spennande, varm og hylande morosam.

Boka finst også som lydbok.

Vegard Markhus: Epleslang

epleslangFørste bok om Rine og Ravi – og om ein lærar litt utanom det vanlege.

Rine og Ravi liker å lære nye ting. Men på skulen er ikkje dette lett. Lærar-Knut er nemleg veldig glad i bråk og tull, og han er ein meister i dårlege idear. Og ein må vel gjere slik læraren seier? Epleslang er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Leseland-bøkene er fagleg funderte og utvikla i samarbeid med leseforskarar, og serien skal dekkje alle ferdigheitsnivå.

Leseland. Nivå 2.
Les meir

Atle Berge og Henning Lystad: Matias Maradona

Matias MaradonaFjerde bok i serien om Barcelona-gjengen! Bøker som tek fotball alvorleg og set spelet i sentrum.

Barcelona-gjengen skal spele cup. Endeleg skal dei få møte FK Maradona! På skulen har alle snakka om cupen heile veka. Men så skjer det utenkjelege: Matias rekk ikkje bussen. Han har blitt gløymd att av sitt eige fotballag! Matias er lei av å bli gløymd, lei av å sitje på benken og lei av å ikkje bli bytt inn. Så kva gjer han når han blir spurd om å spele spiss på FK Maradona? Matias Maradona er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Leseland-bøkene er fagleg funderte og utvikla i samarbeid med leseforskarar, og serien skal dekkje alle ferdigheitsnivå. Leseland. Nivå 3.
Les meir

Anna R. Folkestad: Tanntrøbbel

TanntrøbbelBli kjend med Besta og Bo!

Besta har så vondt i ei tann! Men tanna vil ikkje ut, og Besta vil ikkje til tannlegen. Korleis kan Bo hjelpe Besta ut av tannknipa?

Tanntrøbbel er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapt for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland.
Nivå 1.
Les meir