Nynorsksenteret: Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa


Lettlesne bøker

Her finn du lettlesne nynorskbøker. Ei meir utfyllande liste med lettlesne bøker og andre tilrettelagde bøker med nynorsk tekst finn du på boksok.no.

Linn T. Sunne: Saiko

av Petra J. Helgesen onsdag 4. mai 2011

Hurra! Hurra for Kometbøkene til Samlaget og hurra for Linn T. Sunne! Vi treng fleire gode lettlesne bøker for ungdom, og med «Saiko» leverer Samlaget og Sunne nok ein gong. Førre boka vi fekk var «Blå blondie», og da som no handlar det om ei ung jente i krise, om forelsking og om å få kontroll over eige liv.

Jentene til Sunne endar aldri opp med dei gutane dei trudde dei skulle ende opp med. Dei har ikkje styring på vala sine. Katti i «Blå blondie» har ei kreftsjuk søster og strever med å finne ein eigen plass i familien, og guten ho er forelska i endar opp med venninna. Ella i «Saiko» lar seg presse til å gjere det stikk motsette av det ho eigentleg vil: Ho blir saman med rånaren Steinar i staden for den brunøygde Simon. Medan Katti etter kvart blir saman med ein annan og betre, og vinn kontrollen gjennom det, er Ella sin veg mot sjølvstyre langt tøffare. Les meir »

Arnfinn Kolerud: Jakta på Andy Anderssons Eftf.

av Janne Karin Støylen fredag 3. september 2010

Illustrert av Per Ragnar Møkleby.

Nokon har skrive eit stort, raudt ord på den kvite husveggen til Rikke. IDIOT, står det. Det kunne ha vore verre, seier mor. Det kunne ha vore eit ord på P. – Eller K, seier far. – Eller F. – Eller S. – Eller H. – Å? seier Rikke. – Nei, seier mor. – Ikkje Å.

Komet-serien, lettlesen-satsinga til Samlaget, vert supplert med heile fem nye titlar denne hausten. Arnfinn Kolerud har skrive Jakta på Andy Anderssons Eftf. – Er det ei kriminalforteljing, lurer eg på. – Nei, det er vel ikkje nokon som har gjort noko straffbart akkurat, ler forfattaren. Opprulling, omvegar, lause trådar og heilt overraskande slutt er det i alle fall. Ei spennande forteljing i ein tekst full av språkleik, slikt som Kolerud alltid morar lesaren med. Denne eigenskapen får ekstra verdi når lesaren kanskje ikkje er så glad i bokstavar og ord frå før.
Les meir »

Terje Hellesen: Kvalen Blå dansar salsa

av Janne Karin Støylen torsdag 15. mai 2008

Kvalen Blå dansar salsaIllustrert av Anna Fiske 

Mange etterlyser lettlesne bøker på nynorsk. Kometserien er ein serie lettlesebøker for barn, fordelt på fire trinn. Bøkene er lette å kjenne att med blå farge på omslaget, ein oval illustrasjon og ei stjerne med farge som fortel kva aldersgruppe boka er tenkt til. Denne boka er ein oransje komet og høver såleis best for lesarar mellom 10 og 12 år.
Les meir »

Ragnar Hovland: Brevet

av Janne Karin Støylen tysdag 2. oktober 2007

Brevet«Jon bur aleine saman med mor si. Ein dag kjem eit brev i posten. Mora seier – Det er eit brev til deg, Jon. (…) Jon går inn på rommet sitt og les brevet. Han les det to gongar. Så veit han at dette er ein spesiell dag. – Eg må dra, seier Jon til mor si. – Eg veit ikkje om eg kan bu her lenger.» Om lesaren er kjend med skrivestilen og tematikken til Ragnar Hovland, vil han sjå at dette er ei typisk innleiing til ei typisk forteljing. Les meir »

Bjørn Sortland: Triks

av Janne Karin Støylen tysdag 2. oktober 2007

Triks– Du har gått i snart eitt år og vore forelska. Du må gjera noko. Du må overraska henne før ho reiser. Eg kan hjelpa deg. Eg veit om nokre triks. 

Den 16-årige guten som er hovudperson i denne boka vil gjerne få seg ei dame. Og ikkje kven som helst. I kjellaren bur den vakre utvekslingsstudenten Janice. Ho har jogga ei mil og pressa fruktjuice før vekkarklokka hans har ringt. Ho les bøker om interiørdesign og er pen som i ein såpeserie frå eit collegemiljø. Liknar litt på Liv Tyler i Ringenes herre. Litt yngre. Alltid raude lepper … Men å snakke med henne? Les meir »