Nynorsksenteret: Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa


Arkiv for kategorien humor

Rune Belsvik: Verdas mest forelska par & Tøddel Blisterplytt

av Janne Karin Støylen onsdag 6. februar 2008

Tøddel BlisterplyttVerdas mest forelska par (2001)
Tøddel Blisterplytt (2005)

Illustrerte av Inger Lise Belsvik

«Alle stader i verda finst det eit forelska par. I dei største byar og i dei minste bygder. Alltid er det eit forelska par der. Berre følg nøye med der du bur. Høyr etter kviskring og fnising. Sjå etter to som går tett saman under ein paraply. Dei finst overalt. Dei er så forelska at ingenting anna betyr noko for dei. I Bløygen var det Bidger og Esmiluni. Dei budde på toppen av Bløygenbakken. Av og til var dei så forelska at utelampa blinka. Bidger og Esmilini. Esmiluni og Bidger. Dei var dei rette for kvarandre.» Les meir »

Arnfinn Kolerud: Zoomarferien

av Janne Karin Støylen tysdag 22. januar 2008

Zoomarferien«Jeg kjenner ingen som kan måle seg med Kolerud når det gjelder presise, følsomme og likevel varme beskrivelser av veien ut av barndommen.» (Morten Haugen, Adresseavisa)

Ungdomsromanen Zoomarferien er ein relativt frittståande oppfølgjar til den prislønte oppvekstromanen Den som ikkje har gøymt seg no frå 2004.

Vi møter att 14-åringane Odd og Per Tore, som skal vere heime heile sommarferien. Per Tore har fått nytt fotoapparat, og vil satse på å tene pengar på snikfotografering og utpressing. Første mål for paparazzoane er ei jente i parallellklassen som kanskje skal besøkje besteforeldra sine som bur i nærleiken. Dei har ein hest ho brukar å ri på. I fjor sommar var ho der ein gong utan å ri på hesten, då låg ho berre og sola seg i ein blå bikini. Kanskje er bikinien blitt for liten i år?
Les meir »

Ragnar Hovland: Verdt å vite (trur eg)

av Janne Karin Støylen tysdag 4. desember 2007

Verdt å vite«Ei oppslagsbok for unge i alle aldrar om kva som er verdt å vite i livet,» seier framsideteksten. Dei små tekstane er organiserte alfabetisk, og slik er det ei opplagsbok ein kan lese mykje eller lite i, ein kan lese kva ein vil, kvar ein vil, og i kva rekkjefølgje ein vil. Dette er ein flott introduksjon til Ragnar Hovland sin forfattarskap for unge lesarar. Som lesar står du svært fritt med denne boka i handa. Slik er det godt å ha det som ung, kanskje uvand lesar.
Les meir »

Lars Mæhle: Harry og Ivar i Junaited Statesen

av Janne Karin Støylen torsdag 27. september 2007

Harry og Ivar i Junaited StatesenEndeleg er karane Harry og Ivar tilbake etter den spennande og morosame oppfinnarkonkurransen i boka Harry og Ivar finn opp krutet. Harry har handla mykje blåbærbrus og tv-spel for millionen Ivar vann i konkurransen. Snart er det tomt! Harry har meldt seg på VM i plystring i Las Vegas, akkurat exactly! Og vinnaren får 100 000 dollars i moneys! Les meir »