Nynorsksenteret: Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa


Lydbøker

Her finn du nynorske boktitlar som finst som lydbøker. Fleire lydbøker på nynorsk finn du mellom anna på sida til Lydbokforlaget.

Carl Frode Tiller: Innsirkling 1 & 2

av Øystein Espe Bae måndag 17. januar 2011

Carl Frode Tiller kom hausten 2010 ut med sin andre roman i trilogien Innsirkling, ein trilogi som har fått rosande merksemd og mange utmerkingar. I desse intenst urolege bøkene handlar det om unge menneske som alltid er i ei desperat og djup psykologisk krise.

Innsirkling 1

Innsirkling 1 handlar primært om dei tre forteljarane Jon, Arvid og Silje – og til ei viss grad om den minnelause David, som er avbilda på smussomslaget på romanen. Lesaren får eit klaustrofobisk innblikk inn i den håplause kvardagen deira, og vi får kjenne på kor vanskeleg det kan vere å vekse opp i eit konformt småbymiljø når ein har eigne tankar både om kven ein er og kven ein vil bli. Les meir »

Maria Parr: Tonje Glimmerdal

av Janne Karin Støylen onsdag 23. september 2009

tonjeglimmerdalIllustrert av Åshild Irgens

Under dyna heime hjå oss ligg to gutar. Den eine vert fem år til jul og den andre er nett fylt ti. Regnet hamrar på taket. I det skrå skinet frå nattbordlampa ser vi kartet på innsida av permen i den nye boka. Vardetind, Glimmerhornet og Veslehammaren rammar inn Glimmerdalen med Gunnvald sin gard og Tonje sin gard. Sommarfjøsen og huset til Sally. Elva vert breiare ned mot Hagen helsecamping. Heilt nede ved fjorden ligg trygdebustadene, kaia og kiosken. Det er 11 km til Barkvika og 63 km til byen. No blar vi om og reiser til Glimmerdalen i lag.
Les meir »

Godnattboka

av Janne Karin Støylen onsdag 4. juni 2008

GodnattbokaIllustrert av Gunvor Rasmussen

– Trøbbel med å sove, Finn? Tigeren dukkar fram frå gøymestaden under senga så snart foreldra til Finn går inn i stova. Bestefar fortel at det er skumle dyr under sengene til alle born i heile verda, nokon har ein hoggorm, andre ei krokodille. Sjølv hadde han ein flodhest. Slike skumle dyr er alltid veldig snille, seier bestefar. «Yo, Finn,» helsar tigeren, «kul togbane!» Når Finn ikkje får sove fortel tigeren lenge og detaljert om favorittsporten sin, cricket … Les meir »

Maria Parr: Vaffelhjarte

av Janne Karin Støylen laurdag 12. april 2008

VaffelhjarteIllustrert av Bo Gaustad.
«Det er noe litt gammeldags ved tittelen. Og for så vidt er det noe litt gammeldags ved fortellingen også, men det gjør ingenting. Fortellingen er så god at en har lyst til å proklamere en kommende stjerne!»
(Inger Østenstad, barnebokkritikk.no)

Trille er sikker på at nabo Lena er bestevennen hans. Men han er ikkje like sikker på om han er bestevennen til Lena Lid. Med Pippi sitt dumdristige initiativ og «hyss» som ikkje står noko tilbake for dei kreative skøyarstrekane til Emil, dreg ho Trille med på dei viltraste påfunn, ofte inspirerte av noko dei har lært av dei vaksne. Les meir »

Lene Kaaberbøl: Skammarserien

av Arild Torvund Olsen fredag 21. desember 2007

Skammarens dotterSkammarens dotter, Skammarteiknet, Slangens gåve og Skammarkrigen
Omsette av Øystein Rosse

Når ein opnar den fyrste boka i skammarserien, fell augo på ei samling med kart over landområde, byar og borgar. Eg ser det som eit lovande teikn når ei bok har med slike kart, og det skulle snøgt syna seg at alle vonene eg fekk, vart innfridde. Etter nokre få sider vert ein hekta, og ein får knapt til å leggja frå seg bøkene før ein er ferdig med heile serien.

I serien møter me Dina, som bur saman med mor si og to sysken. Dina har arva skammarevna frå mor si, ei evne som gjer at ho, ved å sjå på folk, kan få dei til å skamma seg for og tilstå alt det galne dei har gjort. Det gjer at nesten ingen torer sjå Dina i augo. Andre viktige personar i serien er Davin, som er bror til Dina, og fyrstesonen Nico.
Les meir »