Kategoriarkiv: lydbøker

Roald Kaldestad: Heavykatten og gitaren

Heavykatten har fått ny gitar og er veldig stolt. Men ein morgon når han vaknar, er gitaren borte. Nokon må ha stole han, men kven? Det viser seg at mange gitarar av det same merket blir borte på mystisk vis. Heavykatten er fortvila. Han skulle jo vere med på den store konkurransen der han kan vinne 1000 kr eller ein geitost. Pinnsvinet Phillip og Discodansemusa hjelper til.

Dette er bok nr. 4 om dei tre tidlegere uvenene. Humor og fart og spenning. Gjennomillustrert i svart-kvitt av Ella Okstad.

Boka finst også som lydbok.

Maria Parr: Tonje Glimmerdal

tonjeglimmerdalIllustrert av Åshild Irgens

Under dyna heime hjå oss ligg to gutar. Den eine vert fem år til jul og den andre er nett fylt ti. Regnet hamrar på taket. I det skrå skinet frå nattbordlampa ser vi kartet på innsida av permen i den nye boka. Vardetind, Glimmerhornet og Veslehammaren rammar inn Glimmerdalen med Gunnvald sin gard og Tonje sin gard. Sommarfjøsen og huset til Sally. Elva vert breiare ned mot Hagen helsecamping. Heilt nede ved fjorden ligg trygdebustadene, kaia og kiosken. Det er 11 km til Barkvika og 63 km til byen. No blar vi om og reiser til Glimmerdalen i lag.
Les meir

Maria Parr: Vaffelhjarte

Illustrert av Bo Gaustad.

«Det er noe litt gammeldags ved tittelen. Og for så vidt er det noe litt gammeldags ved fortellingen også, men det gjør ingenting. Fortellingen er så god at en har lyst til å proklamere en kommende stjerne!»
(Inger Østenstad, barnebokkritikk.no)

Trille er sikker på at nabo Lena er bestevennen hans. Men han er ikkje like sikker på om han er bestevennen til Lena Lid. Med Pippi sitt dumdristige initiativ og «hyss» som ikkje står noko tilbake for dei kreative skøyarstrekane til Emil, dreg ho Trille med på dei viltraste påfunn, ofte inspirerte av noko dei har lært av dei vaksne. Les meir

Rune Belsvik: Verdas mest forelska par & Tøddel Blisterplytt

Verdas mest forelska par (2001)
Tøddel Blisterplytt (2005)

Illustrerte av Inger Lise Belsvik

«Alle stader i verda finst det eit forelska par. I dei største byar og i dei minste bygder. Alltid er det eit forelska par der. Berre følg nøye med der du bur. Høyr etter kviskring og fnising. Sjå etter to som går tett saman under ein paraply. Dei finst overalt. Dei er så forelska at ingenting anna betyr noko for dei. I Bløygen var det Bidger og Esmiluni. Dei budde på toppen av Bløygenbakken. Av og til var dei så forelska at utelampa blinka. Bidger og Esmilini. Esmiluni og Bidger. Dei var dei rette for kvarandre.» Les meir

Rune Belsvik: Tjuven

Illustrert av Kari Stai.

Jolver kjedar seg. Han går ned til Bob. Han håpar at søskenbarnet til Bob ikkje er der. Søskenbarnet bestemmer ofte at Jolver ikkje får vera med og leika. Men i dag spør søskenbarnet om Jolver vil bli med inn i bua. Korfor skal vi i bua? spør Jolver. Der inne står alt Eline. Bob seier Jolver skal få sjå noko stilig. Det er eit blad med nakne damer. Jolver har aldri sett noko så fint før.

Boka finst også som lydbok.

Anna Gavalda: Saman er ein mindre aleine

Omsett av Tove Bakke

«Jeg har lurt både kona og datteren min til å lese nynorsk, jeg!» Den stolte journalisten eg hadde på tråden ville gjerne fortelje om den flotte leseopplevinga familien nettopp hadde delt. Boka som hadde fått dei innbitne sidemålsmotstandarane han budde saman med til å kose seg med ei nynorsk omsetjing, var den franske suksess-romanen Saman er ein mindre aleine.

Omsett til 36 språk. Over to millionar selde i Europa. Det er ein retteleg bestseljar vi presenterer i dag. Med sine 611 sider kvalifiserer den vel også til nemninga «murstein». Forteljinga er stor i dobbelt forstand. «En sprudlende herlig roman», melde Terje Stemland i Aftenposten.
Les meir

Rune Belsvik: Dustefjerten og den store sommarferieturen

Illustrert av Turi Frantze Lauenborg

Dette er den sjette og foreløpig siste boka i serien om Dustefjerten og naboane hans i det vesle landet ved bekken. Dei første fem forteljingane er samla i Den store stilige Dustefjert-boka.

No er sommaren komen, og det er tid for den store sommarferieturen. Snart er alle på veg ein stad dei aldri har vore før. Dustefjerten vonar nokon blir sjuke, så dei må gå heim igjen.
Les meir

Godnattboka

GodnattbokaIllustrert av Gunvor Rasmussen

– Trøbbel med å sove, Finn? Tigeren dukkar fram frå gøymestaden under senga så snart foreldra til Finn går inn i stova. Bestefar fortel at det er skumle dyr under sengene til alle born i heile verda, nokon har ein hoggorm, andre ei krokodille. Sjølv hadde han ein flodhest. Slike skumle dyr er alltid veldig snille, seier bestefar. «Yo, Finn,» helsar tigeren, «kul togbane!» Når Finn ikkje får sove fortel tigeren lenge og detaljert om favorittsporten sin, cricket … Les meir